Herja i sesongoppkøyringa – for ung til å spele i Premier League

6 hours ago 3


– Kor mykje skal du eksponere han?

Det er spørsmålet speidaren og fotballekspert Tor-Kristian Karlsen stiller om stortalentet Max Dowman (15).

15-åringen har vekt oppsikt med prestasjonane sine for Arsenal i treningskampane i sommar. Han skaffa begge straffene som førte til Martin Ødegaards to mål i sesongoppkøyringa.

  • Fredag startar Premier League, opningskampen Liverpool – Bournemouth kan du følge og høyre her.

Martin Ødegaard og lagkamerater

NUMMER 56: Max Dowman har skaffa to straffer i sesongoppkøyringa.

Foto: Caroline Chia / Reuters / NTB

Trass i prestasjonane er Dowman framleis så ung at han må ha dispensasjon for å spele i Premier League. Aldersgrensa i ligaen er 16 år, og Dowman fyller ikkje før på den siste dagen i året.

Yngre spelarar kan berre bli brukt viss klubben får innvilga eit spesialløyve frå ligaen, noko som skjer svært sjeldan. Ordninga er meint å verne unge spelarar mot for mykje belastning.

Vanskeleg å leige ut

I sesongoppkøyringa blei han bytt inn mot Newcastle, og i sin første seniorkamp skaffa han ei straffe som Ødegaard sette i mål.

Arsenal-trenar Mikel Arteta har ikkje lagt skjul på at han har late seg imponere.

– Noko av det han gjer er ikkje til å tru, sa Arteta på ein pressekonferanse tidlegare i år.

En gruppe menn som spiller fotball

KUNSTNAR: 15-åringen fekk spele ein halvtime da Arsenal møtte Villareal førre veke.

Foto: Peter Cziborra / Reuters / NTB

Lars Tjærnås – som er fotballekspert for Aftenposten og Viaplay, og også har ei fortid som blant anna trenar speidar – beskriv Dowman som ein spelar med ein «enormt presis venstrefot» og «ei ekstrem evne til å skape ubalanse éin mot éin eller i overtal».

Han trekker fram at 15-åringen er best i dei små romma rundt ballen, der han kombinerer med lagkameratane på ein måte som er «svært moden for alderen».

Karlsen beundrar også 15-åringen.

– Han er eit surrealistisk talent. Han er teknisk komplett, med eit stort repertoar av finter. Han minner meg litt om Pedri, med evna til både å vere regissør og avsluttar, seier Karlsen.

Trass i stort talent, meiner Karlsen det kan oppstå nokre utfordringar.

En mann i svart jakke

SPEIDAR: Tor-Kristian Karlsen er for tida speidar for Omonia Nicosia og skribent for ESPN. Her frå tida som sportssjef i IK Start.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

– Han treng matching på seniornivå, men det byr på nokre problem sidan han ikkje har profesjonell kontrakt, seier Karlsen og fortset:

– Du kan ikkje berre låne han ut til Meisterskapsserien eller til Tyskland, som mange engelske klubbar har gjort tidlegare. Han er nesten for ung til å komme inn i den runddansen.

Max Dowman

FOR UNG: Max Dowman (15) må ha dispensasjon for å spele i Premier League.

Foto: GLYN KIRK / AFP / NTB

Den yngste målskåraren i historia i Premier League er James Vaughan, som var 16 år og 270 dagar. Om Dowman skulle få speletid og skåre i år, vil han bli den yngste målskåraren i Premier League etter omlegginga i 1992.

Lagkamerat Ethan Nwaneri er den yngste debutanten i ligaens historie med 15 år og 181 dagar – ein alder Dowman allereie har passert.

Fleire store talent

Det er ikkje berre i London det blir snakka om unge talent som kan få førstelagsminutt denne sesongen. 16 år gamle Rio Ngumoha har skåra tre mål og gitt to målgivande pasningar i sesongoppkøyringa for Liverpool.

– Den fyren er latterleg god, han kjem til å ha ein skikkeleg bra karriere! Så skarp og talentfull, sa Liverpool-lagkamerat Ben Doak til LFC TV.

 Rio Ngumoha

DRIBLESTERK: – Han er veldig uredd. Spelar med ekstremt stor sjølvtillit, seier speidar Tor-Kristian Karlsen til NRK om Rio Ngumoha.

Foto: DARREN STAPLES / AFP / NTB

Da hadde Ngumoha både skåra etter to minutt og gitt ein målgivande pasning i treningskampen mot spanske Athletic.

Om Ngumoha seier Tjærnås at han allereie er «langt framme fysisk» og har «nesten heile pakken på plass» med akselerasjon, toppfart, kraft, balanse og koordinasjon. Han er såpass tofota at han kan passere motspelarar både utover og innover frå kanten, og har eit sluttprodukt i form av målpoeng.

– Det er ganske ofte vi ser unge spelarar med god teknikk, men begge desse tar også kloke og modne val. Dei har eit skyhøgt potensial, men konkurransen om speletid i Premier League er knallhard, seier Tjærnås

For fotballekspertane Karlsen og Tjærnås er ikkje heilt einige om kor mykje han vil prege sesongen til dei regjerande seriemeistrane.

– Han konkurrerer mot for mange stjerner i sin posisjon, men eg trur vi vil få sjå han i ein del cupkampar, seier Tjærnås.

Liverpool har storhandla denne sommaren med kjøp på over 4 milliardar kroner denne sommaren, ifølge Sky Sports.

Karlsen trur Ngumoha vil få ei jokerrolle.

Om dei ikkje bruker han i kvar kamp, har dei han på benken, som ein X-faktor som kan gjere noko heilt ekstraordinært.

Mot Crystal Palace i den engelske supercupen sist helg, betre kjent som Community Shield, blei han sittande heile kampen på benken. Liverpool tapte kampen på straffesparkkonkurranse.

Virgil van Dijk og Rio Ngumoha

TRENINGSKAMERATAR: Virgil van Dijk (til venstre) saman med 16-åringen Rio Ngumoha i godt humør på trening.

Foto: PETER POWELL / AFP / NTB

Ngumoha har sjølv uttalt at han trur han kan vinne gullballen ein dag. Allereie på nyåret debuterte venstrevingen for A-laget i FA-cupen.

Han blei i fjor haust henta frå Chelseas akademi. På grunn av alderen kan verken Ngumoha eller Dowman skrive proffkontrakt ennå. Overgangssummen for Ngumoha er derfor ikkje fastsett, sjølv om han forlét Chelsea for eitt år sidan.

Ifølge britiske medium sprengde Liverpool lønnsstrategien for akademiet for å sikre seg Ngumoha.

– Talent skal ein ikkje gå rundt og vere stolt av, berre takksam for – og jobbe hardt for å foredle, som den gamle landslagssjefen Bjørn Hansen sa, siterer Tjærnås.

Her skårar keeperen frå 80 meter: – Har du sett for ei skåring!? 00:39

Publisert 15.08.2025, kl. 06.23

Read Entire Article