Det kjem ut svært mange bøker i løpet av eit kalenderår. Korleis plukke ut dei aller beste?
Vi bad fem av kritikarane våre velje ut sine tre favorittar frå året som snart er omme – under ser du vala deira.
Ei litterær bragd
- Tittel: «Ikke mennesker jeg kan regne med»
- Forfattar: Kyrre Andreassen
- Sjanger: Roman
- Forlag: Gyldendal
Han kjem ikkje ofte med bok, Kyrre Andreassen, men når det skjer, er det ei storhending. Historia om Linda, som etter 20 års ekteskap får høyre at mannen hennar ikkje har nokon kjensler for ho lenger, er sår, underhaldande og kvass.
Gjennom ei rasande Linda blir vi kjent med bygdefolket på godt og vondt. Og tru om ikkje Andreassen òg har lagt inn eit spaningsplot i denne suverene psykologiske studien.
Boka er ei bragd.
- Les bokmeldinga
I ei klasse for seg
- Tittel: «Hafni forteller»
- Forfattar: Helle Helle
- Sjanger: Roman
- Forlag: Oktober
Eg trur ikkje eg har lese ein dårleg roman av danske Helle Helle. Fire gongar har ho vore nominert til Nordisk råds litteraturpris.
I «Hafni forteller» held ho fram med å skildre eksistensielle brak utan å nemne dei med ord. Ho går på utsida, skildrar daglegdagse gjeremål, eller nettopp ikkje: Hafni er på biltur i Danmark for å smake seg gjennom deilege danske smørbrød. Under svolten ligg sorga over tapt kjærleik. Ho skal skiljast. Men det kjem fram nærast i forbifarten.
Få forfattarar skriv så kompromisslaust som Helle Helle. I denne romanen er ho på sitt aller beste.
- Les bokmeldinga
Brutal minnebok
- Tittel: «Den barbeinte kvinnen»
- Forfattar: Scholastique Mukasonga
- Sjanger: Roman
- Forlag: Press
Å løfte blikket ut, forbi den norske røynda, kan vere ein god ting. Dette året las eg for første gong ein roman frå Rwanda. Og ikkje berre blir eg råka av den brutale historia, som går føre seg før folkemordet i 1994.
Både språkleg og formmessig er Mukasonga treffsikker. Boka er eit minnearbeid over det kjære som gjekk tapt, og eit dokument over kvinner som i all si tid har brukt livet til å verne om barna.
Dette er ei skakande og ugløymande leseoppleving.
- Les bokmeldinga
Dikt frå den lysande kvardagen
- Tittel: «Barnet er som skåret ut av tung silke»
- Forfattar: Ingvild Lothe
- Sjanger: Lyrikk
- Forlag: Kolon
Poeten bak den legendariske oppvekstdiktboka «Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt», kom med si nye diktsamling på tampen av året.
Desse underfundige, nye dikta har element som hage, barn og ei sorg under månen – ei undring over korleis ein skal handtere eige mørke, som kanskje ikkje er eit mørke, berre mørkt lys.
Vi les tilsynelatande enkle dikt som rommar frustrasjon, fortviling, glede og ei matt erkjenning av kva livet tar og gir – at det er litt slitsamt å vere mor. Alt som lyser ut av kvardagen.
Ein heilt annan måte å tenkje på
- Tittel: «Verk og dager»
- Forfattar: Simen K. Nielsen
- Sjanger: Lyrikk
- Forlag: Aschehoug
Denne diktboka blei nesten ei gløymt perle. Eg oppdaga ho i årets siste månad, og ho glei rett inn på denne lista.
Vi les korte prosadikt med ein vridd syntaks, som kan vere litt utfordrande i byrjinga, men deretter så gjevande, nettopp fordi dei opnar opp for ein annleis måte å tenkje på.
