For nokre dagar sidan bada Sør-Noreg i sol og over 25 grader.
No har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel om snø for delar av landsdelen.
– Det har vore eit veldig skifte frå det vi hadde for nokre dagar sidan. Frå godt over 25 gradar til snø i høgareliggande område, seier vakthavande meteorolog Rafael Escobar Løvdahl.
I Rauland i Telemark vakna dei opp til snø torsdag morgon.
Foto: Leif Edvard Isaksen– Nysnø på fleire stasjonar
Fleire plassar i Sør-Noreg har det snødd det siste døgnet.
– Vi registrerer nysnø på fleire stasjonar. Det har kome nokre centimeter på nokon av dei.
Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl ber folk som skal over fjellet i Sør-Noreg om å vere obs på at dei kan møte snø. Biletet er frå Kongsvold sør i Trøndelag torsdag morgon.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKDet komande døgnet vil fjellet i Sør-Noreg, samt enkelte område i Innlandet, Buskerud, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag òg kunne få snø, seier han.
– Er du ute i morgontimane i morgon, vil du kunne sjå litt snø.
I den samanheng har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel om snø, som gjeld for torsdag kveld til fredag morgon.
Det skal starte å snø aust i Hedmark, også brer det seg vestover, ifølgje Meteorologisk institutt.
I høgda er det venta mellom tre til ti centimeter snø.
Snøgrensa vil vere nede på 500 meter frå torsdag kveld til fredag morgon.
Foto: Meteorologisk institutt
Er du glad for at snøen kjem tilbake?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Uføreseieleg i mai
Meteorologen seier det er normalt at det svingar i mai.
– Men det kjem nok som eit sjokk for mange, som tenkte at sommaren var kome.
I Røn i Valdres kom det noko snø onsdag kveld.
Stine Bækkelien/NRKDet er derimot ikkje snakk om store snømengder som har kome. Men det skal kome meir i kveld og natt, seier Løvdahl.
– Fredag morgon så kan det nok vere fleire plassar som får sett det.
Meteorologen oppmodar folk til å vere obs om dei skal køyre over fjellet mellom aust og vest.
– Køyr etter forholda, seier han.
Publisert 22.05.2025, kl. 11.37 Oppdatert 22.05.2025, kl. 11.55