Regnar det sidelengs, er du fanga i hamsterhjulet eller berre saknar du jula – slik ho var i barndommen? Her er noko av det som kjem på NRK i desember som forhåpentlegvis kan få deg til å senke skuldrene og glede deg til jul.
Oppskrift på julestemning:
Følg ein julekalender (eller fleire)
Få julestemning i øyret
Ein langt nyare tradisjon enn kalendrane er Julestemning med Live og Ronny. Den populære julepodkasten har blitt «fast følgje» for mange gjennom adventstida.
Nitimen har både Julekalas med Kringkastingsorkesteret (18. desember) og juleverkstad gjennom heile desember.
Høyr julemusikk
NRK Super Jul speler julemusikk for heile familien, og på NRK Klassisk jul får du vakre, klassiske julestykke.
På TV kan du få med deg konsertar med alt frå Kringkastingsorkesteret og Kajsa Balto til julehitparade med Mariah Carey.
Følg tradisjonane («same procedure every year»)
Det blir Kvelden før kvelden i år og – sjølvsagt med Grevinnen og hovmesteren rundt kl. 21. NRK vågar ikkje anna. Marte Stokstad og Kåre Magnus Bergh er vertskap for sendinga som er blant NRKs mest sette program.
Ein god julemorgon
Den 24. har mange sin eigen «TV-liturgi»: Nokon MÅ berre få med seg vakre Askepott eller den lune stemninga i Disney-kavalkaden.
Men har du oppdaga Snøbarnas juletime? Det er ei samling med magiske juleeventyr frå Norden, med kjenningar som Solan og Ludvig og mummitrolla, men også med islandske Stivbeinten og dei tolv brørne hans og meir til.
Kva gir deg mest julestemning?
Program å kose seg med
Livet langt frå allfarveg
Nokre NRK-program er eigentleg ikkje juleprogram, men har likevel blitt ein juletradisjon, eller førjulstradisjon. Eit eksempel på det er serien Der ingen skulle tru at noko kunne bu. No er seks nye episodar av den folkekjære serien ute.
- Sjå serien i NRK TV eller på NRK1 på søndagar. Les meir om denne sesongen her.
Inga romjul utan sjakk!
Magnus Carlsen er regjerande verdsmeister i forkant av årets VM i lyn- og hurtigsjakk. Denne gongen blir meisterskapen arrangert i New York. NRK sender all dramatikken direkte frå 26. til 31. desember, og Ole Rolfsrud leiar sendingane.
Journalistikken du ikkje visste du ville ha
I romjula kjem også det nye programmet A-laget der atypiske journalistar intervjuar dei største namna i norsk offentlegheit. Statsminister Jonas Gahr Støre er først ut. Han må blant anna svare på om han har bada i pengar. Spørsmåla kan vere overraskande, uføreseielege, nokre gonger morosame eller rørande, men alltid heilt oppriktige og utan baktankar. Det gjer noko med den som blir intervjua: Maska fell.
- Les meir om A-laget her. Premiere 3. juledag.
Familien Nerdrum
Denne dokumentarserien gir ei sjeldan moglegheit til å bli kjent med ein av Noregs mest fascinerande og omstridde kunstnarar. Den norske kunstnaren Odd Nerdrum opnar dørene til livet på garden utanfor Stavern. Der bur han bur saman med kona si, vaksne barn og dei personleg utvalde elevane sine.
- Premiere 2. juledag
Eit unikt liv
Dei som liker podkast, kan glede seg til Prix Europa-vinnar Joakim Førsunds portrett av Liv Ullmann. I Historier fra virkeligheten: Liv kjem han tett på Ullmanns liv og virke.
- Premiere 1. juledag.
Publisert 01.12.2024, kl. 11.12