Jihadistgrupper angrip Aleppo i Syria

2 hours ago 1


Blant dei drepne er to studentar, skriv den statlege nyheitskanalen SANA.

Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) skriv at jihadistar og allierte grupper skyt artilleri mot den regjeringskontrollerte storbyen Aleppo fredag morgon.

Opprørarar skal ha opna ild ved ein studentbustad nær Universitetet i Aleppo fredag føremiddag.

SANA omtalar gruppene som «terrorgrupper».

Har tatt kontroll

Onsdag lanserte opprørsgrupper ein lynoffensiv nordvest i Syria.

Det autoritære Assad-regimet sleit lenge med opprør over heile landet, men har dei siste åra lukkast med å ta tilbake kontrollen over store delar av Syria.

Men no har opprørsgrupper for første gong på lang tid slått tilbake regjeringsstyrker utanfor Aleppo, Syrias største by. Dei sette i gang ein lynoffensiv på onsdag denne veka, og kampane går framleis føre seg.

I forgrunnen ein uklar mann bakfrå, med hodeplagg og det som ser ut som ei militærjakke. Han ser ut over eit landskap med mark, kvite hus og røyk som stig opp.

Røyk stig opp frå Majdaliya i Idlib-regionen torsdag 28. november.

Foto: Ghaith Alsayed / AP

Ifølge CNN har opprørarane tatt kontroll over rundt 40 landsbyar og mindre byar i nærleiken av byen, samt ein militærbase.

Over 200 er drepne i kampane mellom opprørsgruppene og regjeringsstyrkane så langt, ifølge SANA.

Publisert 29.11.2024, kl. 09.20 Oppdatert 29.11.2024, kl. 09.28

Read Entire Article