Hytteeigar Olve: – Det har vore merkbart

3 hours ago 3


– Straumrekninga har vore stor. Det har vore merkbart, seier Olve Sveen.

Han har hytte på Sjusjøen i Innlandet. Som følgje av dei høge straumprisane og ingen straumstøtte, har dei brukt hytta mindre enn før dei siste åra.

Fredag la Støre-regjeringa fram sin nye straumpolitikk.

Dei forslår ein fast straumpris over heile landet: 40 øre per kilowattime (kWh) utan moms.

Og denne fastprisen kan folk inngå både heime, men også på hytta.

– Eit sånt tiltak kan vere veldig interessant. Det ville hjelpt betrakteleg på straumrekninga, seier Sveen.

Noregs hytteforbund: – Valflesk

– Med Noregspris gir vi folk kontroll over straumprisen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Om det viktigaste er å ha forutsigbarheit, vil ein fast pris på 40 øre per kilowattime kunne vere eit godt alternativ til straumstøtte.

Men valet er først mogleg å ta frå 1. oktober, altså etter stortingsvalet. Då kan det brått vere eit anna fleirtal på Stortinget.

Men slik det ser ut no, er eit fleirtal på Stortinget positive til forslaget.

Styreleiar i Noregs hytteforbund, Trond Hagen, er også positiv, men stussar over tidspunktet.

Trond Hagen, Norges Hytteforbund

Styreleiar i Noregs hytteforbund, Trond Hagen.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Valflesk, kallar eg dette, seier han.

– Men det er gode nyheiter for hyttefolket, det er det ikkje tvil om.

Han trur mange hytteeigarar vil slå til på denne ordninga.

– No varierer prisen så mykje. Dei fleste vil ha forutsigbarheit.

– Om eg veit eg skal betale 40 øre kilowatten, er det enklare å forhalde seg til enn å måtte vente til ein får fakturaen for å sjå kor dyrt det faktisk vart, seier Hagen.

Fjellet Bitihorn og hytter på Beitostølen

Det er 450 000 fritidsbustader i Noreg. Fram til no har dei ikkje blitt råka av straumstøtteordninga, det vil Støre-regjeringa gjere noko med.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Tør ikkje juble enno

På ei vanleg norsk hytte, ligg det årlege straumforbruket på 8000–10 000 kWh i året, ifølgje Forbrukarrådet.

Om ein gangar det gjennomsnittlege straumforbruket på ei hytte med 40 øre, får ein 4000 kroner.

Hytte på Sjusjøen

Det har blitt færre helger på hytta på Sjusjøen for Olve Sveen når straumprisane har vore høge.

Foto: Frode Meskau / NRK

Så må ein legge momsen på toppen, og nettleiga då.

Hagen tør ikkje juble høgt over forslaget enno.

– Det er jo litt betenkeleg at det ikkje vil tre i kraft før etter valet. Skal det bli slik dei foreslår, er det føresett at Ap fortsett i regjering. Eg vil tru andre parti vil prøve å kome med eit forslag som ikkje er så langt unna dette.

– Men eg må jo seie at eg er litt opptatt av kvifor dette ikkje er gjort tidlegare.

Pressekonferanse om strøm

Fredag, dagen etter regjeringsbrotet med Senterpartiet og dryge sju månader før stortingsvalet, la energiminister Terje Aasland (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fram regjeringa sine straumgrep.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vil framleis koste litt

Fleire peikar på at forslaget om fastpris er dårleg nytt for å få ned straumbruken i Noreg.

Sjølv har hytteeigaren på Sjusjøen gjort fleire grep for å bruke mindre straum dei gongene dei er på hytta.

– Vi har til dømes smartstyring av straumen. Det har hjelpt på forbruket. Då kan vi sette på varmen før vi kjem hit, og redusere den seinare når vi ikkje er her via ein app.

Hytteeier på Sjusjøen Olve Sveen

Hytteeigar Olve Sveen på Sjusjøen, vil prøve å bruke mindre straum på hytta, sjølv om straumrekninga kan bli lågare med «Noregsprisen».

Foto: Frode Meskau / NRK

Sjølv om dei no kan få ein fastpris på straumen også på hytta, vil han framleis jobbe med å bruke mindre straum.

– Det er klart det er nyttig å bruke straumstyring sjølv om straumprisen skulle gå ned også.

– Det vil jo framleis koste litt, nettleiga ligg jo også der.

  • Trass høge prisar, bør du ikkje spare for mykje på straumen på hytta. Les kvifor her.

Publisert 31.01.2025, kl. 20.42

Read Entire Article