Dessutan er det noko barnleg i språket, noko eg personleg er stor fan av fordi det er genuint overraskande og ofte presist og fint, utan pretensjonar. Eg merkar i alle fall at eg stussar meir no over denne sola, eller desse dammane i fjæra.
Det er eit alvor heilt utan sentimentalitet.
Sprelsk og gjennomført debut
- Tittel: «Ordene, eller Ewa Lisas forsøk på å skrive en selvbiografi»
- Forfattar: Mari Nilsen
- Sjanger: Roman/lyrikk
- Forlag: Tiden
Når ein debutant gjer noko sprelsk, frydar eg meg. Denne boka, som eg ikkje veit om eg skal kalle for ei diktbok eller ein roman, har ein personlegdom som slår ut frå sida.
Det er Ewa Lisa som snakkar, om erfaringar og frustrasjonar, utan at det eigentleg er heilt samanstrukturert. Ewa Lisa er litt kaotisk, og språket hennar har eit barnleg tilsnitt som er både humoristisk og fint, fordi det er enkelt.
Men det ho snakkar om, er vanskeleg, blant anna om å vekse opp til ei kvinne – med ein kropp folk vil stappe seg inn i.
- Les bokmeldinga
Jævla morosam
- Tittel: «Jævla menn»
- Forfattar: Andrev Walden
- Sjanger: Roman
- Forlag: Kagge
I denne lysande debutromanen fortel svenske Andrev Walden om oppveksten med ei mor og sju ulike «pappaer» på 1980-talet.
Walden fortel historia nedanfrå, frå barnets perspektiv, men med ein klokskap og humor som ein sjeldan ser hos ein debuterande forfattar.
Boka fekk fullt fortent den høgthengande Augustprisen i 2023.
- Les bokmeldinga
Her står lærdommane i kø
- Tittel: «King. Et liv»
- Forfattar: Jonathan Eig
- Sjanger: Biografi
- Forlag: Verbum
Jonathan Eig tar oss tilbake til «the Deep South», til dei amerikanske sørstatane på 1950-talet. Til eit samfunn gjennomsyra av rasisme.
Martin Luther King var rett mann til rett tid med sitt Gandhi-inspirerte ikkjevaldsprosjekt og retoriske talent.
Han var eit menneske av kjøtt og blod, ikkje ein messias-figur, noko Eig får fram på framifrå vis og med hjelp av nye kjelder i denne storarta biografien.
- Les bokmeldinga
Størst av alt er kjærleiken
- Tittel: «Polakken»
- Forfattar: J.M. Coetzee
- Sjanger: Roman
- Forlag: Cappelen Damm
I dette vesle kammerspelet møter vi pianisten Witold og konsertarrangøren Beatriz. Søt musikk oppstår. Coetzee er i dialog med mellomalderdiktaren Dante, som i «Den guddommelege komedien» gjekk gjennom helvete, skjærselden og paradiset på jakt etter sin Beatrice.
På meisterleg vis tar han denne kjærleikshistoria til vår tid, og ned på jorda. I tillegg snur han perspektivet, og fortel historia gjennom auga til Beatriz.
Om vi har å gjere med ein roman eller ei litt lang novelle, kan diskuterast. At vi har å gjere med litteratur av høg klasse, er det ingen tvil om.
- Les bokmeldinga
Utruleg ekte
- Tittel: «What Does It Feel Like?»
- Forfattar: Sophie Kinsella
- Sjanger: Roman
- Forlag: Random House
Sophie Kinsella, mest kjend for «Shopaholic»-bøkene, byr her på noko heilt anna. Dette er den einaste boka eg har lese i år (og eg har lese mange) som har funne vegen til «tidenes favorittar».
Kinsella leverer ei personleg og rørande forteljing om Eve, ein suksessrik forfattar som får hjernekreft – noko forfattaren sjølv har opplevd. Boka er både humoristisk og gripande, og eg sleit med å slutte å gråte.
Ha tørkepapiret klart før du fyrer laus på denne boka.
