Internasjonal student arrestert i USA: Frykt og uro på campus

4 days ago 12

Tysdag denne veka blei ein student pågripen av maskerte agentar frå amerikanske immigrasjonsmyndigheiter (ICE).

Tyrkiske Rumeysa Ozturk er doktorgradsstudent ved Tufts University i USA.

Ein video frå nabolaget viser seks sivile betjentar som omringar Ozturk medan ho går aleine på gata.

ICE har bekrefta at ho er i deira forvaring. I ei utsegn frå Sikkerheitsdepartementet heiter det at visumet hennar er oppheva grunna påstått støtte til Hamas.

Det skriv The New York Times.

Sjå arrestasjonen av Ozturk her:

Student Rumeysa Ozturk blei arrestert av føderale agentar. På videoen blir ho omringa av ei gruppe maskerte menn og kvinner, som fører henne bort. I videoen seier agentane at dei er politiet. Ein forbipasserande spør dei kvifor dei har dekt til ansikta sine, og seier at han ikkje trur dei er frå politiet.

Kritiserte universitetet for band til Israel

Advokaten til Ozturk, Masha Khanbabai, seier til CNN at myndigheitene ikkje har forklart kva slags aktivitet dei meiner studenten skal ha deltatt i.

Men på universitetet er det fleire som no trekkjer linjer mellom arrestasjonen og ein kronikk Ozturk medverka til i fjor.

Det seier ein europeisk student ved universitetet som NRK har snakka med.

en person som holder et eple

Rumeysa Ozturk. Bilete frå 2021.

Foto: AP Photo / NTB

Ozturk var ein av fleire som medverka til ein kronikk i studentavisa Tufts Daily. Der kritiserte dei universitetet for å ikkje støtte palestinarane i større grad, og bad òg universitetet kutte band til selskap knytt til Israel.

I februar blei Ozturk dessutan omtalt av nettsida Canary Mission, ei side som svartelister studentar og aktivistar dei meiner er «anti-israelske».

– Viss ho blei arrestert fordi ho skreiv eit innlegg som uttrykte kritikk mot Israel, så er det svært urovekkande.

Det seier ein student ved Tufts som NRK har snakka med. NRK veit kven studenten er, men har valt å anonymisere personen fordi hen fryktar for represaliar.

Studenten skildrar stemninga ved Tufts etter hendinga som full av frykt.

– Stemninga på universitetet er prega av uro og frykt. Amerikanske studentar eg har snakka med, er redde for at ytringsfridomen er trua, seier hen.

Fleire studentar arresterte

Ein dommar har bestemt at Ozturk ikkje skal flyttast frå Massachusetts utan 48 timars varsel. Eit dokument viser likevel at ein person med same namn er i varetekt i Louisiana, skriv New York Times.

Riksadvokaten i Massachusetts, Andrea Joy Campbell, kallar arrestasjonen «forstyrrande». Ho tolkar den som eit forsøk på å skremme, ikkje skape tryggleik.

Ozturk blei arrestert med bakgrunn i ei sjeldan brukt lov som tillèt utvising av utlendingar som blir sett på som trugsmål mot USA.

Denne lova blei også brukt mot den palestinske studenten Mahmoud Khalil.

en person som holder et barn

Mahmoud Khalil, ein student ved Columbia University som spelte ei viktig rolle i pro-palestinske protestar ved universitetet, vart arrestert av amerikanske føderale immigrasjonsagentar i New York, USA, den 8. mars 2025.

Foto: The Family of Mahmoud Khalil / Reuters / NTB

Han var student ved Columbia University og leia protestrørsla mot Gaza-krigen ved amerikanske universitet i fjor vår.

Alireza Doroudi, ein iransk doktorgradsstudent ved University of Alabama, blei arrestert utanfor campus, ifølgje The New York Times.

Signerte presidentordre

Donald Trump signerte i januar ei ordre som krev deportasjon av internasjonale studentar involvert i «ulovlege demonstrasjonar», særleg pro-palestinske.

US Secretary of State Marco Rubio pays his first visit to the Middle East

USAs utanriksminister, Marco Rubio.

Foto: JOHAN ORDONEZ / AFP / NTB

Onsdag uttala USAs utanriksminister Marco Rubio at han har kansellert visuma til meir enn 300 «galningar» på grunn av det han hevdar er anti-israelsk aktivisme ved amerikanske universitet, melder AFP.

Universitetet blir etterforska

Tufts University er eitt av 60 universitet som er under etterforsking av det amerikanske utdanningsdepartementet for påstått antisemittisk trakassering og diskriminering.

Etterforskinga handlar ifølgje departementet om språk og handlingar under studentmøte og demonstrasjonar.

en gruppe mennesker som holder skilt

Foto: Faith Ninivaggi / Reuters / NTB

Etter arrestasjonen sende Tufts ein e-post der dei bad studentar varsle leiinga umiddelbart om dei ser føderale agentar på skulens område.

Dei skreiv òg at dei ikkje blei varsla om pågripinga av Ozturk. Dei kallar saka «skremmande og uroande», særleg sidan Ozturk vart arrestert på veg til å bryte fasta under ramadan.

Vi står saman med våre muslimske studentar, skriv universitetet.

Onsdag samla studentar seg til støttedemonstrasjon for Ozturk.

en gruppe mennesker som holder skilt

Hundrevis av menneske samla seg i Somerville, Massachusetts, den 26. mars 2025 for å krevje frigjeringa av Rumeysa Ozturk, ein tyrkisk student ved Tufts University, som vart arrestert av føderale agentar tysdag kveld.

Foto: Michael Casey / AP / NTB

Jurist: Problematisk å arrestere for politiske ytringar

Anine Kierulf, jurist og fyrsteamanuensis ved Universitet i Oslo, seier at amerikanske styresmakter har vide heimlar til å kontrollere innreise og visum.

Likevel understrekar ho at ytringsfridomen i USA òg gjeld utanlandske studentar som oppheld seg lovleg i landet.

Portrettbilder av anine kierulf

Anine Kierulf, jurist og fyrsteamanuensis ved Universitet i Oslo.

Foto: NRK

– Viss ei pågriping skjer på grunn av politiske ytringar, er det problematisk, seier ho.

Juristen meiner det er vanskeleg å konkludere ut frå nokre enkelttilfelle, men at sakene lèt etter seg nokre spørsmål.

– Når det ikkje finst opplysningar om terrorstøtte eller kriminalitet, reiser sakene frå Columbia og Tufts spørsmål om visumreglar no blir brukt mot politiske ytringar.

Ho understrekar at det ikkje finst tidlegare eksempel på at ei kopling mellom immigrasjonsrett og ytringsfridom har vore prøvd i retten.

Den norske studenten ved Tufts er likevel er bekymra for ytringsfridommen.

– Det følast ikkje lenger som eit land der ein kan bruke sine demokratiske rettar slik ein er vant til i Europa, seier Thorstad.

Interessert i utanriks? Høyr meir frå NRKs utanriksredaksjon:

Publisert 28.03.2025, kl. 05.49

Read Entire Article