Hevda han valte seg april – har lurt oss i over 150 år

1 day ago 6


«Jeg velger mig April!» lyder første strofe av det kjente diktet av nasjonaldiktaren Bjørnstjerne Bjørnson.

Det gjorde han ikkje.

Somling

– Bjørnson hadde humor, men ikkje sjølvironi, skoggler Edvard Hoem.

Romsdalingen brukte ni år og 2700 sider (!) på biografien om diktarhøvdingen Bjørnson.

Edvard Hoem hjemme i det flere hundre år gamle huset han tilbringer mye av tida til å skrive i.

Edvard Hoem har gått på same skule som Bjørnson i Molde.   

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Den 36 år gamle Bjørnson hadde fått tilbod om å skrive om ein månad i den danske kalenderen Souvenir for 1869.

– Han hadde mykje føre seg på denne tida, så han hadde vel somla, seier Hoem.

På denne tida var Bjørnson og familien i eit slags eksil i København.

– Da han hadde fått bestemt seg for å vere med i kalenderen, så fekk han kontrabeskjed: Det var berre éin månad som var ledig, fortel Hoem.

Og det var april. Så Bjørnson skreiv:

VALG

Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,
- dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
- i den blir somren til!

– Men det var ikkje noko val der, humrar Edvard Hoem.

Faksimile Søndre Bergenhus Folkeblad 10.1.1878

Diktet var blant anna på trykk i første nummer av denne Voss-avisa i 1878.

Faksimile: Søndre Bergenhus Folkeblad 10.1.1878 / NRK

Humoristisk?

– Er det ein slags humor at han vel seg april, da?

– Det kan vel hende, men eg trur han berre skreiv diktet i ein rasande fart. Og så passa det veldig godt for han, da. Han var jo litt april sjølv.

Hoem fortel at sjølv om Bjørnson mangla sjølvironi, ikkje utypisk for mange store kunstnarar, hadde han andre typar humor.

– Han kunne vere elskeleg, og han kunne le av ting i verda, ikkje minst av sine motstandarar, humrar Hoem.

Poet Endre Ruset fortel at han i sju–åtte år har reist rundt til barneskular for å «misjonere» dikta til Bjørnstjerne Bjørnson.

– At april blei påtvunge Bjørnson fekk eg først vite av ein litteraturprofessor nyleg!

Endre Ruset

Endre Ruset har også gått på same skule som Bjørnson.

Foto: Heidi Furre

– I fleire år har eg spurt elevane: «Kvifor trur de at Bjørnson valde seg april?», og dei har kome opp med svar. Så har eg altså drive med stygg feillære til elevane, humrar Ruset.

– Trur du det var spøk da han skreiv at han valde seg april?

– Dette var jo før Eia og Tufte Johansen lærte oss omgrepet ironi, men når me veit bakgrunnen trur eg det kan vere ein viss sarkasme. Men det veit me jo ikkje.

Rabalderet

Bjørnson var fødd i desember 1832, men Edvard Hoem meiner personlegdommen hans var meir vårleg.

– Han kunne fare fort opp, så roa han seg fort igjen. Så kunne han vere elskverdig, deretter kranglete. Det var ingenting som var på det jamne med han.

portrett, mann, forfatter, brystbilde, profil

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv april-diktet medan han og familien nærmast hadde flykta frå Noreg.

Foto: Otto, Paris / Oslo Museum

Molde-diktar Ruset er einig.

– Han var jo april, heile fyren. April buldrar, det er vind og storm, men det nye kjem til. Bjørnson var eit buldrande rabalder. Me ser han jo for oss når me les diktet, dette svære vesenet med endå større hår enn Edvard Hoem, seier Ruset.

Han meiner også at diktet på nytt er aktuelt i ei tid med aukande strid i verda.

Fred er ei det beste

Det første bindet i Bjørnson-biografien har Edvard Hoem kalla Villskapens år. Der kan ein lese om ein forfattar som ikkje var redd for å stå i stormar.

– Det var jo så ille at familien måtte flytte til Danmark. Han måtte ta barna ut av skulen, der dei snakka stygt om faren. Og Karoline sa at ho blei sjuk av å gå på butikken der folk såg på henne som om ho var gift med ein kriminell, hevdar Hoem.

Denne tida skulle Noreg få nye unionslover med Sverige. Bjørnson blanda seg inn i striden, og meinte dei nye lovene ville føre til at me blei knytte endå tettare til Sverige, medan Stortinget fekk mindre makt.

Særleg Morgenbladet - den største avisa i landet - angreip Bjørnson knallhardt. Blant anna insinuerte redaktøren i avisa at Bjørnson tukla med skatten.

Allusjon til Erik Werenskiolds eventyrteikning til Asbjørnsens "Han far i stua". Bjørnson framfor stabbur med aviser og ordet politik på ein møkkahaug.

Karikaturane av Bjørnson var mange.

Foto: Beyers Forlag Glærum / Musea i Nord-Østerdal

– Og han svarte ofte med same mynt. Så ein kan seie at han stod midt i stormen, ja. Det kan jo vere litt april det òg, kanskje, seier Hoem

– Og særleg «Fred er ei det beste, men at man noe vil»?

– Ja, absolutt! Det er punchlinen, det.

Hoem er einig i at dette kanskje er den mest sjølvbiografiske lina i eit dikt nokosinne.

Diktskrivaren Bjørnson

Alt i 1903 fekk Bjørnson Nobelprisen i litteratur. Det mest kjente diktet hans er sjølvsagt «Ja, vi elsker», og det er nettopp lyrikken biograf Edvard Hoem vil dra fram.

– Det beste som står igjen etter Bjørnson er nokre av dikta hans, blant anna april-diktet. Det er så spontant og friskt.

– Men da han skreiv romanar og skodespel blei det så mange politiske ærend. Det har ikkje den same krafta for oss, når det er så knytt til tida og kampane han stod i den gong.

– Pedagogikk for store barn, som Hamsun kalla det?

– Ja, det var den tida da Bjørnson var minst like stor som Ibsen på scena. Men det var fordi han tok opp problema folk hadde rundt seg da.

Hoem drar fram dikt som «Det første møde», «Fremtidens land» og strofa for å lokke Karoline heim etter seg frå Danmark: «Thi hvor Du har din Gjerning, det er mit Hjemland».

– Den strofa gjer meg rørt den dag i dag. Da kom ho heim med familien til Noreg.

Står på trammen og skuer utover Aulestad. Held rundt kvarandre.

Bjørnson og Karoline på verandaen på Aulestad i livets haust.

Foto: Ukjent / Musea i Nord-Østerdal

Publisert 01.04.2025, kl. 15.15

Read Entire Article