Instagram-kjendisen Peanut vart avliva – no blir saka etterforska

1 week ago 5


Ekornet Peanut nærmar seg ein million følgjarar på Instagram.

I løpet av dei siste åra har han sjarmert følgjarar verda over med utkledning, vaffel-eting og triks.

Men i oktober var det slutt.

Henta to dyr

Då kom tilsette frå miljøverndepartementet (DEC) i New York heim til Mark Longo for å hente Peanut. Dei henta også vaskebjørnen Fred.

Forklaringa var at dei hadde fått meldingar om at dyra var skaffa og haldne på ulovleg vis, skriv NTB.

– Den siste veka har vore eit mareritt for meg og familien min, skreiv Mark Longo på Instagram etter at dyra vart henta. Posten har i skrivande stund 47.000 likarklikk.

Mark Longo og Peanut

REDDA: Mark Longo redda ekornet etter at mora vart påkøyrd av ein bil. Ifølgje han sjølv har dei vore bestevennar i sju år.

Foto: AP

Peanut beit ein av dei tilsette i miljøstyresmaktene. Då vart både ekornet og vaskebjørnen avliva, på grunn av frykt for virussjukdommen rabies.

– Det finnast eit helvete for dykk, skreiv han på Instagram, og viste til dei som hadde meldt frå til styresmaktene.

No er resultata klare, og begge dyra testa negativt på sjukdommen. Miljøstyresmaktene har no starta intern gransking av saka.

Saka har skapt stort engasjement, og tusenvis har posta bilde med emneknaggen #justiceforpeanut.

Skjermdump av emneknaggen #justiceforpeanut

INSTAGRAM: Skjermdump av emneknaggen #justiceforpeanut.

Foto: Skjermdump

Redda etter påkøyrsel

Peanut har dei siste sju åra budd heime hos Mark Longo i Pine City, som ligg nær grensa til Pennsylvania. Han redda ekornet etter at mora vart påkøyrd av ein bil.

Han prøvde å sleppe ekornet ut i naturen igjen, men ekornet kom tilbake. Då var ein del av halen vekke.

No varslar Longo at han vil saksøke styresmaktene.

Longo har blitt skulda for å bruke ekornet til å promotere kontoen sin på OnlyFans. Dette avviser han til avisa The Independent.

Han hadde heller ikkje lisens til å ha dei ville dyra heime hos seg.

– Vi var i ferd med å skaffe papira, men trengde hjelp frå miljøverndepartementet i New York, seier han til CBS New York.

Peanut spiser vaffle

VAFLAR: Peanut og Mark Longo et vaflar.

Foto: Skjermdump frå Instagram

Longo skriv vidare at han er sjokkert og føler på avsky, fordi Peanut har vore hans beste venn dei siste sju åra.

Fekk merksemda til Trump

To dagar før presidentvalet i USA hamna også Peanut i den amerikanske valkampen.

JD Vance, Trump sin visepresidentkandidat, sa under eit valmøte at Trump var oppgitt over ekornets død.

– Dei same styresmaktene som ikkje bryr seg om at hundretusenvis av ulovlege, kriminelle immigrantar kjem inn i landet vårt, vil ikkje at vi skal ha kjæledyr. Det er det sprøaste, sa han til Trump-supportarar i Nord-Carolina.

Publisert 13.11.2024, kl. 15.12

Read Entire Article