Etter ei veke med tøffe forhandlingar i regi av FN, har partane ikkje klart å bli einige.
– Vi må bygge vidare på den framgangen vi har fått til, sa forhandlingsleiar Luis Vayas Valdivieso under eit plenumsmøte søndag.
Der kom det fram at landa er einige om å møtast igjen på eit seinare tidspunkt for å halde fram samtalane og avslutte forhandlingane.
– Problemet er at eit mindretal av land med sterke oljeinteresser vil stoppe alt som kan avgrense vidare ekspansjon av plast, fortel Eirik Lindebjerg fortvila til NRK i Busan.
Han er leiar for internasjonal plastpolitikk i WWF Verdas naturfond, miljøorganisasjonen som i 2018 la fram ideen om ein global plastavtale.
No må dei altså gå tomhendte heim.
Global plastavtale
Måndag byrja det som etter planen skulle vere femte og siste forhandlingsrunde for å få på plass ein global plastavtale i Busan, Sør-Korea.
Representantar frå over 175 land er til stades og målet er å lande verdas første traktat for å få slutt på plastforureining, i form av ein rettsleg bindande avtale før jul.
Miljøaktivistar på stranda tar til ordre for ein sterk global avtale for å stoppe plastforureining.
Foto: Son Hyung-joo / AP– Når ein har ein slik konsensuskultur, gjer det at ein ikkje klarar å gå vidare sjølv om eit stort fleirtal av land vil nettopp det. Dynamikken her inne hindrar framdrift, fortel Lindebjerg i WWF.
Han peikar på at den petrokjemiske industrien vil gjere det dei kan for å stoppe ein ambisiøs internasjonal avtale.
Eirik Lindebjerg er i Busan for å leie WWF Verdas naturfond sin internasjonale plastpolitikk.
Foto: Philip Alan Lote / NRK– Eit globalt svik
I morgontimane samla landa i Det globale sør seg for eit siste forsøk på å lande ein sterk avtale. Dei meiner avtaleteksten som no ligg på bordet er for svak.
– Nok ein gong har formannskapet føya seg for petrokjemien sin vilje og avvist fleirtalet sitt krav, i ein fullstendig ugjennomsiktig og ekskluderande prosess, sa Arpita Bhagat, leiar for plast i GAIA Asia Pacific.
Landa omtalar det heile som mindretalets tyranni.
– Dersom vi ikkje får ein ambisiøs avtale, vil det vere eit globalt svik. Historia vil ikkje tilgje oss. Dette er tida for å ta ansvar eller trekkje seg, sa Panama sin sjefforhandlar Juan Carlos Monterrey.
Panama sin spesialutsending for klima- og miljø, Juan Carlos Monterrey, under ein pressekonferanse søndag.
Foto: ANTHONY WALLACE / AFPLanda er einige om at det er betre å forlate Busan utan ein avtale, enn å ta til takke med ein svak og frivillig avtale.
– Får vi ikkje den avtalen vi ynskjer, kjem vi tilbake ein annan gong, sa Ghana sin forhandlingsleiar Sam Adu-Kumi under søndagens pressekonferanse.
Ein sørkoreansk miljøaktivist protesterer utanfor forhandlingslokala i Busan.
Foto: Ahn Young-joon / APTøffe forhandlingar
Det er steile frontar ved forhandlingsbordet.
Den eine sida tar til orde for ein ambisiøs og rettsleg bindande avtale med konkrete tiltak som ser på heile plasten sitt livsløp frå produksjon til avfall.
Her finn vi Noreg og Rwanda som leiar den såkalla høgambisjonskoalisjonen som består av 68 land verda over.
Representantane frå Det globale sør forsøkjer å halde motet oppe trass i motgang og harde forhandlingar.
Foto: Ahn Young-joon / APPå den andre sida står den petrokjemiske industrien, representert av land som Saudi-Arabia og Russland.
Dei vil fokusere på avfallshandtering av allereie eksisterande plast fordi dei meiner det å avgrense produksjonen vil ramme økonomien.
Ein kunstinstallasjon utanfor forhandlingslokala syner ein kval full av plast.
Foto: ANTHONY WALLACE / AFPStridstema
Det er ulike meiningar rundt kor streng ein endeleg avtaletekst skal vere, spesielt når det kjem til handtering av eingongsplast, problematiske kjemikaliar i plast og det å sette eit tak på plastproduksjonen.
I tillegg er det snakk om produktdesign, avfallshandtering, finansiering og implementering.
Representantar frå over 175 land er på plass i Busan, Sør-Korea.
Foto: ANTHONY WALLACE / AFPMiljøproblem
Kvart år blir det produsert 430 millionar tonn ny plast, ifølge tal frå Verdas naturfond. Berre 9 prosent av denne plasten blir resirkulert på verdsbasis.
I dag står ingen land ansvarlege for den plasten dei forureinar med, og det er heller ingen internasjonale krav til at dei som forureinar skal avgrense denne forsøplinga.
– Plast er gift. Kvar einaste plastbit vi får lov til å produsere utan avgrensingar, er eit direkte angrep på helsa vår, naturen vår og borna våre. Dei som blokkerer framsteg, lar denne krisa ulme. Og den vil ta livet av oss, seier Panama sin utsending Juan Carlos Monterrey.
Miljøaktivistar protesterer utanfor konferansesenteret i Busan.
Foto: ROLAND DE COURSON / AFPTrass i motgang, vil dei ambisiøse landa kjempe til siste slutt.
– Denne avtalen er større enn oss alle. Det handlar om å redde planeten. Det handlar om å redde menneskja. Vi kjem til å presse på heilt til siste slutt, seier Fiji sin klima- og miljøminister Sivendra Michael.
Publisert 01.12.2024, kl. 13.46 Oppdatert 01.12.2024, kl. 13.52