Inneklima: Verst i fleksible kontorlandskap

4 hours ago 2


Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Dårleg inneklima kan gje hovudpine og luftvegsplager. Forskarer har sett på fleire ulike kontortypar.

Tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon kan føre til luftvegsplager og hovudpine. (Foto: Therese Alice Sanne / VG / NTB)

For å spare pengar har mange arbeidsgjevarar gått bort frå kontor der ein sit åleine til større, opne kontorlandskap.

Forskarane Therese Nitter Moazami (OsloMet) og Tom Sterud (STAMI) har sett på korleis ulike kontortypar påverkar inneklima og helse.

Resultata viser at tilsette i opne kontorlandskap oftare opplevde dårleg inneklima enn dei med eige kontor. 

Verst var det i fleksible kontorlandskap. Det same gjaldt rom med over 24 personar.

Fleksible kontorlandskap er ein type kontor der tilsette ikkje har faste arbeidsplassar. I staden deler dei eit felles kontorareal med andre. Då finn dei seg ein ledig plass kvar gong dei kjem på jobb. Dette er også kjend som fritt seteval, fleksible arbeidsplassar eller «clean desk».

Fleire helseplager i landskap

– Tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon var sterkt knytt til auka risiko for sjølvopplevde luftvegsplager og hovudpine, fortel Therese Nitter Moazami.

Studien viser at dårleg inneklima kombinert med kontorlandskap, førte til litt meir helseplager enn hos dei som sat på kontor åleine, som også opplevde dårleg inneklima.

Forskarane understrekar at kontorlandskap i seg sjølv ikkje fører til helseplager, men inneklimaet er viktig.

Kvifor er inneklimaet dårlegare i landskap?

Moazami meiner det er fleire grunnar til at inneklimaet kan opplevast som dårlegare i opne kontorlandskap. Som desse:

  • Meir støy og mindre privatliv.
  • Manglande høve til å justere temperatur, opne vindauge eller justere lys etter eigne behov.
  • At dei tilsette vert påverka av opplevingane til andre i opne kontorlandskap.

– Det er ofte mykje vanskelegare å ventilere store rom enn små cellekontor. Dårleg ventilasjon kan også auke risikoen for smittsame sjukdomar, seier Moazami.

Klimatiltak for å betre arbeidsmiljøet

For å redusere helseplager og betre inneklimaet i delte kontorløysingar, foreslår forskarane fleire tiltak:

  • Sikre god luftsirkulasjon og jamleg vedlikehald.
  • Tilgang til justerbart lys, personlege vifter eller eigne stillerom.
  • Skjerming mot trekk og fleksible sitjeplassar som kan betre komforten.

Forskarane understrekar at kvar arbeidsplass må finne sine eigne løysingar. Utfordringane varierer nemleg frå yrke til yrke.

Det er også verd å merke seg: Når inneklimaet vert rekna som godt, er skilnaden i helseplager mellom delte kontor og åleinekontor svært liten.

Meir individuell kontroll kan betre inneklimaet, og arbeidsmiljøet. (Foto: Therese Alice Sanne / VG / NTB)

Påminning om kor viktig inneklimaet er

Studien viser kor viktig godt inneklima er for helse og trivsel på arbeidsplassen.

Kontorlandskap kan spare materiale og energi. Men dårleg inneklima kan også gje ekstra kostnader.

– Når tilsette har god kontroll over inneklimaet og kan tilpasse arbeidsmiljøet, aukar trivselen og produktiviteten, seier Moazami.

Ho meiner forskinga kan gje innsikt til arbeidsgjevarar og arkitektar. Dei kan bruke kunnskapen til å skape betre arbeidsplassar.

Ho legg til at lønn ofte er den største utgifta. Redusert produktivitet og misnøye kan også koste. Ofte er det dyrare enn det ein sparer på energi eller areal.

Referanse:

Therese Nitter Moazami og Tom Sterud: Self-reported indoor climate in shared vs. private offices and its effects on headache and respiratory symptoms in Norwegian office workers. Indoor Environments, 2025. Doi.org/10.1016/j.indenv.2025.100118

Om studien

Studien analyserte data frå 7968 norske kontorarbeidarar. Alle hadde minimum 50 prosent av arbeidsdagen sin på kontor. Statistisk sentralbyrå samla inn data i 2016 og 2019.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article