– Eg får hjartet i halsen under kvar start.
Det seier trenar og mor til Henriette Jæger, Unne Merete Lie Jæger på spørsmål frå NRK om reaksjonstida til dottera når startskotet smell.
Ikkje fordi det er ei svakheit. Det har nærast blitt ein vane å høyre frå kommentatorane at Jæger kjem godt ut frå start. Nærast utan at ein rekk å oppfatte det, så er den norske 22-åringen i spiss.
Faktisk er Jæger så rask at ho ved eit par gonger denne sesongen verkeleg har nærma seg grensa for tjuvstart på 0,100 sekund – ein tiandedel av eit sekund.
– Eg går berre frå startblokka når eg høyrer skotet. Bank i bordet, men eg har aldri blitt tatt i tjuvstart, seier Henriette Jæger sjølv.
Raskast var ho på finalen på 200 meter i U23-EM og i Jægers VM-generalprøve, Diamond League-finalen i Zürich. 22-åringen hadde der reaksjonstid på høvesvis 0,111 sekund og 0,118 sekund.
– På den siste nå så begynner vi å nærme oss disk. Så eg trur ikkje vi skal jobbe så mykje hardare på den biten der, seier trenaren om dei gode startane til dottera.
0,111: Reaksjonstida frå finalen på 200 meter i U23-EM er Jægers raskaste for året.
– Raskaste av alle
Trenden er ikkje ny. For eksempel hadde Jæger den raskaste reaksjonstida i både semifinalen (0,122 sekund) og finalen (0,142 sekund) i OL i fjor sommar.
I år har ho jamt over vore enda eit knepp raskare og har nærast vore uslåeleg ut av startblokka.
– Tala viser at ho fleire gonger har vore den raskaste ut av blokka av alle deltakarane, seier Lie Jæger.
NRK har tatt ein gjennomgang av dei nemnde tala, som er mildt sagt imponerande.
På alle dei fem 400-meterane Jæger har sprunge i Diamond League denne sesongen, har ho hatt raskaste reaksjonstid, med eit snitt på 0,129 sekund.
SIGER: Henriette Jæger hadde klart best reaksjonstid da ho vann i Lausanne førre månad.
Snitta for konkurrentane frå kvart av dei fem stemna har vore 4,3 hundredelar tregare enn Jæger.
Aller tydelegast blei forskjellen i Lausanne, der ho som første norske kvinne vann ei Diamond League-øving. Der slo ho til slutt Lieke Klaver med åtte hundredelar.
Forskjellen i reaksjonstid mellom dei to? 7,9 hundredelar fordel Jæger.
Sjå her for oversikt over dei 18 løpa til Jæger i år der NRK har funne resultat med tilhøyrande reaksjonstid:
– Kjenner eg har kontroll
Sjølv om mor og trenar går med hjarte i halsen, har hovudpersonen sjølv låge skuldrer og er ikkje bekymra for ein tjuvstart.
– Eg kjenner eg har kontroll, og eg har aldri vore i nærleiken av å gjere det (tjuvstarte).
Jæger innrømmer at den raske reaksjonstida hennar kan bli avgjerande i VM i Tokyo.
– Absolutt. Når ein kjempar om plasseringar, kan hundredelar eller tusendelar vere avgjerande, seier Jæger, og viser blant anna til 200-meteren ho sprang i Diamond League-stemnet i Shanghai.
DUO: Mor og trenar, Unn Merete Lie Jæger og Henriette Jæger under eit pressetreff i EM i Roma i 2024.
Foto: NTBDer blei Jæger nummer tre, i eit løp der det skilde to hundredelar ned til ein sjetteplass.
Mor og trenar er einig i at ein god start gjer at dottera er eitt steg nærare edelt metall.
– Ja, det kan absolutt vere ein faktor. Det er ein stor fordel å ha evna til å komme seg så raskt ut, seier Lie Jæger.
– Som dei som får seksar utan å pugge
Men korleis har Jæger blitt så rask til å reagere når startskotet går? Vel, det fekk ho tidleg merksemd rundt.
– Eg har hatt god starttid sidan eg var liten. Da eg begynte å konkurrere i 13, 14 og 15-årsklassen, sa mamma «oi, det her er ganske bra». Fleire av startarane har også kommentert det, så det er vel noko eg er fødd med, seier Jæger.
STERK: Henriette Jæger løfta over 120 kilo i knebøy to dagar før avreise til VM i Tokyo.
Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRKTil vanleg ligg det som regel mykje trening bak å bli best i noko. Det er ikkje tilfelle for Jægers blokkstartar.
– Vi trenar nesten ikkje på blokkstart. Det er sikkert irriterande å høyre, men eg har alltid beherska det godt. Det er litt som dei som får seksar på prøva utan å pugge.
– Så det er rett og slett medfødd?
– Ja, det trur eg. Det er eigentleg ganske rart. Eg har aldri tenkt så mykje over det sjølv, men kommentatorane lurer stadig på kvifor eg har så gode starttider. Det er ein fordel, rett og slett, seier ho med eit smil.
Sjølv om dei ikkje vil trene for mykje på sjølve reaksjonstida, så er trenaren klar på at dei har mykje fokus på dei første stega etter startskotet går.
– Der er det framleis ein del å hente, og ein god start er alltid viktig, seier ho.
I VM skal Jæger i aksjon allereie på søndag. Da spring ho forsøk på 400 meter. Sjå fullt program her:
Publisert 11.09.2025, kl. 05.31