Ho varsla om Arne Bye allereie i 2006: – Følte meg som verdas største dritunge

1 week ago 12


– Det var bestandig mykje vondt, så ein trudde at noko var gale.

Det seier kvinna i 40-åra om gynekologiske undersøkingar hos Arne Bye. Ho er ei av tre kvinner som varsla om den tiltalte legen i 2006.

– Eg følte meg som verdas største dritunge eigentleg. Som trudde at eg skulle klare å ta legen, legg ho til.

Bye er tiltalt for å ha valdtatt kvinna då ho var på legetime hos han. I tillegg er han tiltalt for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang.

Saka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune går for retten frå 5. november til 18. februar.

– Han masserte klitoris

Kvinna i 40-åra fortel om fleire gynekologisk undersøkingar på legetime hos Arne Bye.

Under ein av undersøkingane skal Bye ha massert kvinna i underlivet.

Han hadde fingrane oppi skjeden og masserte klitoris, seier kvinna om kva som skjedde på gynekologisk undersøking hos Bye.

Kvinna fortel at ho bad fastlegen sin om å stoppe då dette skjedde.

– Det gjekk jo litt tid og då eg kjente at dette vil eg ikkje så reiste eg meg opp, legg ho til.

Seinare på ein legetime skal Bye ha tatt bilete av underlivet til kvinna.

– Då var eg i gynekologstolen med beina opp, naken.

– Eg har tenkt i ettertid på kvar det blei av bileta, legg ho til.

Følte eg ikkje hadde kontroll over min eigen kropp

Frå før har ei kvinne forklart seg i retten tysdag. Ho gjekk til Bye fordi ho sleit mykje med underlivsplager.

– Han sa at det var nokre kjertlar som var betente og at dei måtte stimulerast for å tømmast.

Kvinna i 30-åra er tydeleg prega under si forklaring og slit med å få fram orda.

I visse periodar følte eg at eg ikkje hadde kontroll over min eigen kropp.

Bye skal ifølge tiltalen ha tatt på kvinna sin klitoris på ein masturbasjonsliknande måte under konsultasjon på legekontoret i Frosta kommune. For dette er Bye tiltalt for valdtekt og misbruk av si stilling som lege.

– Det begynte å bli så vondt. Eg sa at han måtte stoppe, men så fortsette han.

Dette seier kvinna at skal ha skjedd fleire gongar i året på legetime hos Bye. På det meste skal ho ha vore til Bye 40 gongar i året forklarar ho.

– Eg visste jo at eg berre var nøydd til å gå gjennom det viss eg skulle bli frisk, forklarar ho.

Bye: – Dette har ikkje skjedd

Arne Bye erkjenner ikkje å ha gjort noko gale mot kvinna i 30-åra. I tillegg nektar han for å ha massert kjertlar i underlivet til kvinna.

– Dette avviser eg på det sterkaste. Det har ikkje skjedd.

Bye seier at kjertlar ikkje har vore noko tema under legetimane hos han og at han heller ikkje har rørt ved klitoris til kvinna.

– Ikkje på noko tidspunkt har det vore indikert at eg skal gjennomføre noko massering av kjertlar for å tømme dei, seier Bye i retten etter kvinna si forklaring.

Tiltalte har mogelegheit til å kome med ei tilleggsforklaring etter kvar av dei fornærma kvinnene har forklart seg i retten.

Rettstegning av Arne Bye

Arne Bye seier at han bruker å vere nøye med journalføring og stiller seg kritisk til kvinna si forklaring.

Foto: Ane Hem / NTB

Bye går gjennom delar av journalen til kvinna. Enkelte gonger nektar tiltalte for at det har blitt gjort gynekologiske undersøkingar.

Men kvinna kjenner seg ikkje igjen i journalen og meiner fleire ting har blitt utelatne frå journalen.

– Eg skjønner ingen ting. Eg var fortvila og sjokkert over det, seier kvinna.

Kvinna i 30-åra forklarar at ho var desperat etter å bli kvitt plagene, men at kroppen begynte å stritte i mot behandlinga ho fekk hos Bye. Og utan forbetring bytta 30-åringen til slutt lege.

– Først trudde eg legen var kald, men etter kvart så skjønte eg at legen var profesjonell, seier kvinna om den kvinnelege legen ho bytta til.

30-åringen seier ho har fortrengt mykje av det som skal ha skjedd på legekontoret, men behandling har ho no begynt å få minna tilbake.

– Eg klarer ikkje gå til fastlegen. Eg slit med å stole på fastlegane. Eg veit at eg kan stole på dei, men kroppen min gjer ikkje det likevel, legg ho til.

Erkjenner at å ta på klitoris ikkje var innafor

Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune er tiltalt for å ha valdtatt 87 kvinner under gynekologisk undersøking. Han er også tiltalt for 94 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si som lege for å skaffe seg seksuell omgang.

Tiltalte erkjenner tre av 87 valdtekter. Han erkjenner også 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.

– Det er ei erkjenning frå mi side rundt dette at berøring av desse områda har vore inadekvat.

Totalt har 94 kvinner status som fornærma i rettssaka mot Arne Bye. I tillegg er saka lagt bort for ytterlegare 114 kvinner.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Publisert 12.11.2024, kl. 13.31 Oppdatert 12.11.2024, kl. 13.51

Read Entire Article