– Å ikkje skulde pengar var mykje deiligare enn eg hadde trudd, seier Katrine Paulshus.
Rekkehuslånet på 2,2 millionar blei innfridd i 2019. Det tok 11 år.
– Det var i utgangspunktet ikkje eit mål, men så såg vi at vi tente på å betale inn. At totalsummen blei så mykje mindre og då blei det så motiverande, seier ho.
– Opplever du at andre også har lyst til å bli raskt gjeldfrie?
– Eg opplever at veldig mange prøver å framsnakke det å ha lån!
I ei fersk undersøking Norstat har gjort for NRK, svarer 28 prosent at dei er heilt eller delvis samde i at det er dumt å betale ned lån for raskt fordi ein går glipp av skattefrådrag.
Økonomiekspert: – Ei seigliva myte
Hallgeir Kvadsheim er økonomiekspert og får overraskande mange spørsmål om det er lurt å ha litt lån.
– Også frå folk eg trudde hadde ganske god greie på økonomi, seier han.
Men han kallar det ei myte.
– Å sitte igjen med litt gjeld berre fordi ein skal få eit frådrag, det er ei seigliva myte.
Så mykje taper du
Kvadsheim opplever ofte at folk har pengar i banken som dei ikkje vil sette i fond, men berre vil ruge på samstundes som dei har lån.
– Dei har høyrt eller trur at det skal vere så lurt skattemessig, men det er det ikkje, seier han og illustrerer med eit eksempel:
Ein person har eit bustadlån med ein restsaldo på 300.000 kroner og rente på 6 prosent. På sparekonto har vedkommande 300.000 kroner og ei rente på 4 prosent.
Vedkommande ønsker å behalde pengane på konto og ikkje investere dei i fond.
På eit år vil reknestykket bli slik:
Etter skatt betaler skuldnaren om lag 14.000 kroner på bustadlånet (18.000 kroner minus rentefrådrag på 22 %).
Så tener personen om lag 9.400 kroner på sparekontoen. (12.000 kroner minus kapitalskatt på 22 %).
– Med andre ord tapar vedkommande 4.600 kroner på å ha pengane på konto i staden for å betale ned lånet med dei, seier Kvadsheim.
Heng igjen frå gammalt av
Han trur myten om at det er lurt å ha litt lån fordi det er så gunstig med tanke på skattefrådrag, heng igjen frå 80- og 90-talet då skatteregimet var annleis i Noreg. Og før skattereforma i 1992.
– Det gav kolossale rentefrådrag. I praksis gjerne 60–70 prosent som ein kunne skrive av skatten, seier han.
– Det verkar som det liksom er ei sanning som alltid har vore der, men bankane låner jo ikkje ut pengar for å vere greie, seier Katrine Paulshus.
Publisert 06.02.2025, kl. 18.23