Høgre-drama: Kan gjere eit av sine dårlegaste val nokon gong

3 days ago 3


Det viser NRK si prognose.

Det gjekk eit gisp gjennom salen då Høgre sitt førebelse valresultat vart lese opp under valvaka. Sidan har det vore laber stemning.

I 2005 gjorde Høgre sitt dårlegaste val nokon gong, og då enda Høgre på 14,1 prosent.

Oppslutning

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

Viser endring fra forrige stortingsvalg.

– Dette er for dårlege tal for oss. Vi har hamna i ein skvis mellom Arbeiderpartiet og Framstegspartiet, seier nestleiar Henrik Asheim til NRK.

en mann som ser på noe

Nestleiar Henrik Asheim.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Men han er ikkje ein heilt slagen mann, då han framleis har håp om borgarleg fleirtal, dersom samarbeidspartia klarer å karre seg over sperregrensa.

Høgre-leiar Erna Solberg har ikkje vore å sjå så langt på valvaka, men det er dei to nestleiarane som turnerer mellom journalistane.

– Det er sjølvsagt for lågt. Vi skulle veldig gjerne ha lege høgare, men det er ein halvtime sidan vallokala stengte og det er framleis mange stemmer som skal teljast opp, seier Ine Eriksen Søreide.

– Veljarane sin dom

Ho får fire nye år på Stortinget som representant for Oslo. Men det står verre til for hennar partikollega, Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Treff prognosene blink blir han ikkje å sjå på Stortinget.

– Eg ligg dårleg an, og det er jo veljarane sin dom. Og det må ein berre ta til etterretning, rett og slett.

en mann med en finger i nesen

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Svenneby ønskjer å bruke tida på det som er mest konstruktivt i dag, for som han sa til TV2:

– Det nytter ikkje å henge med haudet, når du står opp til nakken med dritt.

Han utdjuper til NRK:

– Det mest konstruktive er å peike på ei politisk retning og eit politisk alternativ vi skal gå til val på i 2029.

– Det dummaste eit parti kan gjere er å falle hen til personkonflikter og ein peikeleik om kven som hadde ansvar for kva. Partiet må ta det kollektive ansvaret og løfte oss fram til 2029.

– Korleis skal dokke gjere det?

– Ved å bruka tida vår på politikk.

Han erkjenner at Høgre fort kan ha blitt for usynelege for mange veljarar.

Høgre si valvake starta først å fylle seg opp nærare klokka 21, då fleire var ute og dreiv valkamp heilt til siste slutt.

Der ein har sett nære feststemninga på KrF si valvake på Radisson Blu Scandinavia på Holgbergs plass i Oslo, er det stille og nervøs stemning i andre enden av same hotell, på Høgre si valvake.

Publisert 08.09.2025, kl. 21.12 Oppdatert 08.09.2025, kl. 21.58

Read Entire Article