Ho ville ha Bye til stades då ho vitna: – Sånn at alle andre kunne sjå ansiktsuttrykket hans

1 week ago 12


Eg syntest han fortente å sitte der medan eg forklarte meg. Sånn at alle andre kunne sjå ansiktsuttrykka og kroppsspråket hans.

Det seier kvinna som var i 20-åra då ho og to andre varsla Helsetilsynet om Arne Bye, til NRK.

I dag sat ho i retten og gav si forklaring om kva som skjedde på legetimen i 2006.

– Eg synest det er alt for seint. Dette skulle ha blitt gjort for 18 år sidan.

Dei fornærma kvinnene kan velje om dei vil at tiltalte skal sitte i rettssala eller i eit rom ved sidan av når dei forklarar seg.

Under forklaringa hennar sat Bye i rettssalen, men såg stort sett ned på eiga datamaskin eller skreiv notat – utan å sjå noko særleg bort på kvinna.

– Skam overfor meg sjølv

Under ein gynekologtime skal Arne Bye ha massert kvinna sin klitoris på ein masturbasjonsliknande måte. For dette er han tiltalt for valdtekt mot kvinna og misbruk av stillinga si som lege.

– Eg skjønte at han ville at eg skulle få orgasme, fortel kvinna i retten.

I retten fortel kvinna at Bye masserte klitoris for å tømme det han kalla for «jomfrukjertlar»

Men dette avviser Arne Bye i retten.

– Det at eg skal ha drevet med den stimulering slik at kjertelen skal tømme seg, det avviser eg.

Kvinna fortel at ho har kjent på ei skam etter det som skjedde.

Det er jo skambelagt å bli tatt på dei områda der. Å sitte i ein sånn posisjon i ein gynekologstol der du ikkje får gjort noko, seier ho til NRK.

Kvinna seier at ho kjenner på skam for at ho ikkje reiste seg og gjekk.

Det er jo ein sånn skam overfor meg sjølv at eg ikkje stolte på meg sjølv og gjekk ut, eller sa noko.

– Skulle me varsle eller late som ingenting?

Kvinna fortel at Arne Bye var godt likt og den einaste legen på Frosta. Det gjorde dei usikre på om dei skulle varsle om det dei hadde opplevd.

– Skal me melde eller skal me late som ingenting og berre gå vidare?, seier ho at dei diskuterte.

For dei syntest jo at Bye hadde vore ein god lege fram til då.

– Det var ikkje enkelt å varsle, for eg hadde eit godt forhold til han sjølv. Eg blei overraska over det han gjorde.

Dei bestemte dei seg for å varsle – noko som ikkje blei tatt godt imot i bygda.

– Det var veldig mange reaksjonar på at det var nokre ungjenter som heldt på å rotte seg mot han og meldte han for uriktige behandlingar.

– Arne Bye var godt likt, så det kom ikkje noko positivt fram av at nokon hadde varsla, legg ho til.

På bygda visste ingen kven det var som varsla, men alle snakka om det.

– Det var mange rykte og det var tøft. Mange gonger måtte eg gå å gråte ein skvett, fortel kvinna i retten.

Ønska at dei andre skulle bli trudd på

Etter at varselet var sendt, trudde ho Bye hadde slutta med behandlinga ho blei utsett for.

– Eg trudde faktisk at han hadde slutta etter dette varselet. Eg har ikkje høyrt rykte etterpå som skulle tilseie at han heldt på med sånne type behandlingar.

Men då det blei kjent i media i august 2022 at ein trøndersk lege hadde blitt fråteken autorisasjonen forstod ho at han ikkje hadde stoppa.

– Eg var sjokkert. Eg skjønte det med ein gong. Då sende eg eit nytt varsel til statsforvaltaren om at eg trur det er snakk om han.

I e-posten skreiv kvinna at ho trur det er mange fleire som har blitt utnytta, men som sit med skamma og trauma aleine.

– Eg visste at me ikkje hadde blitt trudd og eg ønska at dei som hadde opplevd noko no skulle bli trudd, seier ho etter ho er ferdig i retten.

Ho poengterte også at dette ikkje berre var rykte som nokre unge jenter spreidde.

– Dette er faktiske overgrep som dei har blitt utsette for, skriv kvinna.

Erkjenner ikkje å ha gjort noko gale mot varslarane

Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune er tiltalt for å ha valdtatt 87 kvinner under gynekologisk undersøking. Han er også tiltalt for 94 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si som lege for å skaffe seg seksuell omgang.

Tiltalte erkjenner tre av 87 valdtekter. Han erkjenner også 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.

Men han erkjenner ikkje å ha gjort noko gale mot nokon av dei tre som varsla mot han i 2006.

Saka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune går for retten frå 5. november til 18. februar.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 14.11.2024, kl. 13.43 Oppdatert 14.11.2024, kl. 13.49

Read Entire Article