Ein huseigar truar med å gå til retten etter at huset hans har blitt liggande som ei øy mellom E39 og Bruland sandtak i Sunnfjord kommune.
Huset vart bygd av foreldra i 1957, og har fått mindre armslag ettersom sandtaket har «ete» seg innpå.
Om ikkje det var sjenerande nok, så må huseigaren førebu seg på 170 daglege hjullastar utanfor stovevindauget når sandtaket skal fyllast opp at med tunnelmasse (meir om det lenger ned).
– Det blir nærmast uleveleg der. Klienten min er 60 år gammal, og vil få alderdommen sin øydelagt, seier advokat Endre Grande til NRK.
På vegner av klienten – som ikkje ønsker å stå fram med namn og bilde – har han bede kommunen om å ta over den «samanklemte eigedommen».
Det seier kommunen nei til, og peikar i staden på eigaren av nabotomta (Firda Billag).
Til det svarer naboen at det har dei ikkje til hensikt å gjere, og at det om nokon er kommunen sitt ansvar å forløyse den uheldige huseigaren.
Og der har saka stått i fleire månader, med tre partar som peikar på kvarandre.
Føljetongen om huset på kanten er òg dokumentert gjennom ein serie artiklar i avisa Firda.
– Eg føler med huseigaren
Etter gjentekne «dialogmøte» som ikkje har ført fram, håpar huseigaren at saka pensar inn på eit nytt spor når ho skal på bordet til formannskapet i kommunen neste veke.
– Eg føler med huseigaren og situasjonen hans. Eg håpar han finn ei så god løysing som råd, seier Marius Dalin, som representerer MDG i formannskapet.
Politisk vilje eller ei – det springande punktet er om dei juridiske vilkåra for ekspropriasjon er oppfylte.
Desse er nærare angitt i tre ulike lovverk: Plan- og bygningslova, oreigningslova og «grannelova».
– Eg vil tru at oreigningslova kan komme til bruk her, seier professor i rettsvitskap, Øyvind Ravna.
Han nemner i første rekke paragraf åtte som opnar for at huseigaren kan krevje å få løyst inn heile eigedomen, sjølv om berre delar av han blir ramma.
NRK har snakka med ekspertar på eigedomsrett som resonnerer på same vis. Sjå lengre ned.
Kommunen vil vente med å kommentere
I skissa til ny reguleringsplan vil kommunen ta ut delar av den aktuelle eigedommen når sandtaket skal fyllast med 500.000 kubikkmeter med grus og stein frå den planlagde Hafstadtunnelen frå neste år.
Det svarer til 170 lastebil-lass med stein – kvar dag i tre år, og vil svekke verdien på tomta ytterlegare, skriv advokat Grande i eit høyringsinnspel til kommunen:
«Bustaden vil bli utsett for støy, støv og trafikkaktivitet frå store og tunge køyretøy i anleggsperioden som vil gå over fleire år store delar av døgnet».
Til dette har tomteeigaren sagt at dei kan vere villige til å bygge ein voll mot støyen.
– Ingen nye kommentarar frå vår side, seier administrerande direktør i Firda Billag, Nils Huus til NRK.
Kommuneleiinga er like ordknappe:
– Eg vil ikkje kommentere ei sak som går føre seg. Eg vil prøve å løyse henne, seier kommunedirektør Terje Heggheim.
– Eg vil vente med å kommentere til det (formannskapsmøtet) er gjennomført, svarer ordførar Jenny Følling (Sp).
Innstillinga til formannskapet skal opp i kommunestyret 28. februar.
Om ikkje av nåde, så av rett
Ekspert på eigedomsjus, Per Amund Uldalen, anbefaler huseigaren å påkalle den såkalla grannelova:
– Om verksemda på nabotomta er sjenerande, er det først og fremst denne lova som set grenser for kva ein må finne seg i, seier han.
Grannelova set grenser for kva du kan tole frå naboen, og kva som utløyser erstatningskrav.
– Kva ein må finne seg i og kva krav ein kan sette fram, vil henge saman med ei vurdering av ei rekke forhold, presiserer Uldalen.
– Det handlar blant anna om kva det er rimeleg å vente, og kven av naboane som etablerte seg først.
Per Amund Uldalen, advokatfirmaet Haavind AS
Plan- og bygningslova gir grunneigar tilgang til å krevje innløysing i visse tilfelle dersom kommuneplan eller reguleringsplan bestemmer ein ny arealbruk som rammar ein eigedom svært hardt. Vilkåra for dette er strenge og det er i praksis tale om snevre unntaksreglar. I tillegg gjeld tidsgrenser for når innløysingskrav må vere sett fram.
Endre Grande, advokat for huseigaren
Dette er skuffande og beklageleg. Kommunen kunne ha løyst dette ved å markere at eigedomen må innløysast i ein litt utvida plan som tek med heile eigedomen.
Øyvind Ravna, professor i rettsvitskap
Eg vil tru at oreigningslova kan komme til bruk her.
Publisert 06.02.2025, kl. 14.20