Den internasjonale straffedomstolen (ICC) utsteder arrestordrar på Israels statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og Hamas-leiar Mohammed al-Masri.
Dei følger oppmodinga frå sjefsaktor Karim Khan i mai.
Domstolen seier dei har grunnar til å tru at Netanyahu og Gallant var kjende med israelske angrep på sivile palestinarar, og at dei er skuldige i mord, forfølging og andre «umenneskelege handlingar».
Dei meiner også at Netanyahu og Gallant har brukt svolt som våpen mot palestinarane.