Tankevekkjande og sterk
- Tittel: «The Nightmare Virus»
- Forfattar: Nadine Brandes
- Sjanger: Science fiction
- Forlag: Enclave Escape
Det er mange bøker eg ønskjer var omsette til norsk, og bøkene til Brandes er fleire av dei. I denne apokalyptiske verda, der eit virus fangar menneske i eit surrealistisk draumelandskap, følgjer vi Cain, ein ung gut som har eit håp om å redde verda.
Men Brandes si forteljing handlar om langt meir enn ein apokalypse. Den handlar om brorskap, godheit, tru og forløysing.
Det er ei bok som sit att i deg lenge etter at siste side er lesen.
Eit omvendt eventyr med ein magisk vri
- Tittel: «Thornhegde»
- Forfattar: T. Kingfisher
- Sjanger: Eventyr/fantasy
- Forlag: Titan Books
I «Thornhedge» møter vi Toadling, ei gåtefull fe med ei annleis helterolle: å beskytte verda frå prinsessa ho vaktar. Med humor, varme og djupne snur T. Kingfisher dei klassiske eventyrklisjeane på hovudet.
Dette er ei forteljing om skuld, offer og magi, fortalt i eit komprimert, men gripande format. Ei lita perle for eventyrelskarar.
PS. Forfattaren er æresgjest under science fiction- og fantasyfestivalen Norcon 31 i Oslo til neste år!
- Les bokmeldinga
Ikkje for dei skuggeredde
- Tittel: «Du kan kalle meg Jan»
- Forfattar: Anne Elvedal
- Sjanger: Thriller
- Forlag: Cappelen Damm
Anne Elvedal debuterer som vaksenbokforfattar med eit særs velskrive og dristig djupdykk i eit forstyrra sinn.
Handlinga er lagt til eit psykiatrisk sjukehus i Trondheim, der det raskt blir klårt at det står dårlegare til med sinnsroa og sjelelivet til enkelte i staben enn til pasientane.
Ei bok der du ikkje kan stole på nokon, der du ikkje eingong kan vere trygg på at dei falske minna faktisk er falske. «Du kan kalle meg Jan» er ein rein maktdemonstrasjon av ein paranoid psykologisk thriller.
- Les bokmeldinga
Får grunnmurane i Kreml til å dirre
- Tittel: «Patriot»
- Forfattar: Aleksej Navalnyj
- Sjanger: Selvbiografi
- Forlag: Gyldendal
«Patriot» er historia til Aleksej Navalnyj, den russiske dissentaren og opposisjonspolitikaren som i februar i år vart funnen død i eit russisk fengsel.
Som eit møte mellom sjølvbiografi, fengselsdagbok og politisk testament er «Patriot» sterk lesnad. Informativ, gripande og overraskande vittig.
Det er ei ujamn og strålande bok, ei bok det er fysisk og mentalt utmattande å lese – og umogleg å gløyme.
- Les bokmeldinga
Glitrande om dumskap og idioti
- Tittel: «Dumhet, idioti og dumme idioter»
- Forfattar: Lars Fr. H. Svendsen
- Sjanger: Sakprosa
- Forlag: Kagge
Er du dum, eller idiot, eller kanskje begge delar? Ifølge filosof Lars Svendsen er svaret på minst eitt av desse spørsmåla: Ja.
Boka er ei nyttig hjelp til opprydding i våre eigne og mentale snarvegar og tankeflokar. Svendsen viser korleis dumskap og idioti ikkje er eit fenomen som finst der ute hos dei andre, men noko vi alle praktiserer frå tid til anna.
Ei av desse ganske få bøkene som ein godt kan lese på nytt, for eksempel ein gong i året. Ei sårt nødvendig motvekt til alt skråsikkert.
- Les bokmeldinga
Vil du ha fleire boktips? Her er ein drøss med gode bøker til dei minste frå året som gjekk:
Publisert 06.12.2024, kl. 16.11