I tråd med felleseuropeiske krav er norske lufthamner i ferd med å innføre eit nytt system for å styre flya trygt ned på bakken.
No seier fleire at avgjerda om å erstatte old school radiosignal med satellittnavigasjon var forhasta, og ber preg av å ha tatt form i ei «meir uskuldig tid».
– Her har det gått for fort i svingane, seier president i Flygarforbundet, Synnøve Egeness Lilleli.
Så langt i 2025 har Luftfartstilsynet fått inn fleire rapportar om GPS-forstyrringar enn nokon gong tidlegare.
Widerøe opplyser at dei vurderer å innføre vektavgrensingar (færre passasjerar) for å kunne bere med seg meir reservedrivstoff.
Forklaringa er at flyselskapet ikkje lenger kan ta for gitt at dei kan lande som bestilt.
– Vi støttar initiativ som bidrar til å reetablere bakkebaserte navigasjonshjelpemiddel, seier Silje Brandvoll i Widerøe.
Seksjonsleiar for flysikring i Luftfartstilsynet Henning R. Tennes har tidlegare sagt til NRK at GNSS-forstyrringar «kan bidra til auka arbeidsmengd for pilotane og påverke regulariteten ved enkelte lufthamner, spesielt ved vinteroperasjonar og dårleg vêr».
– Må ha løysingar som kan fungere i krisesituasjonar
I eit skriftleg spørsmål til samferdselsdepartementet spør Høgre om regjeringa vil trekke i nødbremsen «i lys av at den sikkerheitspolitiske situasjonen har endra seg».
Bakgrunnen er daglege rapportar om at ikkje nærare identifiserte krefter forstyrrar og manipulerer GNSS-signala som det nye systemet baserer seg på.
Trond Helleland (H) etterlyser ein breiare debatt om beredskapen ved norske flyplassar, og «truar» med at eit fleirtal på Stortinget har makt til å tvinge regjeringa til å gjere retrett. – Eg opplever at regjeringa er bakpå i mange spørsmål om tryggleik og beredskap, også her.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Det er openbert at vi må ha løysingar som kan fungere i krisesituasjonar, seier Bård Hoksrud (Frp) i Transport- og kommunikasjonskomiteen.
Han meiner myndigheitene er i ferd med å legge altfor mange egg i den same høgteknologiske korga.
– Om regjeringa ikkje forstår dette, så må Stortinget gripe inn.
Avinor svarer at dei har trekt i nødbremsen ved fire lufthamner i Finnmark, men at dei står inne for vurderinga om å skru av radiosignala ved dei 19 minste flyplassane.
Sjå svar frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård lengre ned.
– Dei mange hendingane med forstyrringar av flytrafikken vi har sett den siste tida, tilseier at det er fornuftig å ta ei ny vurdering, seier Venstre-leiar Guri Melby.
Foto: Øystein Løwer / AvinorAvinor: – Ikkje sikkerheitskritisk
– Utfasinga av bakkebaserte anlegg på ein del av dei minste flyplassane blir ikkje vurdert som sikkerheitskritisk, seier Avinor-sjef Abraham Foss til NRK.
Sjå heile svaret under.
Ifølge flyplasseigaren vil overgangen til satellittnavigasjon gi fem gevinstar for norsk luftfart.
Britiske myndigheiter reviderte i fjor målet om å fase ut sine «gammaldagse» navigasjonsanlegg.
I staden staka dei ut ein «meir hardfør strategi» der gamle og nye system skal eksistere side om side.
Terje Pedersen / NTB
Jon-Ivar Nygård, samferdselsminister
Avinor vurderer det slik at det talet på alternative (konvensjonelle) navigasjonsanlegg som skal haldast operative, er tilstrekkeleg for å vareta sikkerheita i luftfarten. Luftfartstilsynet, som ansvarleg myndigheit for sikkerheita i luftfarten, følger også denne utviklinga nøye. Det er derfor mi vurdering at sikkerheita i luftfarten er tilstrekkeleg varetatt.
Norsk Flygerforbund
Synnøve Egeness Lilleli, President i Norsk flygerforbund
Dette er noko vi har hatt på radaren lenge, for å seie det sånn. Vi er tilhengarar av teknologisk utvikling, men her har det gått for fort i svingane. No står vi utan bakkebasert navigasjonssystem på mange flyplassar, og det skaper jo ... utfordringar. Spesielt med tanke på dette med «jamming», og «spoofing» som er enda skumlare.
Jens Salt, leiar for flysikkerheit i Pilotforbundet
GPS-basert navigasjon er vi positive til, men vi er skeptiske til utfasinga av konvensjonelle (bakkebaserte) navigasjonshjelpemiddel - blant anna av sikkerheitspolitiske årsaker. Sjølv om dagens system er robust, ser vi at situasjonen blir utvikla raskt, og at GPS-forstyrringar i dag er svært vanleg enkelte stader i Europa. Her er vi rett og slett sårbare. Vi må ha både-og - i alle fall ei stund.
