I helga kan du nyte sommartemperaturar

6 days ago 13


Har du allereie pakka ned sommarkleda burde du kanskje leite dei fram igjen.

For sjølv om vi er komen til september og hausten offisielt er her, er det lite som tydar på at haustvêret er på veg.

Denne helga kan meteorologane melde om at det blir sommardagar på over 20 grader fleire stadar i landet.

– Det blir framleis eit sommarleg preg i helga, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

September i Vestvågøy i Lofoten.

Det har vore varmt over store delar av landet denne veka, og helga blir ikkje noko dårlegare. Dette bilete er frå Vestvågøy i Lofoten no i september.

Foto: Annie Monsen / NRK

Nyt siste rest av sommarvarmen

– Ei forlenging av sommaren kan vi kalle dette her, seier Fagerlid.

Allereie frå fredag kan store delar av landet kose seg med sommarvarme. Det skal halde fram heile helga.

Det er varmen i Europa som trekker nordover mot Skandinavia og deler av dei gode temperaturane.

– Stikkordet framover er varmt og ustabilt, seier Fagerlid.

For sjølv om temperaturane vil kome opp mot 20 grader vil vêret elles vere prega av skyer.

– Det blir ikkje så mykje sol, men ein god del skyer og nokre byer med regn.

en side i en bok

Meteorolog Geir Ottar Fagerlid oppfordrar folk til å nyte den siste resten av sommar før hausten står for dør. – Det er mange som skal vere fornøgde med temperaturane i helga, seier Fagerlid.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Men stort sett blir det tørt og fint, perfekt vêr for dei som skal på jakt meiner meteorologen.

Og det varme vêret stoppar ikkje i helga. Fagerlid fortel at måndagen ser ut til å bli både varm og solfylt.

– Måndag er kanskje den beste dagen i Sør -Noreg med temperaturar opp mot 25 grader. Spesielt på Vestlandet og i Midt -Noreg.

Varmerekord i Trøndelag

På torsdag blei det sett varmerekord på fleire målestasjonar i Trøndelag.

– Det er mykje opphaldsvêr, og tørt og fint i Trøndelag, seier Fagerlid.

På Åfjord, i Ørland og Orkdal-Tamshavn blei det målt ny varmerekord.

Dronebilde over Trondheim. Nidarosdomen, høst.

Det har vore rekordvarmt i Trøndelag.

Foto: Øivind Olsson

Der var det temperaturar opp mot 25 grader. Det var varmast i Åfjord, som hadde heile 26,2 grader på torsdag.

Temperaturen skal gå litt ned i helga, men trønderane kan framleis glede seg over fine dagar med over 20 grader.

Ideelt for frukt og bær

Det ligg an til rekordår for epleproduksjon i Noreg, og nye prognosar tydar på heile 12.000 tonn norske eple.

Det har vore gode vêrforhold for eple, og meteorologen meiner dei høge temperaturane og tørre forholda vi har i vente i helga er heilt ideelle for innhausting.

Eple på epletre Ullensvang i Hardanger

Raude og modna eple på Urheim i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det skal visst også gjere kvaliteten på frukt og bær ekstra god.

– Det er jo veldig gunstig for jordbruket at vi har desse fine dagane her, det trur eg spesielt fruktbøndene er glade for, seier Fagerlid.

Enn så lenge kan både bønder og andre nyte sommarvarmen i september, for lenger fram i horisonten ser meteorologen at haustvêret kan kome snikande.

– Det er alltid eit lågtrykk i kikerten, seier Geir Ottar Fagerlid.

Sommaren blir lenger

– September er meir og meir ein sommarmånad. Det byrjar å nærme seg juni i snitt på temperaturar, seier Fagerlid.

Sjølv om tanken på ein lenger sommaren kan verke freistande, er det ikkje nødvendigvis noko å glede seg over.

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Det store bildet: Tidligere vår og lengre sommer

    Klimaendringene skjer raskere i Norge enn resten av verden.

    Det har allerede ført til at våren starter tidligere enn før, og at sommeren varer lengre.

    Høres det idyllisk ut? Dessverre er det ikke gode nyheter.

    Sveip for å lese mer.

  •  Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Så mye tidligere

    I Oslo og flere andre steder i landet, starter våren nå ti dager tidligere enn den gjorde for 30 år siden, ifølge Meteorologisk institutt.

    I Kristiansand kommer våren hele 21 dager tidligere enn før.

    I tillegg sier meteorologene at sommeren har blitt lengre, og de varmeste sommerdagene har blitt varmere.

  • Kartet viser hvilke områder i en periode i april 2025 der temperaturavvik skyldes klimaendringene ifølge indeksen.

    Norge blir varmere

    Denne våren har temperaturene i Sør-Norge vært over normalen.

    Ifølge Climate Shift Index er det stor sannsynlighet for at de unormale temperaturene skyldes menneskeskapte klimaendringer.

  • Ikke bare deilige sommerdager

    Hetebølger fører til heterelaterte dødsfall flere steder i verden. FNs klimapanel sier utfordringene vil øke i takt med den globale oppvarmingen.

    Klimaendringene fører også til at andre typer ekstremvær blir kraftigere enn tidligere. I Norge har det for eksempel blitt mer styrtregn de siste årene, ifølge Meteorologisk institutt.

    Når det ikke regner, er tørke og økt skogbrannfare blant konsekvensene et endret klima kan føre til. Et mer uforutsigbart klima kan bli utfordrende for jordbruket vårt.

Mønsteret stemmer med det klimaforskarane seier om stadig høgare temperaturar, sjølv om det er variasjonar frå år til år.

– Før var september den våtaste månaden, spesielt på vestlandet, men vi ser at det blir skubba til seinare på hausten. Det blir tørrare og varmare i september, og nedbøren blir meir bygete, seier meteorologen.

Publisert 05.09.2025, kl. 10.54

Read Entire Article