Helsetilsynet ropar varsku om privat helseaktør – hevdar firma driv unyttig og uetisk

1 day ago 6


Det sunnmørsbaserte selskapet Austad Diagnostikk har avdelingar over heile landet, og tilbyr ulike former for helsesjekkar med ultralyd.

NRK skreiv nyleg om at stadig fleire nordmenn kjøper slike undersøkingar, til fleire tusen kroner.

No har Statens helsetilsyn kasta auga på det sunnmørsbaserte selskapet. Kritikken er uvanleg sterk.

– Vi meiner at Austad Diagnostikk driv ein praksis som ikkje har eit godt fagleg grunnlag. Vi vil trekkje det så langt at vi meiner det er unyttig og uetisk det dei driv med, seier seniorrådgjevar Lisbeth Homlong.

Ho seier Helsetilsynet er svært kritiske til at friske personar blir undersøkte med ultralyd utan at dei har plagar, symptom eller sjukdom.

– Men bør ikkje folk få bruke pengane sine som dei vil?

– Folk må få lov å velje sjølv, men dei fortener då å få sannferdig informasjon om kva som er mogleg å finne, kva ein ikkje finn, og kva ein reelt sett kan oppnå med ei slik undersøking som er kostbar for den enkelte, seier ho.

Kvinne med mørkt hår, kvit bluse og svart vest

Seniorrådgjevar Lisbeth Homlong seier Statens helsetilsyn er kritisk til Austad Diagnostikk.

Foto: Statens helsetilsyn / NRK

Ber om at det blir starta offentleg gransking

Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde er tidlegare fylkeslege og har følgt med på det private firmaet i fleire år. Han ber no om at det blir starta ei offentleg gransking av selskapet, ei såkalla tilsynssak.

Kommuneoverlegen i Romsdal meiner forretningsmodellen til firmaet fører til eit unødvendig press på det offentlege helsevesenet om å følgje opp ufarlege funn.

– Det går ut over kapasiteten til fastlegane å følgje opp meir eller mindre velfunderte undersøkingar som er gjort hos Austad Diagnostikk, hevdar han.

Innerdal meiner også undersøkingane kan gjere folk urolege, utan grunn. Han viser til at han har blitt kontakta av eit tosifra tal med fastlegar som opplever pågang frå tilsynelatande friske pasientar, etter først ha vore hos det private helsefirmaet.

Cato Innerdal

Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde er svært kritisk til verksemda til Austad Diagnostikk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Varslar ti statsforvaltarar

Nyleg sende kommuneoverlegen brev til åtte statsforvaltarar over heile landet for å varsle om verksemda. Han meiner dei bør vurdere om drifta til Austad er i strid med Helsepersonellova §6:

«Helsepersonell skal sørge for at helsehjelpen ikke påfører pasient, helseinstitusjon, trygden eller andre unødvendig tidstap eller utgift.»

Det er ikkje første gongen Austad Diagnostikk får kritikk for verksemda. Legeforeininga har fleire gonger vore svært kritisk til selskapet, og hevda dei tener pengar på folk sin helseangst.

Tema på møte med statsforvaltarane

Nyleg blei aktiviteten til Austad Diagnostikk diskutert på eit møte med alle statsforvaltarane i landet. Saman med Helsetilsynet har statsforvaltarane ansvaret for å sjå til at legar, sjukehus og private helsefirma driv i tråd med lova.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen i Møre og Romsdal seier dei førebels ikkje har bestemt om dei skal opprette ei formell tilsynssak.

– Det er veldig viktig å ha fokus på overdiagnostikk og overbehandling fordi det kan vere både skadeleg for den enkelte pasienten, men det kan også føre til feil bruk av fellesskapet sine helseressursar.

Ei gransking kan føre til krav om å rette opp i konkrete forhold ved drifta - og i verste fall tvangsmulkt og pålegg om stenging.

Karin Müller Mikaelsen Fylkeslege Møre og Romsdal

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier dei vurderer å starte tilsynssak med Austad Diagnostikk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Hevdar dei avlastar helsevesenet

Gunnar Austad, som er medisinsk ansvarleg for Austad Diagnostikk, vil ikkje stille til intervju. I staden har han sendt ein kommentar på e-post. Der avviser han kritikken frå Helsetilsynet, og skriv at det er mange som ikkje veit nok om effekten av undersøkingar med ultralyd.

Han hevdar vidare til at han berre i fjor oppdaga kreft eller forstadium til kreft hos rundt 1,2, prosent av pasientane dei testa.

Ei meir nøyaktig og informativ helseundersøking skal du leite lenge etter, skriv han.

Kritikken frå kommuneoverlege Cato Innerdal om at dei belastar helsevesenet kommenterer han slik:

Vi avlastar dagleg både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Mange kjem med symptom og plager, eller pasienten ønskjer vurderingar med tanke på oppstart av kolesterolsenkande medisinar. Dette omfattar anslagsvis så mange som 10–20 % av våre konsultasjonar, og er jo ein mange gonger høgare del enn dei som blir viste vidare, skriv han.

Portrettbilde med ultralydapparat i bakgrunnen.

Gunnar Austad er dagleg leiar for Austad Diagnostikk.

Foto: Espen Bierud / NRK

Omsetning på 64 millionar i fjor

Austad Diagnostikk seier dei ikkje har nøyaktige tal på kor mange tusen pasientar dei årleg tek mot til helsesjekk. I 2017 var det oppgitt til å vere 10 000. Rekneskapstala viser at selskapet hadde ei omsetning på 64 millionar i 2024.

I eit intervju med NRK nyleg fortalde Per Nystøl (60) i Kristiansand at han blei tipsa av ein kompis om tilbodet. Han kom smilande ut frå legekontoret.

– Det er litt hjartesjukdom i familien, og så miste eg bror min brått. Då hadde eg lyst å sjekke at alt er ok med helsa mi, sa han.

Varsla også i 2022

Men kommuneoverlegen i Molde lar seg ikkje imponere. Han varsla om bedrifta også i 2021, utan at det førte til at det blei oppretta tilsyn.

Han håper det blir annleis denne gongen.

– Eg håper at statsforvaltarane faktisk gjer ei vurdering av om denne typen private verksemder driv lovleg, seier han.

– Men det er mange som ønskjer dette tilbodet, burde ikkje dei ha høve til å drive slik?

Dei kan i aller høgste grad tilby denne typen private helsetenester, men då må dei også, etter mi oppfatning, følgje opp pasientane, slik at det ikkje blir overlate til fastlegar eller spesialisthelsetenesta, seier Cato Innerdal.

Publisert 31.03.2025, kl. 05.40

Read Entire Article