Israel har starta omfattande bakkeinvasjon i nord og sør i Gaza

5 hours ago 4


Den israelske hæren har sett i gang ein omfattande bakkeinvasjon i både nordlege og sørlege delar av Gaza. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Samstundes fordømmer statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) angrepet på Gaza natt til sundag 18. mai.

– Noreg fordømmer Israels angrep mot Gaza i natt, der over hundre menneske er drepne, og blant dei mange barn, seier Støre til NTB.

– Israel bruker liding og svolt som våpen mot befolkninga i Gaza. Vi får daglege utsegner frå den israelske regjeringa, som seier rett ut at dei forsvarer at befolkninga svelt og blir fordrivne. Dette er klart i strid med folkeretten.

– Valden må stoppe, gislane må frigivast og nødhjelp må få sleppe inn. Den humanitære situasjonen på Gaza er katastrofal, seier han vidare.

Read Entire Article