Ole Berg-Rusten / NTB
Erik Lahnstein, leier i NHO Luftfart
Slik som den sikkerheitspolitiske situasjonen utviklar seg, så må vi bruke meir tid på å kartlegge utfordringar knytte til spoofing og jamming, men også sørge for at vi har på plass nødvendige system. Så er det rimeleg at staten plukkar opp den ekstrarekninga som vil komme med å drive med doble system.
Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK
Jørgen Kristiansen, transportpolitisk talsperson i KrF
Vi bør stoppe utfasinga av det tradisjonelle navigasjonssystemet nå. Vi treng eit trygt, forsvarleg og operativt navigasjonssystem ved norske flyplassar. Det må vere robust, med fungerande backup-løysingar, slik at norsk luftfart baserer seg på eit system vi kan stole på også i ein skjerpa sikkerheitspolitisk situasjon.
Ismail Burak Akkan / NRK
Guri Melby, Venstre-leiar
Dei mange hendingane med forstyrringar av flytrafikken vi har sett den siste tida, tilseier at det er fornuftig å ta ei ny vurdering av den planlagde utfasinga av bakkebaserte navigasjonsanlegg.
Ola Helness
Silje Brandvoll, direktør for Kommunikasjon og Samfunnskontakt i Widerøe
Som operatør er vi avhengige av føreseielegheit for å kunne levere eit tilfredsstillande transporttilbod. Vi støttar initiativ som bidrar til å reetablere bakkebaserte navigasjonshjelpemiddel – ikkje berre i Finnmark, men også i større delar av Noreg – slik at vi står godt rusta dersom behovet oppstår. Vi meiner dette vil vere positivt for samfunnssikkerheita og regulariteten i utsette område.
Terje Bendiksby / NTB scanpix
Trond Helleland, Høgre
Regjeringa må ta ei ny vurdering om det er klokt å fortsette utfasinga av tradisjonelle navigasjonssystem, seier stortingsrepresentant for Høgre.
Jan Langhaug / NTB
Bård Hoksrud, Framstegspartiet
Vi meiner at samfunnskritisk infrastruktur av beredskapsomsyn må baserast på eit teknologimangfald. Dette må gjeld for flyplassar som for alle andre delar av infrastrukturen vår som er viktige for beredskapen i samfunnet. I valet mellom beredskapsomsyn og klimapolitikk må tryggleiken og beredskapen i samfunnet ha forrang.
Hallgeir Braastad / NRK
Christian Kamhaug, luftfartsekspert og programleiar i Flypodden
Dei moderne digitale løysingane som Avinor har implementert er mykje betre, meir effektive og sikrare enn dei gamle systema ... heilt til dei ikkje verkar. Luftfarten er avhengig av at det finst både ein og to back-up system som gjer luftfarten så sikker som det kan bli. Noreg er heilt avhengig av eit fungerande luftfartssystem, og vi må aldri gå på akkord med sikkerheita.
Leif Dalen / NRK
Espen Slette, avdelingsdirektør i Nkom
Det er viktig at alle tenker over sårbarheitene sine, slik at ein har fleire bein å stå på dersom eit system skulle vere utilgjengeleg. Myndigheitene jobbar også med alternativ til satellittbaserte løysingar, slik at vi kan få redusert avhengnaden til satellittbasert posisjons-, navigasjons- og tidstenester.
– Må ha fleire bein å stå på
– Sikkerheita på norske flyplassar er ein viktig del av beredskapen vår, seier Venstre-leiar Guri Melby.
– Det gjeld over heile landet, ikkje berre i Finnmark. Eg meiner det er klokt å sjå tidlegare avgjerder i eit nytt lys når sikkerheitssituasjonen i endrar seg.
følge Forsvarets Forum har omfanget av jamming og spoofing ved grensa til Russland nådd eit nivå som nasjonale myndigheiter ikkje ønsker merksemd om – fordi meir publisitet kan oppmuntre til meir sabotasje og gjere vondt verre.
Ifølge regjeringa er talet på konvensjonelle navigasjonsanlegg tilstrekkeleg for å vareta sikkerheita i luftfarten.
Foto: NTBI Noreg er det Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som overvaker signal.
Nkom-direktør Espen Slette seier til NRK at han «legg til grunn at alle kritiske system og tenester som er avhengige av satellittbasert posisjon, navigasjon eller tid har alternative løysingar».
– Det er viktig at alle tenker over sårbarheitene sine, slik at ein har fleire bein å stå på.
Per i dag planlegg Avinor å behalde reserveløysingar ved dei mest utsette og trafikkerte lufthamnene. Men ved 19 flyplassar er det ingen analoge backup-planar.
Foto: SamferdselsdepartementetPublisert 01.12.2025, kl. 22.49













English (US)