Israels vise­utanriks­minister til NRK: – Finst ingen krig der det ikkje skjer feil

11 hours ago 6


Dei første vekene etter terrorangrepet 7. oktober 2023, var reaksjonen frå verdssamfunnet ei overveldande støtte til Israel, og fordømming av Hamas.

600 dagar inn i krigen, får Israel brei kritikk for korleis dei har svart på angrepet.

Fleire enn 50.000 palestinarar er drepne i palestinske angrep, og over 100.000 såra, ifølge palestinske helsestyresmakter.

Den israelske viseutanriksministeren Sharren Haskel seier til NRK at dette var eit vanskeleg val som regjeringa hennar måtte ta.

– Når jødar blir slakta, massakrerte, og våre kjære blir drepne, sympatiserer verda med dei. Men eg gav eit løfte til min bestefar om at vi aldri ville vere offer igjen, seier Haskel.

– Når vi er i stand til å vise styrke, når vi er i stand til å forsvare barna våre, likar ikkje verda sterke jødar.

NRK utfordrar den israelske viseutanriksministeren om israelske angrep på sivile. – Skjer feil? Ja, det gjer dei, seier Sharren Haskel.

Haskel representerer sentrum-høgrepartiet Nytt håp i Israel si nasjonalforsamling Knesset, på lik linje som utanriksminister Gideon Saar.

Saar og Nytt håp var tidlegare i opposisjon til Netanyahu, men gjekk inn i allianse med hans parti Likud og fleire parti på ytre høgre i 2021.

Haskel har også tidlegare vore kommandersersjant i det israelske militæret (IDF), ifølge Knesset sine nettsider.

Ho seier at militæret har gjort vala sine med eitt utgangspunkt: at 7. oktober var den verste massakren på jødar sidan holocaust.

Benjamin Netanyahu (v) saman med Gideon Saar (h) i 2012

Partileiar i Nytt håp, Gideon Saar (h), saman med Benjamin Netanyahu (v) i 2012.

Foto: Uriel Sinai / AP / NTB

Drapet på israelske gislar

– Kritikarane dykkar meiner at de er skuldige i krigsbrotsverk, og at det er grunnen til at til og med allierte har blitt kritiske. Ikkje fordi de forsvarar dykk sjølve, seier NRK.

– Når du snakkar til meg om proporsjonalitet, må eg først seie ein ting: krig er stygt. Krig er død, krig er blod, det er offer på begge sider. Vi ville ikkje ha ein krig.

– Kjem det til å skje feil? Sjølvsagt. Det er ingen krig der det ikkje skjer feil. Feil skjer, og vi angrar veldig på dei, vi ber om orsaking for dei.

NRK legger fram nokre av desse. I løpet av dei første månadane av krigen, innrømte Israel å ha skote tre israelske gislar ved ein feil etter å ha identifisert dei som ein trugsel.

Samer Talkalka, Alon Lulu Shamriz, Yotam Haim.

Talalka (v), Shamriz (m) og Haim (h) blei drepne av Det israelske militæret i 2023.

Foto: Privat

Styresmaktene beklaga då drapa på Samer Talalka (25), Alon Lulu Shamriz (26) og Yotam Haim (28).

– Veit du kva som skjedde berre eit par dagar før det? Væpna Hamas-terroristar veiva med kvite flagg framfor den same brigaden. Dei gjekk framfor og prøvde å skyte, seier Haskel.

– Du må forstå at dette er ein veldig vanskeleg krig i eit urbant område der Hamas brukar mange av mekanismane vi har for å verne om sivile, mot oss. Så feil skjer, og forferdelege feil, inkludert dei gislane du snakkar om.

Ho legg vekt på at IDF, utanom feila som Haskel viser til, ikkje drep sivile eller brukar dei som skjold.

Sharren Haskel får en liten mikrofon festet på skjortekragen

Sharren Haskel høyrer til høgrepartiet Nytt håp i Israel.

Foto: Marius Revold / NRK

Palestinaren på bilpanseret

– Eg har videoar av Hamas-skarpskyttarar som skyt palestinarar i Gaza som prøvar å flykte frå nord til sør. Vi har publisert dei. Kvifor viser de det ikkje til dykkar publikum, spør ho NRK.

– Det vi har sett, Haskel, er videoar av dykkar styrkar som brukar palestinarar som menneskelege skjold.

– Israelske styrkar som festar ein palestinar på panseret til eit militærkøyretøy.

Denne videoen skapte svært sterke reaksjonar i juni 2024. Den viser Mujahed Azmi, som IDF festa til panseret på ein bil.

– Ein terrorist, som dei faktisk arresterte og skulle ta med til varetekt, svarar Haskel.

– Så de festa han til panseret på bilen dykkar for å kome dykk ut av ein fiendtleg situasjon? Kvifor ikkje plassere han i bilen?

– Nei. Høyr, dersom du vil at eg skal sjå ein særskilt video og analysere den, kan eg absolutt gjere det. Israel skadar ikkje sivile med overlegg.

Drapet på helsearbeidarar

Israel har angripe alle sjukehusa i Gaza – i alt 36 medisinske fasilitetar, melder avisa Al Jazeera.

I tillegg har 1400 helsearbeidarar i Gaza blitt drepne av det israelske militæret (IDF), ifølge palestinske helsestyresmakter.

