Israel sine forsvarssystem er i drift for å avskjere trusselen, seier det israelske forsvaret på X.
Forsvaret opplyser òg om luftvernsirener fleire stader etter angrepet.
Så langt har Israel avskore alle iranske missil dette angrepet, melder forsvaret.
Eit venta angrep
Spenninga mellom Iran, Israel og USA har auka dei siste dagane etter dei israelske angrepa mot Hizbollah i Libanon søndag.
Frå Libanon og Hizbollah har angrepa mot Israel heldt fram, også etter at Israel og libanesiske myndigheiter vart einige om ein våpenkvileavtale.
No heng denne avtalen i ein tynn tråd etter at Israel søndag angreip den libanesiske hovudstaden Beirut.
Det igjen har ført til at Iran for første gang sidan april har skote missil mot Israel.
Ifølgje Reuters seier den iranske revolusjonsgarden at den israelske hæren må stanse angrepa på Libanon, elles vil dei bli møtte med fleire «knusande» angrep.
Revolusjonsgarden har òg uttalt at angrepa vil halde fram i sju dagar, men det er ting som tyder på at angrepet i dag kan reknast som ei åtvaring, skriv BBC.
Missilstripe over Israel, sett frå Hebron i Israel.
Foto: Mussa Qawasma / REUTERS,NTBTrump skal ringe Netanyahu
President Donald Trump seier til nyheitsbyrået Axios at han vil ringe til Israels statsminister Benjamin Netanyahu og be han ikkje gjengjelde dagens angrep frå Iran.
– Om Netanyahu svarar på angrepet, kjem dette berre til å vare i 47 år til eller i 3000 år til, seier Trump.
Trump hevdar at det iranske angrepet ikkje skada nokon, så Israel vil forhåpentlegvis ikkje gjengjelde det.
– Me er veldig nær ein endeleg avtale med Iran. Eg vil ikkje at avtalen skal eksplodere som følgje av det som skjer no, seier Trump.
Publisert 07.06.2026, kl. 22.53 Oppdatert 07.06.2026, kl. 22.55















English (US)