– Eg har det så latterleg bra. Det er kjedeleg å vere borte frå familien, så da er det gøy å rettferdiggjere med å springe raskt.
Slik reagerte Amalie Iuel overfor NRK etter å ha sprunge inn til 54,38 under Diamond League-stemnet i Polen i midten av august.
Løpet sikra henne VM-plass, og var hennar andre personlege rekord i løpet av ein og same veke.
Ho har med andre ord aldri vore raskare på distansen sin 400 meter hekk. Likevel kan Iuel fortelje at ho har blitt tregare etter at sonen Storm blei fødd for to år sidan.
– Da meiner eg at toppfarten min har blitt dårlegare. Men så har vi saman tenkt at da må vi kompensere, forklarer Iuel til NRK.
Og planen som Iuel og trenar Leif Olav Alnes sette i verk i sommar ser ut til å ha fungert.
Gjorde endringar for suksess
For da dei merka at toppfarten hadde gått ned, så valde dei å fokusere på hardare økter. Målet var ein jamt høgare fart gjennom heile løpet.
At Iuel skulle klare å stå dei siste hundre meterane like bra som dei første.
– 400 meter hekk er jo ikkje ein rein sprint på same måte som ein 100 meter sprint. Det er viktig å ha evna til å halde ut på slutten, så det blir den perfekte balansen med hurtigheit, men også uthald, forklarer ho.
Sjå VM i friidrett hos NRK TV frå og med laurdag:
Og det har vore ein stor del av fokuset gjennom ein hard og konkurranselaus treningsperiode i juli. Da Iuel var tilbake i august, så var ho plutseleg raskare enn nokon gong.
– Vi har jo gjort nokre endringar på trening òg. Lagt inn meir på uthald på trening og kanskje auka volumet litt òg. Vi har rett og slett trena meir på dei rette tinga.
Trenar Alnes er fornøgd med resultata i sommar.
– Ho hadde noko betre grunnfart før fødselen, så vi har kompensert med å prøve å stå distansen litt betre, og det har foreløpig slått bra ut. Eg er spent på korleis det blir når ho har fått kvilt seg litt, og korleis det skal slå ut, seier han til NRK.
TRIO: Trenar Leif Olav Alnes (til høgre) har køyrt elevane sine hardt gjennom sommaren. Det har gitt resultat.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKBlei bekymra
Dette blir Iuels femte verdsmeisterskap. Etter over eit tiår i kampen mot hekkane, så verkar ho endeleg å ha funne den perfekte rytmen.
– Eg har blitt tryggare i stegrytmen min òg. Nå har eg gått 15 steg heilt til niande hekken tre gonger på rad, så nå begynner eg å føle at det er ein naturleg del av løpet, og eg føler at det er litt av grunnen til at det har gått så bra.
Etter fleire sterke resultat blei ho invitert til Diamond League-finalen i Zürich. Det blei kanskje ein konkurranse for mykje.
– Ein blir litt småbekymra når ein har vore så bra, og så har ein konkurranse rett før avreise som ikkje er heilt optimalt, men eg kjenner nå at eg begynner å bli godt førebudd.
Trenar Alnes er heilt klar på at Iuel aldri har vore betre inn mot ein meisterskap enn det ho er nå.
– Det har ho ikkje. Ho har jo persa to gonger. Du må berre tore å prøve. Det einaste farlege med å ha ambisjonar er at du blir litt meir skuffa. Det er ikkje farleg å bli skuffa.
Publisert 12.09.2025, kl. 06.33