Finansminister Bezalel Smotrich har lenge hatt ein ambisjon om å annektere 81 prosent av Vestbreidda. I dag skulle Knesset stemme over forslaget.
Men så sa toppdiplomaten Lana Nusseibeh, frå dei foreina arabiske Emiratar, at om dei godkjenner planen kryssar dei ei «raud linje».
Då avlyste Israel avstemminga.
Strid med avtale
Lana Nusseibeh sa til Israel at ei annektering av Vestbreidda ville bli sett på ein «slutt på visjonen om regional integrasjon» og eit brot på Abraham-avtalane.
Lana Nusseibeh har representert Emiratane i FN ved fleire høve. Her i eit møte i tryggingsrådet i 2023.
Foto: John Minchillo / AP / NTBGjennom desse avtalane er Emiratane eitt av få arabiske land som har normalisert forholdet med den jødiske staten, Israel.
I avtalen som dei skreiv under på i 2020, plikta Israel seg til å legge planane om å annektere Vestbreidda på is. Til gjengjeld skulle Emiratane anerkjenne og normalisere forholdet sitt til Israel.
I åtvaringa frå Nusseibeh til Israel blei det ikkje klart kva konsekvensar dei eventuelt vurderer om Israel likevel ynskjer å gjennomføre ei avstemming om annektering.
Kan vere andre grunnar
The Washington Post siterer kjelder som kjenner saka på at kritikken frå Emiratane er grunnen til at avstemminga blei avlyst. Historikar og Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage tvilar på at Emiratane har så mykje makt over Israel.
Hilde Henriksen Waage er historikar med fokus på Midtausten.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Det kan tenkast at dette blir brukt som eit vikarierande argument for at dette er problematisk for Israel sjølv, seier Waage.
Ho peikar på at det er vanskeleg for Israel å vere både jødisk og demokratisk visst heile Vestbreidda, med den arabiske befolkninga, blir ein del av den israelske staten.
Dette har vore eit av dei sentrale utfordringane for ei israelsk annektering av palestinske territorium og skapt splitting i den israelske regjeringa.
Trass Abraham-avtalen med Emiratane frå 2020, har Israel jobba med ulike planar som involverer ei delvis eller fullstendig overtaking, eller annektering, av det som i dag er Vestbreidda.
Annektering som motsvar
Forslaget Knesset skulle stemme over denne helga var foreslått av den israelske finansministeren Bezalel Smotrich. Han tilhøyrer ytre-høgrefløya i den israelske regjeringa.
Han har sagt at forslaget om å annektere store deler av Vestbreidda var eit motsvar til at mange, særleg vestlege, land har sagt at dei kjem til å anerkjenne ein palestinsk stat under generalforsamlinga i FN seinare denne månaden.
Onsdag la han fram eit kart som viser ambisjonane hans for området. Ambisjonen hans er å konsentrere den palestinske befolkninga i seks mindre område rundt dei største byane på Vestbreidda, som Ramallah og Hebron.
– Innan september vil der ikkje vere noko igjen for Europa å anerkjenne, har Smotrich sagt ved tidlegare høve.
Den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio har lagt skulda på europeiske land for å ha provosert Israel til annektering. Han seier at forslaget var varsla.
Det kan sjå ut til at Israel nyttar seg av den varme stemninga Donald Trump har lagt til rette for at Israel får gjennomslag for eigen politikk – i heile Palestina.
Foto: Alex Brandon / AP / NTBI juli haldt lovgjevarar i Knesset ei symbolsk og ikkje-bindande avstemming. 71–13 stemte for ei annektering av Vestbreidda, eller Judea og Samaria som er dei bibelske namna dei brukar for området i Israel.
Netanyahu har vore noko meir tilbakehalden i ytringane sine om fullstendig annektering. Den politiske vilja til meir israelsk makt i Palestina, både på Vestbreidda og i Gaza, er likevel utbreitt.
Ikkje berre annektering
Utanom annektering, har Smotrich også andre planar for å utvide Israel si makt på Vestbreidda. Førre månad godtok den israelske regjeringa eit kontroversielt forslag om å bygge ut ei busetjing dei har kalla E1.
Finansminister Bezalel Smotrich fekk gjennomslag for busetjarplanane kalla E1 førre månad.
Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTBUnder ein pressekonferanse på staden fortalde Smotrich om planane han har for å bygge meir enn 3000 husstandar samt skular, helseklinikkar og ein fritidsklubb.
Israel har allereie bygd 160 busetjingar som i dag er heimen til 700.000 jødar på Vestbreidda. Under folkeretten er desse bygde ulovleg.
– Uansett om det er snakk om busetjingar, annektering eller Gaza er det den same type tankegang og politikken som ligg bak, seier Waage.
Er du interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten Urix her.
Publisert 07.09.2025, kl. 17.25 Oppdatert 07.09.2025, kl. 17.55