Måndag blei Obaida Faraj utvist frå Israel og flogen til Hellas.
Han og to andre norske aktivistar blei utviste etter å ha deltatt i nødhjelpskonvoien Global Sumud Flotilla. Tysdag kom dei heim til Noreg.
Rundt 40 sivile båtar med aktivistar og journalistar om bord forsøkte å bryte den israelske blokaden av Gaza. Fleire av båtane blei stoppa av israelske styrker natt til 2. oktober.
Konvoien, som bestod av over 40 båtar, skulle frakte mat og medisinar til Gaza, men blei stansa av israelske styrkar i Middelhavet førre veke.
Dei som var om bord, blei fengsla.
– Vi blei kalla dyr heile tida. Dei sa vi var terroristar og Hamas-medlemmar, fortel Faraj.
Den israelske ambassaden i Noreg nektar for skuldingane. Dei seier alle rettane til aktivistane har blitt ivaretatt.
Les svaret til ambassaden lenger ned i saka.
Delte lita celle med tolv andre
Faraj snakkar med NRK frå eit hotell i Hellas, der han fortel om det han meiner var svært dårleg behandling i israelsk varetekt.
Ifølge Faraj sat han på ei celle på fire kvadratmeter saman med tolv andre personar.
Tysdag kom tre av dei norske aktivistane heim til Noreg.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRKHan fortel at dei blei vekte av dei israelske vaktene fleire gonger om natta, og meiner det berre var for å irritere dei.
Maten bestod av tørr ris og nokre få grønsaker, og vatnet dei fekk var «brunt kjøkken- eller toalettvatn», seier han.
Ifølge Faraj hadde fleire i gruppa diabetes. Likevel fekk dei ikkje tilgang til insulin, trass i at dei ropte om hjelp i fleire timar. Han seier at vaktene håna og filma aktivistane.
Då Faraj protesterte, seier han at han blei isolert i sju timar.
– Dei stripsa armane og beina mine. Rommet var så trongt at det berre var plass til éin person. Då eg kom ut, banka dei meg opp fordi dei ikkje likte måten eg svarte på.
– Kunne vore barna mine
Faraj fortel også at vaktene kom med nedsetjande kommentarar om bakgrunnen hans.
– Eg sa eg var palestinar, og då sa dei at det finst ingen palestinarar, berre draumar. Då eg svarte at eg får lov å drøyme, blei dei sinte.
Faraj hevdar han blei sparka i ryggen etterpå.
Motivasjonen for å delta i konvoien var medkjensle med sivile i Gaza.
– Eg får vondt av å sjå barn døy av svolt og bomber. Barna i Gaza fortener ikkje dette. Dei kunne vore barna eller syskena mine, seier Faraj.
NRK har bede det israelske utanriksdepartementet om kommentarar på det Faraj skildrar. Me har ikkje fått svar.
– Alle rettane til deltakarane i dette PR-stuntet har blitt og vil halde fram med å bli fullt ivaretatte. Løgnene dei spreier er del av deira «fake news-kampanje», har israelske styresmakter tidlegare skrive på X.
Den israelske ambassaden i Noreg avviser skuldingane. Dei kallar konvoien ein provokasjon og eit reklamestunt.
– Ambassaden avviser dei fiktive påstandane som er omtala i artikkelen. Alle dei juridiske rettane til flotiljedeltakarane har blitt og vil framleis vere fullt oppretthalde, skriv dei i ein e-post til NRK.
Ambassaden skriv vidare at dei ønsker å deportere alle aktivistane, men at dette er ein juridisk prosess.
NRK har òg vore i kontakt med den israelske hæren (IDF), som viser til det israelske fengselsvesenet.
Dei avviser skuldingane og oppgir elles det same svaret som den israelske ambassaden.
Fleire nordmenn utvist
171 aktivistar blei måndag utvist frå Israel.
Blant dei var nordmennene Sunniva Andresen, Obaida Faraj og Vegard Svendsen.
Dei blei sende til Hellas måndag ettermiddag.
Her ankommer de norske aktivistene flyplassen i Athen. Obaida Faraj går fremst og roper til mengden som har møtt opp for å støtte aktivistene.
Foto: Global Sumud FlotillaSunniva Andresen var en av de norske ombord Flotiljen.
Foto: Global Sumud FlotillaDet samme var Vegard Svendsen.
Foto: Global Sumud Flotilla
Da dei landa på Oslo lufthamn tysdag kveld, blei dei møtt av venar og familie.
Vegard Svendsen beskreiv opplevinga i israelsk varetekt som brutal.
– Frå brutalitet i fengsel for eit døgn sidan og så komma hit til ein så varm velkomst. Det er totalt kaos med kjensler akkurat no, fortel Svendsen til NRK i innkomsthallen på Gardermoen.
Også Faraj snakka med NRK etter at han kom til Noreg tysdag kveld:
– Eg er heime no for å skaffa litt energi, og så skal eg bli klar til neste tur til Palestina, seier Faraj.
Obaida Faraj og Sunniva Andresen på Oslo lufthamn. Med ryggen til står Vegard Svendsen.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRKFramleis sit tre nordmenn i israelsk varetekt. Utenriksdepartementet (UD) seier dei har vore i kontakt med både det israelske Utenriksdepartementet og den israelske ambassaden i Noreg.
– Vi har understreka til israelske myndigheiter at vi forventar at dei gripne får tilgang på konsulær bistand, og at dei behandlast anstendig og får det dei har behov for av mat og drikke.
UD har ikkje fått informasjon om når dei blir sleppte fri.
Israelske myndigheiter sa i helga at det skal skje i nærmaste framtid.
Fleire skal ha blitt mishandla
Også miljøforkjemparen Greta Thunberg var ein av dei arresterte frå konvoien. Ho blei utvist frå Israel måndag og landa i Sverige tysdag ettermiddag.
Ho har fortalt svenske styresmakter at ho blei utsett for «hard behandling» i varetekt, med dehydrering, lite mat og vatn, og veggedyr i cella, ifølge The Guardian.
Fleire internasjonale aktivistar og journalistar melder om brutal fysisk og verbal mishandling frå israelske styrkar, inkludert juling, søvnmangel og mangel på medisinar, skriv avisa.
Gretha Thunberg på flyplassen i Athen.
Foto: ARIS MESSINIS / AFP / NTBIfølge International Federation For Human Rights (FIDH) skal deltakarar i konvoien ha blitt utsette for mishandling i israelsk varetekt.
Også Amnesty International har kritisert Israel for å ha utsett aktivistane for ulovleg behandling og hindra humanitær hjelp.
Kallar aktivistane for terroristar
Israels tryggleiksminister Itamar Ben-Gvir har kalla dei arresterte aktivistane for terroristar.
Det viser ein video tatt dagen dei blei gripne. Klippet er mykje delt i sosiale medium og er nå verifisert av nyheitsbyrået Reuters.
Ein video verifisert av Reuters viser tryggleiksminister Itamar Ben-Gvir som møter arresterte aktivistar frå Gaza-konvoien.
Ben-Gvir har tidlegare sagt at aktivistane burde bli fengsla i høgsikkerheitsfengsel i staden for å bli utvist frå Israel.
Publisert 08.10.2025, kl. 22.52