Det har stått heilt stille mellom NHO og LO sidan forhandlingane om ein ny IA-avtale braut saman 9. desember 2024.
No er det håp for nye samtalar, etter LO-leiar Peggy Hessen Følsvik tysdag sa at ho var open for nye samtalar med NHO.
Og det har arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) fått med seg.
– Eg opplever at dei signala som har kome er positive. At fleire av partane vil snakke saman, seier ho til NRK.
Difor har ho no invitert dei tilbake til forhandlingsbordet.
– Vi kjem til å invitere partane til nye samtalar og diskusjonar siste veka i januar. Det er eit møte eg ser fram til.
Vil ha ned sjukefråveret
Tonje Brenna møtte NRK då ho var innom på NHO sin årskonferanse som er onsdag.
Ho understreker at det er viktig for regjeringa å få ned sjukefråveret, men også at sjukelønnsordninga er god.
– To ting er viktig for regjeringa. Det eine er å sørge for at folk har tryggheit for jobben også når dei blir sjuke gjennom ei god sjukelønnsordning. Og det andre er å jobbe saman med partane for å få fråveret ned. Det må vi lukkast med, fordi vi treng alle hovud og hender vi kan i jobb i Noreg.
Publisert 08.01.2025, kl. 10.50 Oppdatert 08.01.2025, kl. 11.05