Her var det fleire som ikkje torde å dukke opp

1 week ago 12


Fleire cubanarar i Noreg tør ikkje å delta på markeringane for den cubanske dissidenten Luis Manuel Otero Alcántara denne helga.

Bakgrunnen skal vere frykt for sanksjonar frå cubanske myndigheiter etter at Otero Alcántara vann Raftoprisen for sin «fryktlause motstand mot eit autoritært styre».

Prisen vert markert med ulike arrangement i Bergen denne helga.

Ingenting rører seg utan at myndigheitene veit det, seier ein eksil-cubanarar til NRK.

Han våger ikkje å stå fram med namn eller bilde. Og tør heller ikkje å delta på markeringane i Bergen.

 Luis Manuel Otero Alcántara

Luis Manuel Otero Alcántara blei arrestert i juli 2021 då han var på veg til ein demonstrasjon. Fire tidlegare raftoprisvinnarar har seinare vunne Nobels fredspris: Aung San Suu Kyi, José Ramos-Horta, Kim Dae Jung og Shirin Ebadi.

Foto: Raftostiftelsen

Adri Mena Gonzales fortel at ho forgjeves har prøvd å få med seg fleire landsmenn til å markere årets Raftorpris.

Ho er frå Cuba, men busett i Bergen.

– Responsen er lågare enn forventa. Vi har annonsert breitt og ringt direkte, men folk er engstelege, seier ho.

Ho presiserer at ho har «stor forståing» for dei som vel å bli heime.

– Det skjønner eg godt, og eg legg ikkje noko press på dei.

– Er du engsteleg?

– Eg har bestemt meg for ikkje å la meg skremme, og i staden akseptere det som måtte bli konsekvensen for meg og familien min.

qE5otgXPJHk

Eksilcubanarar i Italia protesterer mot at paven vil møte den cubanske presidenten.

Foto: AP

Ekspert: – Eg skjønner bekymringa

Raftoprisvinnaren har vore fengsla sidan 2021 for eit performancestykke, og sonar i dag i høgsikkerheitsfengselet Guanajay utanfor Havanna.

Det er venninna Yanelys Núñez Leyva, som tek imot prisen på vegner av kunstnaren.

Ho har vore ein aktiv deltakar i San Isidro-rørsla på Cuba, og lever i dag i eksil i Spania.

Les meir om menneskerettane på Cuba under.

– Eg skjønner bekymringa. Ikkje så mykje for dei som er i Noreg, men antakeleg meir for familiane deira på Cuba, seier Vegard Bye, som er statsvitar og ekspert på Latin-Amerika.

Han legg til:

– Så langt har ikkje cubanske myndigheiter hatt for vane å gå etter familiemedlemmer på same måte som vi har sett i Nicaragua og Venezuela.

– Så eg vil ikkje tru dette er nokon omgåande fare i dag.

8U2ou3bMm_8

Miguel Díaz-Canel er president på Cuba. Her flankert av Vladimir Putin.

Foto: Alexander Nemenov / AP

Ekspert: – Trur ikkje på represaliar for dette

Professor Benedicte Bull har forska på samfunnsutviklinga i Latin-Amerika.

Ho meiner eksilcubanarar flest kan delta på prisutdelinga søndag kveld – utan fare for gjengjeldingar.

– Viss ein allereie er utsett, kan det sikkert vere ei ytterlegare belastning. Men eg trur ikkje folk blir utsette for represaliar berre for dette, seier ho.

Ho presiserer likevel at det er eit utbreidd fenomen at eksilcubanarar i utlandet blir overvakte av cubanske styresmakter.

– Kva typar represaliar kan cubanarar møte dersom dei ytrar seg fritt på Cuba?

– Det kan vere alt frå å bli fråteke privilegium, jobbar og studieplassar til å bli fengsla.

Sjå fleire reaksjonar under.

  • Musikkprofessor Kjetil Klette Bøhler ved Universitetet u Sørøst-Norge

    Jan-Erik Wilthil

    Kjetil Klette Bøhler, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg

    Eg har forståing for at eksilcubanarar er redde for å delta i feiringa. Mange fryktar at deltakinga deira kan påverke situasjonen til familien på Cuba. Cubanske myndigheiter driv omfattande overvaking av innbyggarane sine, både dei som bur i landet og av den cubanske diasporaen. Fleire har opplevd at deira næraste har blitt straffa viss dei uttaler seg kritisk til regimet.

  • Vegard Bye

    Kai Rune Kvitstein

    Vegard Bye, statsvitar og bistandsarbeidar

    Så langt har ikkje cubanske myndigheiter hatt for vane å gå etter familiemedlemmer. På den andre sida kan det vere grunn til å frykte at valet av Trump, og dei reaksjonane eg ser frå dei meir ekstreme cubanske miljøa i Miami, kan føre til ei ytterlegare tilstramming av situasjonen på Cuba. Dette er grupper som går ope inn for militæraksjonar, kanskje direkte intervensjon.

  •  Benedicte Bul

    NRK

    Benedicte Bull, statsvitar og professor

    Viss ein allereie er utsett kan det sikkert vere ei ytterlegare belastning, men eg trur ikkje folk blir utsette for represaliar berre for dette.

    - Kor reelt er det at eksilcubanarar i utlandet blir overvakt av cubanske styresmakter?

    Det skjer heilt klart.

  • Yanelys Nez Leyva

    NRK

    Yanelys Núñez Leyva

    Yanelys Núñez Leyva lever i eksil i Madrid i Spania. Ho tek imot prisen på vegner av prisvinnaren. Fire tidlegare raftoprisvinnarar har seinare vunne Nobels fredspris: Aung San Suu Kyi, José Ramos-Horta, Kim Dae Jung og Shirin Ebadi.

– Sanninga veg meir enn løgna

På Cuba er det politiske fangar som sonar strenge dommar berre for å ville uttrykke seg fritt gjennom kunst, seier ein annan eksilcubanar til NRK.

Han ynskjer å vere anonym.

Vi snakkar om straffer opp mot tjue år, berre for å uttrykke seg fritt. Eg kallar det terror, og det har gått føre seg mot den cubanske befolkninga i 65 år.

Han er likevel håpfull:

– Sanninga veg meir enn løgna, og vinn til slutt.

Publisert 10.11.2024, kl. 13.06

Read Entire Article