Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_c448fd1cb5a0424c31f835e2538840de, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Internetts veg inn i liva våre - NorwayToday

Internetts veg inn i liva våre

3 hours ago 4


Viss du, som meg, vaks opp på 90-talet, har store delar av livet ditt vore tett knytt opp til internett.

Denne store, rare greia med eit hav av moglegheiter.

Kanskje byrja reisa di på same måte som mi gjorde: med eit spørsmål.

«Mamma, kan eg gå på internett?»

Fekk ein ja, var neste steg den umiskjennelege lyden av oppkopling til den store verdsveven.

Lyden av modem som ringer opp internett.

Og viss du er fødd ti år seinare, er det vel cirka no du fell av. For det tok ikkje mange år før denne oppkoplinga ikkje var noko ein måtte tenka på.

På få år tok internett så enorme steg at ein knapt kunne kjenna det igjen.

Det gjekk frå å vera ein plass for dei spesielt interesserte, til ein umisteleg del av kvardagen til nesten alle i heile verda.

Hugsar du ikkje oppkoplingslyden, men har lyst til å mimra om «ditt internett»? Trykk på lenkene under og kom rett til nostalgien.

Den spede starten

For å forstå kor mykje internett har endra seg, må me fyrst spola litt tilbake.

Det heile starta med éi nettside i Sveits 6. august 1991.

Verdens første nettside, grønn tekst på svart skjerm

Den fyrste nettsida nokosinne er ganske annleis frå slik me kjenner internett i dag.

Foto: CERN

Tim Berners-Lee ved atomforskingsinstituttet Cern stod bak sida, som var vigd til World Wide Web Project.

Høyrest det kjent ut? Kanskje ikkje så rart.

Prosjektet var nemleg på mange måtar byrjinga av sjølve internett. Då det vart lansert for publikum i 1993, var det under forkortinga www.

En instruksjonsbok til internett, en dataskjerm, et tastatur, en Nintendo 64 og diverse annen teknologi fra 90-tallet ligger spredt utover en grønn bakgrunn.

Datautstyr var stort og klumpete då internett fyrst vart ei greie.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Tid var pengar

Dei fyrste åra var internett ein heilt annan stad enn me er vande til i dag.

– Internett var ein stad me «gjekk til», på ein måte. Det var noko me logga oss på og oppsøkte. No finst det overalt. Med smarttelefonar er ein konstant påkopla, meir eller mindre.

Det seier medievitar Magnus Hoem Iversen.

I byrjinga var nemleg internett dyrt. Ein betalte for tida ein brukte, på same måte som med telefon. Med ein gong ein kopla seg opp, byrja «taksameteret» å gå.

– Viss du ikkje passa på tenåringen din, kunne du få tusenvis av kroner i telefonrekning, seier Iversen.

  • En mann i hvit skjorte som smiler til kamera

    Magnus Hoem Iversen er medievitar. Han er òg forfattar av bøkene «Sosiale medier» og «Skjermtid».

    Foto: Jin Sigve Mæland

Og som om ikkje det var nok: Medan du var på internett, funka ikkje telefonen. Du måtte velja kva du ville bruka.

Iversen hugsar spesielt éin kveld då han verkeleg fekk lov til å boltra seg.

– Eg hadde lova å halda meg heime ein 16. mai i ungdomstida. Så sa mamma og pappa sånn: OK, sidan du gjer det, skal du få fire timar på nett. Fy faen, for eit kick. Så lenge liksom, mimrar ein lattermild Iversen.

Fordi det var så dyrt å bruka det, vart internett ei slags mangelvare.

– No er det veldig overflod. Det er ei annleis kjensle.

Hugsar du dette frå internett på 1990-talet?

  • Glorete hjemmeside i 90-tallsstil med blå bakgrunn og små bilder

    Geocities var ein av dei fyrste plattformene der vanlege folk kunne laga si eiga heimeside. Resultatet var ofte ganske glorete.

    16.05.25 Skjermdump / Geocities Shadowlands
  • Det gamle chatteprogrammet mIRC, klumpete program med mye tekst

    Chattesystemet IRC gjorde det lett å chatta då internett var ungt. Eit av programma ein kunne bruka, var mIRC.

    Foto: SupremoZanne / Reddit
  • Hvit bakgrunn med teksten asl? på.

    Viss du chatta med nokon du ikkje kjende, var ofte «asl?» det fyrste spørsmålet du fekk. Det står for age, sex, location og var altså eit spørsmål om alder, kjønn og kor du budde.

    Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK
  • En animert baby som danser mot svart bakgrunn

    Ein gif-animasjon av ein dansande baby vart, av ukjent grunn, ein av dei fyrste tinga som gjekk viralt på internett – allereie i 1996.

    16.05.25 Skjermdump / Burning Pixel Productions
  • Tallene 1999 i lyseblå farge på mørk bakgrunn

    Då år 2000 nærma seg, var det ei frykt for at datasystem ikkje skulle takla denne overgangen. Heldigvis slapp samfunnet meir eller mindre med skrekken.

    Illustrasjon: Getty Images

Chattens stordomstid

Det tok ei halv æve å lasta inn bilete, så det seier seg kanskje sjølv at video ikkje var noko stor greie.

Dermed var mykje tekstbasert. Kanskje er det difor chatting vart så populært.

Internet Relay Chat (IRC) gjorde det mogleg – til og med ganske lett – å chatta med nye menneske.

Det var nettopp IRC som var den store greia for forfattar Anne Gunn Halvorsen.

– Eg hugsar at den fyrste gongen eg logga meg på IRC, var eg elleve – fordi eg laug på alderen og sa eg var tolv.

  • blond kvinne smiler og ser i kamera

    Anne Gunn Halvorsen

    Internett har vore ein stor del av livet til Anne Gunn Halvorsen. Såpass mykje at ho enda opp med å skriva boka «Mitt internett. Då www kom til Noreg», som kjem i august.

    Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Sjølv vaks ho opp i ei lita bygd på Vestlandet. Internett-chatting opna ei ny verd for henne.

– Plutseleg slapp me å henga nede i sentrum og vona at nokon kom forbi. Me kunne berre sitta heime og snakka med folk, det var jo heilt fantastisk, seier Halvorsen.

Sjølv om IRC var fyrst ute, kom det etter kvart fleire chatte-tenester.

Eg personleg starta mitt liv på internett på SprayChat.

Men aller størst inntrykk var det NRK-forumet Backstage som hadde.

Der heldt eg til store delar av ungdomsåra mine og vart kjend med folk eg framleis har kontakt med i dag.

Skjermbilde fra gammelt forum, mye rødt og hvitt.

Slik presenterte eg meg på Backstage-forumet til NRK i 2006. Om du skulle vera i tvil etter å ha sett profilen min: Eg var veldig glad i Kaizers.

Faksimile: NRK

Den «hemmelege» klubben

Det er vanskeleg å finna truverdige tal på kor mange nettsider som fanst før og kor mange som finst no.

Men éin ting er sikkert: Internett var mykje mindre før.

– Det var liksom ei kjensle av ein hemmeleg klubb, skildrar Iversen.

Slik er det ikkje lenger, no som internett er ei sjølvfølge.

Sjølv hugsar han veldig godt isbøtte-utfordringa som gjekk sin sigersgang på internett rundt 2014.

For å setta søkelys på sjukdomen ASL skulle ein hella ei bøtte isvatn over hovudet og filma det. «Alle» deltok, frå kjendisar til bestemødrer som nettopp hadde lært seg kva internett var.

– Det er litt som kjensla av at du har følgt med på eit band som ikkje så mange kjenner, og så plutseleg slår dei an og alle veit kven dei er. Faen, no er det ikkje mi greie lenger, seier Iversen.

Svart-hvitt bilde av ungdom som sitter på krakk og spiller gitar

Det fyrste profilbiletet til Magnus Hoem Iversen på Facebook. Sidan den gong har plattforma berre vakse og vakse.

Foto: Privat

Ein del av samfunnet

Då stadig fleire norske heimar skaffa seg PC på 90-talet, var det kanskje fordi mora i heimen ville læra seg om informasjonsteknologi (IT) så ho kunne bruka det på jobb.

– Men vaksne hadde ikkje tid til å sitta på maskina på kveldstid. Dei hadde klesvask, jobb, partnarar og omsorgsoppgåver, seier Anne Gunn Halvorsen.

Born, derimot, hadde både tid og lyst til å testa denne nye teknologien.

Kanskje er det difor folk i min generasjon hugsar internett som ein slags leikeplass. Dei vaksne hadde nok med den verkelege verda og overlét internett til dei unge.

En instruksjonsbok til internett, en dataskjerm, et tastatur og diverse annen teknologi fra 90-tallet ligger spredt utover en grønn bakgrunn.

Læra om internett frå ei bok? Ja, ein hadde ikkje nødvendigvis så mykje val på 90-talet eller tidleg 00-tal.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Men så skjønte samfunnet at jo, internett, det var noko nyttig.

– Der det før var kjekt å gå inn og tøysa litt, er det no veldig mykje jobb. Kall det vaksenliv, kall det verda. Samfunnet har på ein måte flytta inn på internett også, seier Iversen.

