Her er vinnaren av Bakemesterskapet 2025

10 hours ago 5


Etter ein intens finale i Bakemesterskapet sesong 2, skulle Noregs beste hobbybakar kårast. Tre finalistar venta spent på dommen.

Då dei sa namnet mitt, var det som ein film. Heilt fantastisk! Det var den finaste lyden eg hadde høyrt, bortsett frå ungane sin latter, ler Cathrine.

Gratuler vinnaren nedst i saka.

Vegen til toppen av bakepallen hadde vore ekstra lang for estetikaren frå Valdres. For ho hadde ikkje tort å seie til dei andre at ho var reserve-deltakar.

– Det kjentest som eg ikkje var god nok til å vere der.

Reservebenken

Då NRK plukka ut årets bakegjeng, sikra dei seg også med to reserve-bakarar. I tilfelle nokon blei nøydt til å trekke seg før innspeling.

Både deltakarar og reservar måtte førebu seg i fleire månadar, og sende inn 16 oppskrifter med nye smakar og utsjånad.

Det var jo veldig tidkrevjande, så eg tenkte: «Kjære vene, skal eg legge ned så mykje arbeid i noko som kanskje ikkje blir noko av?» minnest Cathrine.

Ti mennesker som smiler og koser seg i hverandres nærvær.

Årets deltakarar i Bakemesterskapet. Frå venstre Annelin Skjei, Olli Harder, Henrikke Lahn-Johannessen, Linda Rorgemoen, Martin Søraa, Øivind Rogne, Øyvind Andreas Øverby Nilsen, Fredrikke Reithaug Blekastad, Bawer Abbasi og Cathrine Dokken Belsheim.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Gladmelding

I god tid før innspelinga skulle starte, kom beskjeden frå NRK. Ein deltakar hadde trekt seg, no var det plass til Cathrine!

Då fekk eg skikkeleg sommarfuglar i magen! Eg kunne kutte tvilstankane, og ha fullt fokus på prøvebakinga. Det blei ein intens periode, på høgde med å ta sveinebrev.

Kven konkurrentane var, fekk ho ikkje vete før innspelinga starta i Bergen. Endeleg kom dagen.

– Det var fantastisk å møte dei andre! Vi hadde masse til felles, både bakegleda og dei krevjande førebuingane, som skulle vere hemmelege.

Prestasjonsangst

Samtidig heldt Cathrine også noko hemmeleg: At ho eigentleg ikkje skulle vore der.

Men eg let ikkje den tanken få så stor plass. Med ein gong konkurransen starta, blei det ein ny målestokk: Å måle meg mot dei andre.

Ho minnast med gru dei største nedturane undervegs.

Fire-ringars kransekake; det var sørgjelege saker. Og Kvæfjordkaka som eg ikkje laga på rett måte ... Det er flautt og ergerleg at eg ikkje fekk det til i teltet.

Kvinne får trøst av en mann. På bordet ved dem står to kransekaker, den ene i sin fulle prakt og den andre med fire ringer, henholdsvis mannen og kvinnen sin.

Sjølv om ho gjekk heilt til topps, gjekk det ikkje alltid på skin for Cathrine.

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Oppturar

For TV-sjåarane blei Cathrine fort kjent som kvikk og hardtarbeidande. Ho som heldt pusten mens ho trylla fram lekre kreasjonar.

Eg er veldig detaljorientert, og har bakgrunn frå måleri og kunst. Det kom godt med å kjapt kunne lage eit visuelt uttrykk med få hjelpemiddel.

Cathrine driv sitt eige fotofirma heime i Valdres. Og er stolt av røtene sine.

Eg tok med smakar og element frå Valdres. Som den nydelege treak-kremen av einerbær, og forming av hardingfele og tømmerveggar, seier Cathrine.

Blå makroner i en liten mørk skattekiste på en seng av gran. Ved siden av er en stor makron formet som en hardingfele.

Ei hyllest til heimstaden Valdres. Hardingfele og makronar med treak-krem.

Foto: NRK

I dag satsar ho for fullt på bakinga. Ho har starta sitt eige firma der ho lagar franske makronar med norsk vri.

Tru og tvil

Å delta i Bakemesterskapet hjelpte på sjølvtilliten. Men at ho skulle komme heilt til finalen i veke 8, hadde ho aldri trudd på førehand.

Likevel: Då finalistane hadde pynta si siste kake, og dommarane hadde sagt sitt, stod Cathrine att som vinnaren.

Kvinne som hopper og danser med folk som står rundt og klapper og smiler.

Ei hoppande glad Cathrine feirar sigeren.

Det var heilt fantastisk. Då fekk eg verkeleg bekrefta at også eg hadde fortent min plass som deltakar.

Avsløringa

Etter innspeling av finaleepisoden samla alle deltakarane i årets sesong seg på bakrommet for å smake på finalekakene.

Plutseleg sa Linda at ho var reserve. Då sa eg det også, eg klarte ikkje å halde inne med det lenger. Korleis ville dei andre reagere?

– Hæ, er det sant? Dæven, du var heldig som kom med, smilte medfinalist Martin Søraa til ei letta Cathrine.

Han seier avsløringa kom som eit sjokk, men at det berre var artig. Og skryt av Cathrine sine bakekunster og estetiske sans.

Finalen, og heile Bakemesterskapet, kan du sjå her.

Publisert 25.04.2025, kl. 22.14

Read Entire Article