Her vil foreldra legge ned skular: – Eit svært sjeldan utgangspunkt

2 weeks ago 15


Så langt i år har vi sett ei rekke eksempel på forslag til skulenedleggingar som har vekt harme blant innbyggarane.

I Innlandet tapte barn og foreldre kampen, medan i Vågan i Lofoten løftar dei plakatar høgt utanfor rådhuset og ropar «La bygda leve», etter at kommunen foreslo å legge ned ein splitter ny skule til 87 millionar kroner.

Men litt lengre nord i Nordland er situasjonen annleis.

For medan innbyggarar andre stader i Noreg ropar slagord, tenner faklar og går i tog, har innbyggarane i Bø i Vesterålen gjort det motsette.

Dei vil legge ned skular.

– Om eg så må, tar eg sjarken til Værøya med ungane for å la dei gå på skule der. Det er heilt greitt, seier FAU-leiar ved Steine skule, Astrid Vik Tande.

Marie Enoksen med lyst langt hår og Arina Cristiane Haugstad med langt mørkt hår er begge elever ved Eidet skole i Bø og sitter ved pulten og skriver i en bok.

Barneskulen Arina Cristiane Haugstad og Marie Enoksen går på kan bli lagd ned.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Vi er bitte små

I den vesle kommunen i Vesterålen bur det litt over 2000 innbyggarar. Berre 225 av dei er elevar i grunnskulen.

Likevel er kommunen rusta med fire skular.

  • Steine skule
  • Straume skule
  • Eidet skule
  • Bø ungdomsskule

Det er eit gjennomsnitt på 56 elevar per skule.

Det har både foreldre, elevar, lærarar, FAU-leiarar og kommunen lyst til å gjere noko med.

No tar dei kampen for skulenedlegging.

Vi er ikkje små skular. Vi er bitte små skular. Set vi dei saman er det framleis ein liten skule, men litt større, seier Tande.

Straume skole i Bø i Vesterålen er et stort hvitt bygg med flere unger som leker utenfor.

– Vi har behov for å kjenne oss som eitt her i Bø. Det viste også undersøkinga som Telemarksforskning har gjort her. Vi er einige om at dette er rett, seier Kine Martinussen. Ho er FAU-leiar ved barneskulen på Straume skule.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Det er ikkje til å stikke under stol at vi blir færre. Det å samle oss trur eg vi skuldar vår generasjon. Vi treng å stå ilag, og det er ei frykteleg god moglegheit til det. Samle bygda ein gong frå alle, seier Kristin Jakobsen, FAU leiar på Eidet skule.

Ugunstig med få elevar

Eidet barneskule er den minste av dei fire skulane, med 25 elevar frå 1.–7. trinn.

Den største klassen på skulen har åtte elevar. Den minste har éin.

– Og vi blir dessverre færre elevar her på Eidet skule, det gjeld vel i heile kommunen, seier rektor der, Rita Hansen.

Rektor ved Eidet skole i Bø i Vesterålen, Rita Hansen har lyst hår, smiler til kameraet og står i et gult klasserom ikledd en grønn genser.

Rektor ved Eidet skole i Bø i Vesterålen, Rita Hansen, seier kommunen er nøydd til å slå saman barneskulane.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Ho fortel at dei ofte slår saman trinna, og at ofte blir heile mellomtrinnet eller heile småtrinnet på skulen slått saman.

– Det er ugunstig når det blir så få elevar i klassane. Dei skal ha lærevener, og dei skal måle seg med dei på nivået sitt. Sjølv om vi kan sjå kvar enkelte elev godt, så er det ei utfordring med dette.

Men du mistar skulen din?

– Eg mistar ikkje skulen, han utviklar seg saman med andre. Eg tenker heller at eg er med å utvikle han, forklarer Hansen.

Eidet skole er et hvit bygg med røde mursteiner og tegninger på vinduet.

I Bø kommune bur det litt over 2000 innbyggarar. Berre 225 av dei er elevar i grunnskulen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Blir færre og færre

Elevane på Eidet barneskule er ikkje heilt einig med dei vaksne om at det er bra å legge ned skulen.

Eg synest det er dumt. Eg har gått på denne skulen sidan eg gjekk i første klasse, seier sjuandeklassingen Arina Cristiane Haugstad.

Klassevenninne og elevrådsleiar Marie Enoksen seier ho vil sakne skulen.

Det hadde gått bra. Eg kjenner jo dei fleste som går på skule i Bø. Men eg ville sakna Eidet, seier Enoksen.

Marie Enoksen med lyst langt hår og Arina Cristiane Haugstad med langt mørkt hår er begge elever ved Eidet skole i Bø og sitter ved pulten og smiler til kameraet.

Sjuandeklassingane Arina Cristiane Haugstad og Marie Enoksen er ikkje einige med dei vaksne.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Men statistikken viser at dei ikkje blir så mange fleire i kommunen i framtida, så noko må gjerast, ifølge Hans Kristian Pettersen, skule- og barnehagesjef i kommunen.

– Ser vi langt fram, til 2040 er det snakk om ei halvering i talet på elevar. Det kan jo vere at det ikkje slår til, men vi må sjå på skulestrukturen.

Endringsviljen er stor

Bø har engasjert konsulentbyrået Telemarksforskning til å greie ut skulestrukturen.

Dei har intervjua foreldre, elevar, lærarar, tilsetterepresentantar og leiing.

Konklusjonen var klar; det er ønska at det skal skje noko med skulestrukturen i Bø.

– Det har vore ei glede å jobbe med Bø kommune. Dei hadde eit svært sjeldan utgangspunkt; dei var genuint interesserte i å forbetre situasjonen i staden for å tenkje at alt skal vere som det har vore, og at dei ikkje vil ha endring.

Det seier Ingrid Steine Bortne, som har vore med i prosjektet som rådgivar.

Ingrid Steine Bortne ser i kameraet, har på seg en strikket genser og har håret løst over skuldrene. Smiler.

Ingrid Steine Bortne trur Bø kommune har eit godt utgangspunkt for å gjennomføre ei endring i skulestrukturen.

Foto: Privat

Ho var med på å presentere rapporten for kommunen, der dei la fram ei hovudtilråding, samt to andre forslag som òg er gode alternativ.

– Vi gjekk breitt ut og såg på mange alternativ. Vår tilråding er å få ein felles barneskule, og at han blir lokalisert til Straume. Vi tilrår òg å behalde dagens ungdomsskule der han er lokalisert, seier ho og legg til:

– No byrjar jobben for kommunen og innbyggjarane.

Det er enda ikkje bestemt korleis skulestrukturen i kommunen skal løysast, og mange omsyn skal takast.

Hans Kristian Pettersen, skule- og barnehagesjefen i Bø kommune, peikar på dei tre aktuelle alternativa:

  1. Legge ned to av dei tre barneskulane.
  2. Lage ein stor skule med 1.–10. trinn.
  3. Legge ned éin av dei tre barneskulane.

Han er opptatt av at det skal vere ein god prosess og at kommunen tar seg god tid.

– Det skal ut på høyring, og vi skal bruke god tid på det. Det er eit stort engasjement, og eg trur det vil bli stor interesse for dette.

Hans Kristian Pettersen, skole- og barnehagesjef i Bø kommune i Vesterålen. Han er grå i håret og skjegget, og står utenfor en skole ikledd blå boblejakke.

Hans Kristian Pettersen, skule- og barnehagesjef i Bø kommune i Vesterålen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Publisert 08.11.2024, kl. 21.13

Read Entire Article