Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e1b12b35c9628ae97c2de3a8853edd85, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Her får Leona (22) lappen Kvinneklinikken ikkje ville gi ho - NorwayToday

Her får Leona (22) lappen Kvinneklinikken ikkje ville gi ho

1 day ago 9


Leona Jespersen er spent før ultralydtimen sin på Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

22-åringen frå Bergen er i veke 18 og har eitt spesielt ønske før timen.

Ho ønsker at jordmor avslører kjønnet til det ufødde barnet til ei venninne, utan å røpe noko for foreldreparet.

– Eg og sambuaren min ønsker ein intim «gender reveal» mellom oss to, før vi avslører kjønnet for vener og familie, seier Jespersen.

Men på Haukeland fekk dei nei.

Privat ultralydtime for å gjennomføre "Gender reveal"

UVENTA BESKJED: Det gjekk ikkje slik som planlagt då småbarnsforeldra møtte opp til ultralydtimen på Haukeland.

Foto: Silje Kvalsvik Olsen / NRK

Klar melding

Sjukehuset er tydeleg på at det ikkje er lov til å filme eller ta bilete under undersøkinga.

Dei skriv heller ikkje kjønnet til barnet på ein lapp.

Direktør ved Kvinneklinikken, Lorentz Linde, er oppteken av at gravide skal ha ei god oppleving og medisinskfagleg kvalitet ved ultralydundersøkingar.

Man han er skeptisk til trenden med å gi slik info til andre enn den gravide sjølv.

– Vi kan ikkje tilpasse rutinane for fosterundersøkinga etter trendar, seier han.

Direktør ved Kvinneklinikken Lorentz Linde

REGLAR: I eit informasjonsskriv får pasientar beskjed om at det ikkje blir gitt opplysningar om kjønn på lapp.

Foto: Haukeland Sjukehus

Ifølge direktøren er ikkje fastsetting av kjønnet til fosteret inkludert i ultralyden.

Dette fordi det i enkelte tilfelle kan vere uvisse knytt til kjønnsfastsetting ved ultralydundersøkingar.

– Dersom den gravide ønsker det, og det er medisinskfagleg mogleg å avdekke kjønnet, gir vi informasjon om kjønn til den gravide.

For mykje fokus på kjønn

Leona reagerer på praksisen til sjukehuset.

– Eg har ein son frå før. Då eg var gravid med han i 2023 var det ingen problem at venninna mi fekk vite kjønnet. No har det blitt mykje strengare, seier ho oppgitt:

– Ifølge jordmor er bakgrunnen at det er for mykje fokus på kjønn. Dei vil ha fokuset vekk frå «gender reveals».

FEIRING: I 2023 blei det arrangert «gender reveal» utan problem.

Med den noverande praksisen, meiner småbarnsmora at sjukehuset grip inn for mykje i kva familiane sjølv ønsker å gjere.

– Det er jo det medisinske som eigentleg skal ha all fokus. Men om dei allereie sit på kunnskap om kjønnet. Kvifor ikkje berre gi han?

Ifølge direktøren kjem det av manglande fokus på korleis dette har vore handtert tidlegare.

– Så har det kanskje blitt eit aukande krav, eller hendingar har skjedd, og så har ein justert etter erfaringar ein har gjort seg.

Bør offentlege sjukehus legge til rette for «gender reveal»?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Delte meiningar

Bergensaren delte om opplevinga si på Snapchat og TikTok. TikTok-videoen hennar har fått 80.000 visningar, og kommentarfeltet er splitta.

«Blir for dumt at helsepersonell på kvinneklinikken skal blande seg inn på den måten».

«Tenker at sjukehusa skal få lov til å halde seg til det medisinske, så kan ein heller gå privat om kjønn er så viktig».

«Er det ikkje lov å ha det litt gøy? Eg hadde vore like glad om det var ei jente eller ein gut».

Leona har inntrykk av at tematikken engasjerer.

– Dei som ikkje har behov for ei slik markering synest det er veldig teit. Det kan eg forstå. Samtidig har du dei som synest at sjukehuset legg seg for mykje borti kva foreldre vel å gjere med sin eigen familie.

Dei lærde stridast

For Leona og sambuaren blei løysinga å gjennomføre ultralyd ved ein privat klinikk, noe som kostet dem rundt to tusen kroner.

– Vi synest det er kjipt å måtte gå privat. Det kostar mykje pengar. Samtidig er det fint å ha ei løysing.

Ultralyd, en gruppe mennesker som sitter ved en seng

AUGA LUKKA: Kjønnet på babyen skal ikkje avslørast enda, derfor lukkar familien auga under delar av undersøkinga.

Foto: Silje Kvalsvik Olsen / NRK

Dag Harald Hovind er sonograf og dagleg leiar for Ultralydklinikken. Her skriv dei ned kjønnet på lapp og gir til foreldre fleire gonger i veka.

Han er ueinig i Haukeland sjukehus sin praksis om å nekte å gi kjønnet på ein lapp.

– Eg forstår ikkje problemet. La folk glede seg og ha det gøy. Det er så mykje alvor og trist i denne verda, seier han.

Hovind seier det viktigaste er å sjekka at barnet er friskt. Etter dette ser han ingen grunn til å nekte foreldra ein lapp med kjønnet på.

Han meiner at risikoen for å skrive feil kjønn er svært liten.

– Det er kult å vere med på at dei skal kunne gå heim og glede seg saman med nokon.

– Slike trendar kjem og går

NRK har tidlegare skrive om korleis trenden med «gender reveal» gradvis har teke over for babyshower.

Kjønnsavsløringsfestar handlar om å vise engasjement og begeistring overfor den kommande familiemedlemmen. Det er ein måte å vise seg som dedikerte og morosame foreldre.

Det skriv professor i kulturvitskap ved UiB, Tone Hellesund, i ein e-post til NRK.

en gruppe personer som klemmer med blå røyk rundt seg

BLÅ RØYK: I 2023 arrangerte foreldreparet «Gender reveal» for vener og familie. I år var det ikkje like lett.

Foto: Privat

Ho trur trenden har spreidd seg frå USA via sosiale medium og kommersielle aktørar.

– Slike trendar kjem og går. Det er ikkje sikkert at dette vil bli verande populært i Noreg.

Endeleg klart

På den private ultralydklinikken fekk Leona og sambuaren beskjed om når dei skulle lukke auga.

Slik kunne sonografen – og ingen andre – sjå kjønnet på babyen i magen.

No ser sambuarparet fram ei intim avsløring av kjønnet, før vener og familie blir invitert til «gender reveal».

en person som holder en lapp med kjønnet til babyen

HEMMELEG: No som konvolutten er overlevert er alt klart for planlegging av "gender reveal".

Foto: Silje Kvalsvik Olsen / NRK

Ho er spent på korleis det går med «gender reveal» for paret.

– Vi skal halda deg oppdaterte, seier Leona.

– Eg veit kva det blir, ler ho.

Hei!

Tusen takk for at du las saka!

Har du nokon tankar etter å ha lese ho, eller innspel til andre ting vi bør sjekke ut?

Vi blir veldig glad for ein e-post.

Publisert 30.05.2025, kl. 16.34

Read Entire Article