For no må ein bruka internett til nyttige ting i tillegg til alt det morosame. Du må levera skattemeldinga, sjekka nettbanken og fiksa forsikringar.

Kanskje tar det noko av gleda ut av det heile?

Hugsar du dette frå internett på 2000-talet?

  • Skjermbilde av NRK-spillet Mujaffa

    Mujaffa-spelet vart populært tidleg på 2000-talet. Ein styrte Mujaffa, ein mann med pakistansk bakgrunn, i jakt på kulare bil og blonde damer på gata.

    NRK
  • Kontaktliste fra MSN Messenger. Lang liste med navn med rar formatering og mange emojier.

    MSN Messenger var lenge viktig for å halda kontakten med vener. Minst like viktig var det å laga seg eit kult visingsnamn med spesialteikn og emojiar.

    Foto: Lords0fCinder / Reddit
  • Skjermdump av det gamle nettsamfunnet Blink.no, mye tekst og små bilder om ulike ting

    Nettsamfunnet Blink var populært i fleire år, og fekk etter kvart ein konkurrent i Nettby. Ein kunne mellom anna delta i diskusjonar i grupper, legge ut ting på profilane til vener og dela bilete.

    07.04.25 Skjermdump via Wayback Machine / Dagbladet
  • Skjermdump av ei gammel nettside med bilde av et tegnet menneske uten hud, under står det Rotten dot com og Still hungry for horse mutton

    Rotten.com var fylt til randa med ekle bilete og videoar. Der kunne ein sjå både avrettingar, avkutta kroppsdelar og avføring. Kvifor, spør du? Det skjønar eg framleis ikkje.

    07.04.25 Skjermdump via Wayback machine / Rotten.com
  • Myspace-profilen til Tom. Tekst på hvit bakgrunn

    Tom var den fyrste vennen til alle som laga seg profil på nettsamfunnet MySpace. Men profilen hans var ganske kjedeleg samanlikna med mange andre, for ein kunne skreddarsy utsjånaden som ein ville. Ein kunne òg velja ein song som skulle spelast av automatisk når nokon gikk inn på profilen din.

    16.05.25 Skjermdump via Wayback Machine / Myspace
  • Tegnede grevlinger som danser på grønn bakgrunn

    Weebl and Bob laga ein drøss med animerte videoar med enormt fengande songar. Badger-songen vart nok den mest kjente, men min personlege favoritt var Narwhals. Eg får han framleis jamleg på hjernen.

    16.05.25 Skjermdump fra Youtube / Weebl and Bob
  • Nettsiden til Limewire, gammeldags design med mye tekst

    Limewire var ei av fleire tenester kor ein kunne lasta ned musikk på 2000-talet – gratis, men ulovleg. Det var ikkje heilt uvanleg å enda opp med noko heilt anna innhald enn det du trudde du lasta ned.

    Foto: MARK LENNIHAN / AP
  • Skjermbilde av Deiligst.no. Bilder av unge mennesker på nettside med gammelt brukergrensesnitt

    Før OnlyFans var ei greie, var det populært å dela lettkledde bilete av seg sjølv på Deiligst.no. Der kunne andre brukarar gje deg poeng ut frå kor godt dei likte det dei såg.

    16.05.25 Skjermdump via Wayback machine / Deiligst.no
  • Nettsiden til spillet Hundeparken. Fargerike knapper og pikselerte bilder i tegneserie-stil.

    I Hundeparken-spelet til NRK kunne ein styra ein hund, chatta med folk, samla poeng og delta i konkurransar.

    15.05.25 Skjermdump via Wayback machine / NRK
  • Skjermbilde fra spillet Robot Unicorn Attack. Tegnet enhjørning foran regnbue, på vei gjennom en stor rosa stjerne

    Fekk du Erasure-låta «Always» på hjernen no? Unnskyld. Spelet «Robot Unicorn Attack» var umåteleg populært i ein periode og gav nok ein oppsving for den gamle låta.

    Skjermdump / CrazyGames
  • Tegnede enhjørninger foran et rosa fjell av godteri

    Einhyrningen Charlie og venene hans drog på ekspedisjon til Candy Mountain. Videoen vart ein umiddelbar klassikar blant fleire.

    16.05.25 Skjermdump fra Youtube / FilmCow
  • Nettsiden Sau.no med bilde av en sau. Under står det Sauer er dumme dyr. Sauer er mat for bl.a. ulv

    Det er ganske mykje teit på internett. Men sau.no tar kanskje kaka for mange. Ein kunne òg klikka seg vidare til «systersidene» ulv.no og elg.no.

