Rundt 10.000 liter diesel har runne i sjøen etter at ein fôrflåte grunnstøytte mellom Høgefjellet naturreservat og like pittoreske Hoddevika på Stadlandet.
Kystverket har sidan pålagt eigaren å fjerne vraket, men det er lettare sagt enn gjort.
Betongkolossen veg 2100 tonn, og ein av metodane som blir vurderte er å la dønningane herje med konstruksjonen til han er splintra opp i meir handterlege delar.
– Dette alternativet er kanskje det mest sannsynlege, forklarer Kystverket til Bergens Tidende.
I Fjordenes Tidende er den same etaten sitert på at det neppe blir opprydding på denne sida av vinteren.
– Eg synst det er rart at det ikkje er meir sense of urgency, seier stortingsrepresentant og tidlegare Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).
– Ei slik «miljøbombe» må vekk raskast råd.
I selskap med fleire naturvernorganisasjonar (sjå under) reagerer han på fleire forhold:
- Tidsbruken. I dag ligg flåten fast på berget, og har ikkje eiga oppdrift om ho skulle losne.
- Den manglande «akuttforståinga».
- «Runddansen» mellom kommune, staten, eigar og Kystverket om kven som skal ta ansvar.
Eigaren: – Det er i alle si interesse å få rydda opp
– Framleis blir havet langt på veg behandla som ei open bosdynge, seier Bjørlo.
– Tida er inne for å skjerpe regelverket når det gjeld opprydding til havs – utan lange studiesirklar om kven som har ansvaret.
Etter fram og tilbake blei det denne veka avklart at det er Stad kommune – og ikkje Kystverket – som skal sjå til at eigaren av den havarerte fôrflåten ryddar opp etter seg.
Måndag er det likevel planlagt eit nytt møte der også Statsforvaltaren i Vestland er invitert, sidan havaristen ligg i Høgfjellet naturreservat, kor staten er forvaltingsansvarleg.
Eigaren av vraket er oppdrettsselskapet Måsøval.
– Det er i alle si interesse å få rydda opp, seier samfunnskontakt i selskapet, Berit Flåmo.
Ho seier dei må ta høgde for at vraket ligg på «ei av dei farlegaste havstrekningane i verda» og at årstida gjer arbeidsvilkåra enda vanskelegare.
– Uansett forheld vi oss til dialogen med myndigheitene om kva tiltak som skal settast i gang, legg ho til.
Nyhetsspiller
Kenneth Bruvik, styreleiar i Framtidshavet
Denne kolossen må vekk, og det nå! Den skaper berre enda større problem om den går i oppløysing. Vidare handlar dette om presedens og tilliten til myndigheitene. Den blir utvatna om ikkje dette får konsekvensar. Få den vekk!
Richard Aune
Truls Gulowsen, Natuvernforbundet
Viss eigaren av fôrflåten ikkje sjølv eller gjennom forsikring kan rydde opp etter seg, skulle dei jo aldri gjennomført transporten. Vi forventar at kommunen sørger for at selskapet fjernar vraket utan opphald, og at selskapet betaler alle kostnader.
NRK
Frode Pleym, Greenpeace
Fagmyndigheitene må vurdere kva opprydding som er praktisk mogleg. Men det er viktig at eigaren seier at dei sjølvsagt ber alle kostnader for opprydding, og at han vil settast i gang omgåande om fagmyndigheitene meiner det er best for miljøet. For folk som bur på Stadlandet og alle andre som elskar naturen her, er det fullstendig irrelevant kva dialogen med forsikringa til selskapet fører til.
Oddmund Reisæter Haugen
Alfred Bjørlo, Venstre
Eg har ikkje grunnlag for å meine noko om kva metode som er det beste – men saka er eit veldig godt eksempel på at vi ligg langt bakpå i Noreg når det gjeld å ta vare på naturen til havs. Vi behandlar enno havet langt på veg som ei «open bosdynge» – der vi kan sleppe ut kloakk, dumpe gruveavfall, starte med gruvedrift til havs, eller la vrak ligge å sleppe ut tusenvis liter drivstoff.
Morten Andersen
Berit Flåmo, Måsøval
Det er alle si interesse å få rydda opp! Nå veit vi at flåten ligg på eit av den farlegaste havstrekninga i verda i tillegg til at årstida gjer at det er eit farleg område å jobbe på. Uansett: vi forheld oss til dialogen med myndigheitene om kva tiltak som skal settast i gang.
Naturviterne
Morten Wedege, Naturviterne
I utgangspunktet meiner Naturviterne det er forureinars plikt å rydde opp etter seg så langt det kan la seg gjere utan fare for liv og helse for oppryddingsmannskapa. At ein operasjon er krevjande eller kostbar, er etter vårt syn ikkje ei unnskyldning for å la vere å rydde opp.
Kystrederiene
Kenneth Erdal, Kystrederiene
Her må eigarane av flåten forhalde seg til Kystverket si handtering av saka og finne gode løysingar i samråd med forsikringsselskapet.
Marthe Synnøve Johannessen
Dag Inge Aarhus, Sjøfartsdirektoratet
Vi har ikkje så mykje å tilføre denne saka. Det er Kystverket som er ansvarleg myndigheit, og vi har ikkje vore involverte i dei vurderingane som dei har gjort knytt til oppfølging og val av metode for fjerning av konstruksjonen.
– Dei må ta heile rekninga for jobben
Frode Pleym i Greenpeace etterlyser ei kunngjering der Måsøval «høgt og tydeleg seier at dei ber alle kostnader for opprydding».
– Vi reknar med at avgjerda blir tatt basert på kva som er best for miljøet, ikkje kostnadene for oppdrettsselskapet. Måsøval har ansvaret for å rydde opp, og dei må ta heile rekninga for jobben.
Lasse Lund er nestleiar i Fjordane Friluftsråd.
– Vi er imot at ting skal bli liggande igjen ute i naturen, men det vil alltid vere ei vurdering om ein oppryddingsoperasjon kan gjennomførast på ein sikker og trygg måte utan at materiell og mannskap blir skadd, seier han.
Han legg til:
– I verste fall risikerer vi eit nytt havari under redningsaksjonen, og at situasjonen berre blir verre.
Publisert 05.09.2024, kl. 15.25