Sist månad skaut IDF 15 helse- og redningsarbeidarar, og gravla dei med bilane i ei massegrav ved vegen.

– Soldatane arbeider i svært vanskelege omstende. Det er ein krig. Det er ein veldig intens krig, der fienden vår bruker og misbruker mange medisinske fasilitetar, hevdar Haskel.

Røde Halvmåne-arbeidere bærer bort de drepte

15 helse- og redningsarbeidarar blei funne nedgravne i sanden på Gazastripa. Angrepet blei fordømt av både FN og Raude Kors.

Foto: Jonathan Whittall/FN

Det at måla inneheld Hamas-infrastruktur, som våpenlager om militærbasar, er ein påstand IDF ofte kjem med etter eit israelsk angrep.

I svært få tilfelle har dei lagt fram bevis på dette. Uavhengige medium får ikkje tilgang på Gazastripa, og har difor ikkje høve til å kontrollere om noko av det stemmer.

– Israel har eit robust rettssystem og militære. Vi er ein demokratisk stat med eit maktfordelingsprinsipp, der ein blir stilt til ansvar, seier Haskel vidare.

– Så kven blir stilt for ansvar på dette massedrapet?

– Skjedde det feil? Ja. Men dei soldatane var i ein open konfrontasjon med Hamas-terroristar rett før dette skjedde, seier Haskel.

I ein rapport publisert no i april, seier IDF at drapa på dei 15 hjelpearbeidarane var grunna «operasjonelle feil».

Ho viser til at to kommandantane mista jobben i etterkant.

– Eg trur det framleis skjer ei etterforsking, men folk blir stilte for ansvar.

– Uansett kva informasjon eg kjem med, blir ikkje det du kallar for det internasjonale samfunnet nøgd. Dei einsidige folka som misbruker internasjonale organisasjonar og kritiserer Israel natt og dag.

Meiner Trump tenker «utanfor boksen»

Den amerikanske presidenten, Donald Trump, sa då han hadde besøk av den israelske statsministeren i februar, at han ville gjere Gaza om til «Midtaustens riviera».

Denne planen inneber at USA tek eigarskap av Gazastripa, jamnar alle øydelagde bygg med jorda, og fjerne palestinarane som bur der.

Desse skal fordrivast til nabolanda, medan det bygde opp att territorium skal kunne besøkast av folk frå heile verda, sa Trump vidare.

– Eg meiner at det Trump legg på bordet er å tenke utanfor boksen, og det er veldig viktig, seier Haskel.

– Kritikarane dykkar vil seie at det er etnisk reinsing å tvinge palestinarar vekk frå Gazastripa for å bygge ein riviera.

Gullstatue av Trump i Gaza

I ein KI-generert video på Instagram blei planen til Trump bretta ut i fulle, noko spøkefulle, fargar.

Foto: Skjermdump / Instagram Donald Trump

– Det er ikkje det han føreslår, men Einstein sa at det å gjere den same feilen om og om igjen er galskap. Så vi må tenke på noko annleis.

– Det trener tankane våre til å prøve å finne noko som kan bringe stabilitet og sameksistens.

Israelske styresmakter støttar ikkje Trump sin plan, seier Haskel.

Men Israel støttar heller ingen plan der Hamas eller den palestinske sjølvstyreregjeringa på Vestbreidda får styre Gaza, legger ho til.

Skuffa over Noreg

Sharren Haskel er viseutanriksminister i Israel. Ho fortel at den israelske regjeringa er «meir enn skuffa» over styresmaktene i Noreg.

Då den norske regjeringa anerkjente Palestina som stat i fjor, sa den israelske ambassadøren at forholdet deira med Noreg hadde «nådd eit botnpunkt».

Sidan har Israel trekt diplomatane sine ut av Noreg, og stoppa all dialog med den norske regjeringa. Noregs utanriksminister har også blitt nekta tilgang til landet.

– Forklar oss kvifor de er misnøgde med den norske regjeringa og deira politikk.

– Det var svært tydeleg frå starten av at dei hadde valt ei side. Eg snakkar då om rett etter 7. oktober, til og med. For meg personleg, som også har familiemedlemmer i Noreg, var nedbrytinga av forholdet veldig synleg, seier Haskel.

Sharren Haskel sitter i en stol

Sharren Haskel utelukkar ikkje dialog med Noreg i framtida, men fortel at Israel ikkje har tillit til dagens regjering.

Foto: Marius Revold / NRK

Ho viser til at utanriksdepartementet tilrådde kongen å ikkje sende kondolansar til Israel etter 7. oktober, men også anerkjenninga av den palestinske staten i fjor.

– Vi har ikkje gitt opp det norske folket. Men med denne noverande regjeringa og deira tilnærming, har vi mista tillit til dei. Du kan ikkje vere meklar når du har valt side.

Haskel meiner den norske regjeringa løner Hamas ved å anerkjenne Palestina som stat. Denne skuldinga har regjeringa avvist.

Dette intervjuet er henta frå denne vekas episode av «Yama Utfordrer». Heile samtalen kan du sjå her:

Yama utfordrar Israels viseutanriksminister Sharren Haskel med kritikken styresmaktene får for krigføringa på Gazastripa.

Publisert 02.05.2025, kl. 16.24

Read Entire Article