    11.05.25 Skjermdump via Wayback machine / Sau.no

Vekk frå ei anonym verd

Ein av dei verkeleg store milepælane i internetts historie var då Facebook kom.

Då endra ting seg nærast over natta, meiner Anne Gunn Halvorsen.

Både forum og chattesider vart offer for denne nye oppfinninga til Mark Zuckerberg.

I mylderet av nettsider med skrikande fargar og blinkande bilete skilde det amerikanske nettsamfunnet seg ut frå første stund, med sitt reine, blåkvite design.

Og ikkje minst: med bruken av heile namn.

– Det var slutt på det med at internett kunne tilby ei parallell verd der du kunne vera kven som helst. No vart du berre ei utvida versjon av den du allereie var, seier Halvorsen.

For lenge var det ikkje vanleg å bruka det ekte namnet sitt på internett. I staden for laga ein «nicknames», forkorta «nick», som gjerne følgde ein frå nettstad til nettstad.

Sjølv kalla ho seg «Delfinia», eit namn som har følgt ho sidan.

En liten blå plastdelfin og morsomme briller ligger på datateknologi fra 2000-tallet.

Nicknames hadde ikkje nødvendigvis noko å gjera med det ekte namnet ditt. Delfinia, til dømes, var tilfeldig valt.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Med inntoget av Facebook vart det dessutan meir vanleg med bilete av personar. Det hadde det vore dårleg med før, fordi digitalkamera ikkje hadde vore ei greie før no.

Då algoritmar vart eit ord alle kunne

I takt med at internett har vakse og utvida seg, har det vorte vanskelegare å få oversikt.

Kva du ser, kan vera heilt ulikt frå kva naboen din eller mora di ser. Me har ikkje lenger dei same opplevingane på nett.

– Viss ein spolar langt nok tilbake i tid, så hadde me berre NRK. Eitt stort leirbål. Så fekk me fleire leirbål. No er det mange små faklar rundt omkring, seier Magnus Hoem Iversen.

I 2010 presenterte Facebook noko som verkeleg skulle vera med på å utvikla internett frå eit slags leirbål til tallause faklar.

På ein konferanse gjekk ingeniørane Ruchi Sanghvi og Ari Steinberg gjennom den såkalla EdgeRank, skriv Tech Crunch.

Det var starten på det algoritme-styrte Facebook me kjenner i dag, kor du ikkje nødvendigvis får opp innhald frå folk eller sider du følger. I staden vil Facebook visa deg det algoritmen trur du vil lika.

– Det er ein milepæl, når Facebook går frå å visa fram innhald i kronologisk rekkefølge til innhald basert på interesseindikatorar du har lagt igjen, seier Iversen.

Dermed vart òg algoritme eit ord alle plutseleg «måtte» kunna – noko òg søkehistorikken til nordmenn viser.

Frå 1. januar 2008 til august 2010 var det ikkje eit einaste søk i Noreg på ordet algoritme. Månaden etter var det plutseleg 51 søk.

Eit splitta nett

Kva innhald du får opp på internett kan òg vera heilt annleis sett ut frå kor i verda du er.

Det vert gjerne kalla «splinternett», ifølge Magnus Hoem Iversen.

Er du i Russland eller Kina vil du få opp heilt anna innhald enn viss du er i Europa, til dømes. Mellom anna fordi land har ulike reglar for kva innhald som er lov.

– Ein får ganske store, men lokale «bobler» med innhald som vil forandra seg etter kor i verda du er. Internett er ikkje éin ting. Det har det kanskje aldri vore, men det er veldig tydeleg no iallfall, seier han.

Dessutan spår mange at internett vil verta forslumma. Eller «shitified» som det vert kalla på engelsk.

– At mengda tulleinnhald og KI-generert innhald kjem til å overskygga det som er produsert av folk, innan kort tid. Det vil prega korleis det er å vera på nett òg. Viss alt er kunstig skvip, er det ikkje sikkert det er like gøy å vera der. Eller kven veit? spør Iversen retorisk.

Hugsar du dette frå internett på 2010-talet?

  • Baotis-memen, tegneserie med fire ruter om båtis.

    Baotis-memen var ein av dei mest populære på sida Artige.no, som vart enormt populær frå 2011. Men sjølv ikkje mannen bak heimesida skjønar poenget med memen fullt ut.

    Foto: Skjermdump
  • Nærbilde av ansiktet til ei jente, i bakgrunnen en stor flokk med gjess og et hus

    På Vine kunne ein dela videosnuttar på opp til seks sekund. Det var mykje absurd der, som denne videoen av ei lita jente som kallar ein flokk gjæser for kyllingar.

