Høgre-politikar Ine Eriksen Søreide uttrykkjer sterk uro for reklamekampanjen frå partiet Fred og rettferd (FOR).
Den har prega både T-banevognene i Oslo og media her i Noreg dei siste dagane. Men den blei brått avslutta måndag kveld.
Ho meiner kampanjen kan ha vore finansiert av russiske interesser.
– Til dei gjer greie for kvar dei hentar pengane sine, så meiner eg det er all grunn til å tru at dette kan vere utanlandske pengar, nærare bestemt, russiske pengar.
Kampanjen, som har synt plakatar med bodskapen «Nei til 85 milliardar til krig i Ukraina!» på T-banen i Oslo, har vekt kraftige reaksjonar.
NRK har lagt fram påstandane frå Ine Eriksen Søreide for partileiar Marielle Leraand i FOR. Ho har førebels ikkje svart på det Søreide seier.
Krev openheit
Søreide krev full openheit om finansieringa.
Partiet nektar for russisk støtte – men vil framleis ikkje fortelje kven som har betalt den omstridde kampanjen.
Partileiar Marielle Leraand vil ikkje seie kven som har betalt for kampanjen, trass i at dei avslutta den måndag.
Tidlegare har ho sagt følgjande til NRK:
– Vi har ingenting å skjule og ønskjer velkomen ei gransking, seier Leraand til NRK.
Ho insisterer på at partiet følgjer norsk lov.
Førstekandidat for partiet i Akershus, Glenn Diesen, hevdar at det er norske pengar.
Marielle Leraand er leiar for partiet FOR.
Foto: FORAnonyme bidrag er ulovleg
Partilovnemnda, som har ansvar for å kontrollere at politiske parti følgjer reglane for finansiering, har no starta undersøkingar.
Undersøkingar som vil halde fram uavhengig av bråstoppen.
Leiar Ragna Aarli seier det er naturleg å stille spørsmål ved om partiet har hatt økonomisk evne til å finansiere kampanjen på eiga hand.
– Ein har ikkje lov til å få anonyme bidrag eller bidrag frå utlandet, sa Aarli i Partilovnemnda til NRK måndag.
Professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo, tidlegare leiar for Partilovnemnda, understrekar at det ikkje er forbode med politisk reklame i Noreg.
Men lova krev openheit om kvar pengane kjem frå.
– Dersom partiet ikkje opplyser om finansieringa innan fristen, kan det vere brot på lova, seier Smith.
– Må vere merksame
Ine Eriksen Søreide peikar på at russisk påverknad i vestlege val ikkje er noko nytt, og nemner fleire døme frå Europa og USA.
Ho trekk mellom anna på at Romania måtte gjennomføre eit nytt presidentval på grunn av russisk påverknad.
Søreide åtvarar mot at Noreg kan bli utsett for liknande forsøk på påverknad fram mot stortingsvalet 8. september.
– Vi må i mykje større grad også vere merksame på denne typen påverknadsforsøk, som vi har sett mange stader i Europa.
Publisert 20.05.2025, kl. 05.45