I dag klokken 13 utropes det en ny vinner av Nobelprisen i litteratur.
Fjorårets vinner synes det er vanskelig å gjette på hvem det blir, men nevner den kinesiske forfatteren Can Xue (71).
– På spelelistene ligg Can Xue høgt. Så kanskje det er hennar år, sier Jon Fosse.
Det er gått et år siden fjorårets kunngjøring. Da var det den norske forfatteren Jon Fosse sitt navn som ble lest opp av Mats Malm, sekretær ved Svenska Akademien, i Stockholm.
Og hva er det Jon Fosse tenker på når han tenker tilbake på dette øyeblikket - et år etter?
– Det er sjølvsagt då eg sat i bilen min og køyrde langsmed Osterfjorden og Mats Malm ringde og sa at eg fekk nobelprisen, skriver Fosse i et e-postintervju med VG.
Han fortsetter:
– Inst inne hadde eg nok hatt ei aning om at eg før eller seinare kanskje kom til å få prisen, men eg trudde ikkje at eg kom til å vinna i fjor. Det var tiande året på rad eg hadde vore med i spekulasjonane, så kvifor vinna den tiande gongen når eg ikkje hadde vunne dei ni gongene før.
Slik beskriver han følelsene som kom etterpå:
– Fyrst overrasking, og så glede, og så vantru.
– Hvordan forandret den telefonen/det øyeblikket livet ditt?
– Eg gjekk jo brått frå å vera forfattar og dramatikar og til å bli nobelprisvinnar. Det merkar eg er eit ganske stort steg.
– Eg har fått mengder av gratulasjonar, og ikkje minst invitasjonar til alt mogeleg. Eg har takka nei til nesten alt, men for eit par veker sidan drog eg til dømes til Spania for å bli æresdoktor i Santander.
– Hvilken betydning har prisen hatt for deg og forfatterskapet?
– Eg har vore av dei forfattarane som sel lite og ingenting, men i fjor selde eg svært mange bøker, både i Noreg og i andre land. Det hadde eg ikkje trudd skulle skje, sier Fosse.
Siden kunngjøringen i fjor har Samlaget solgt over 100.000 eksemplarer av papirbøkene til Fosse - og på lyd er det over 50.000, opplyser forlaget.
– Salget fordeler seg på mange titler, men «Septologien», «Trilogien», «Morgon og kveld» og «Naustet» utmerker seg, opplyser Karin Helgøy i Samlaget til VG.
Etter kunngjøringen, måtte hans agent Gina Winje, ansette flere personer for å håndtere alle forespørslene.
– Ho seier at ho har inngått rundt to hundre kontraktar, og at eg no er omsett til omtrent seksti språk, forteller Fosse som sier at det føles ut som om telefonen aldri sluttet å ringe etter samtalen med Mats Malm:
– Ja, det kjennest som eit før og etter. Men det med telefonen må lesast som eit bilete: eg tek aldri telefonen om eg ikkje veit kven som ringjer.
Før selve Nobelpris-uken i Stockholm i desember i fjor, sa Fosse til VG at han takket nei til alle arrangementene han ikke var nødt til å være med på.
I dag sier han at han ble overrasket over hvor godt organisert og avslappet alt var.
– Eg var jo forferdeleg nervøs og kvidde med meir enn sunt er. Men då eg fyrst var i Stockholm så gjekk det liksom slag i slag.
– Eg vart svært godt motteken på alle vis, med fast attasjé og fast sjåfør.
– Høgdepunktet var nok då eg fekk overrekt medalje og diplom av kongen. Då var eg liksom formelt nobelprisvinnar. Elles gjorde det svært godt å bli ferdig med nobelføredraget, forteller Fosse.
Se Fosses høydepunkt her:
Et annet høydepunkt fra dette året er denne spesielle hilsenen:
– Eg vart svært overraska og rørt for den personlege gratulasjonen pave Frans sende til meg.
Før Nobelprisutdelingen hadde Fosse snakket om at han ikke likte denne type ståhei:
– Nei, slettes ikkje. Og sjølv om eg håpte på å få Nobelprisen, så grudde eg meg minst like mykje.
Han grudde seg blant annet til å snakke foran så mange folk. Det nobelprisvinnerne er forpliktet til å gjøre, er nemlig å holde et foredrag.
Se hele Jon Fosses Nobelforedrag her:
– Det gjekk bra, synest eg. Såpass skakt som det gjekk, måtte det nesten gå. Og det blir svært lenge til eg held mitt neste føredrag.
Han forteller at året som har gått først og fremst har vært travelt:
– Fyrst i sommar då eg budde i Austerrike og hadde rydda tidsflater utan forstyrringar fekk eg tid til å skriva noko eige igjen, og det gjorde godt.
Nylig tuslet Fosse den korte veien fra kunstnerboligen Grotten - som ligger i utkanten av Slottsparken - opp til audiens hos kongen på slottet.
Tidligere i år mottok han nemlig Storkors av St. Olavs Orden - som den tredje forfatteren gjennom tidene.
Hva han og kongen snakket om?
– Det får bli mellom kongen og meg. Men eg synest vi hadde eit triveleg møte. Vi er heldige som har ein konge som Harald, og ein kronprins som Haakon. Det må ein ikkje gløyma i alt spetakkelet kring «kongefamilien».
Så hvor går veien videre i Fosses forfatterskap nå?
– Den går der den går. Til neste haust her eg premiere på eit nytt stykke på Det Norske Teatret og så blir romanen «Vaim» utgjeven.
– Eg har bestemt meg for at eg aldri skal konkurrera med meg sjølv, og skriva på som før.
– Og skrivinga mi kjem nok til å bli prega av aldring, sier Fosse og legger til:
– Men det tenkjer eg berre kan vera bra. Ein roman kan vera god sjølv om han ikkje er like god som «Septologien», liksom.