    16.05.25 Skjermdump fra Youtube
  • En person ligger rett ut på taket til en traktor

    Planking vart ein av dei fyrste store trendane som smitta over frå internett til den verkelege verda. Poenget (viss ein kan kalla det det) var å legga seg flatt på rare plassar og ta bilete av det.

    Foto: Øivind Eskedal / NRK
  • Tegnet bilde av en skoleklasse med ryggen til som maler på lerret

    Lasse Gjertsen vert kalla Noregs fyrste Youtube-stjerne. Den makabre animasjonsvideoen «Rødmaling» var kanskje den største hiten hans.

    16.05.25 Skjermdump fra Youtube / Lasse Gjertsen
  • Bilde av Pocahontas fra Disney-filmen ved samme navn

    «Schnogo didougu dugidou budibow» er ein av dei mest ikoniske linjene frå Pocahontas dub, laga av nordmannen Robin Elias Bekkevold. Videoen gjekk som ein farsott på internett rundt 2011.

    16.05.25 Skjermdump fra Youtube / Disney
  • Glorete nettside med manipulerte bilder av den svenske kongen Carl Gustaf med rare hatter på

    Som ein liten bonus vil eg trekka fram min favoritt-greie på internett nokosinne. Denne rare sida viste fram manipulerte bilete av den svenske kongen Carl Gustaf med rare hattar på.

    16.04.25 Skjermdump Zverige.com via Wayback machine

Skrekkhistorier og farlege trendar

Ein kjem heller ikkje unna at det har vore skrive mykje negativt om internett.

Skrekkhistorier av ulike slag har florert i fleire år.

Då eg vaks opp, til dømes, var det mykje snakk om at ein ikkje måtte oppgi namn eller adresse til ukjende – for då kunne framande menn dukka opp og kidnappa deg.

Dei seinare åra har det vore meir fokus på nettmobbing og «farlege» trendar i sosiale medium.

Og ikkje minst skjermtid, både i skulen og på fritida.

Me fokuserer altfor mykje på desse negative sidene, meiner Anne Gunn Halvorsen.

En iPhone 3G og andre smarttelefoner fra 2010-tallet ligger under et hardt hvitt lys, omsluttet av mørke.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Ein gløymer ofte det sosiale aspektet ved internett. At det kanskje er ein stad veldig mange treng for å fungera sosialt. Ein ser ikkje nyansane; ein tenker berre at skjerm er dårleg, punktum.

Augeblinken som endra alt

Sjølv opplever ho at internett har vore med på å gjera ho til den ho er i dag. Med vener og alt.

Hennar sterkaste internett-minne er om nettopp venskap.

Året før Halvorsen skulle konfirmerast, var det diskotek i nabogrenda.

Venene hennar fekk ikkje lov til å dra, og ho var redd for å måtte dra åleine. Difor avtalte ho med internett-venninna «Celine» å møtast der.

Ho tok bussen åleine og gjekk inn på diskoteket.

– Eg hugsar det så godt, eg høyrer berre nokon ropa «Delfinia!». Så snur eg meg, så er det «Celine», eller Åsa som ho eigentleg heiter, som står der. Ho kastar seg rundt halsen min og skrik inn i øyret mitt.

Det var nemleg det ein gjorde når nokon du kjende kom inn på IRC; skreiv «nick-et» deira med ein drøss av utropsteikn etter.

Saman med ei venninne av Åsa hang dei saman heile kvelden, og eit nytt venskap var født.

En stasjonær pc-skjerm fra 90-tallet står foran en heldekkende blå bakgrunn og gulv. Skjermen kaster en hard skygge over det blå gulvet.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Eit par år gjekk, og Halvorsen grua seg til å byrja på vidaregåande. Ho visste nemleg at i klasserommet skulle alle sitta to og to. Så sjølv om internett-Åsa og venninna skulle gå i same klasse, tenkte ho at dei ville sitta saman – og at ho måtte sitta åleine.

– Eg tenkte at «no døyr eg faktisk, fordi alle sit to og to. Eg kjenner ingen andre her», fortel Halvorsen.

Men så vinkar Åsa og viser at dei har dratt til seg ein tredje pult, etter å ha spurt læraren om lov.

– Det var ein life-changing augeblink for meg. Då skjønte eg at det går an. Viss du kjem inn åleine, vil det vera nokon som drar bort ein ekstra pult.

Og «Celine» og «Delfinia»?

Dei er framleis vener.

Publisert 25.05.2025, kl. 21.50

Read Entire Article