Harris kallar Trump for ein fascist

1 month ago 9


– La meg spørje deg i kveld: meiner du at Donald Trump er ein fascist?

– Ja, det gjer eg. Eg meiner også at om dette emnet bør vi ha tillit til dei som kjenner han best.

Slik svarte Kamala Harris på spørsmålet til CNN-programleiar Anderson Cooper natt til torsdag.

Med «dei som kjenner han best», sikta ho til Trump sin tidlegare stabssjef John Kelly, som har åtvara om at Trump skal ha sett opp til Hitler og hæren hans under andre verdskrig.

Trump viser video av Kamla Harris på TV-skjermar under eit folkemøte i Duluth, Georgia

Tidlegare same dag hadde Donald Trump folkemøte i Duluth, Georgia.

Foto: CHRISTIAN MONTERROSA / AFP

Ho sikta også til den tidlegare forsvarsministeren i USA, Mark Milley, som har kalla Trump for ein «fascist tvers igjennom».

CNN hadde også invitert Trump til det som eigentleg skulle vere ein debatt, men han ønskte ikkje å stille opp.

Då arrangerte dei eit folkemøte med berre Harris i staden.

Trump: – Ei eskalering

I morgontimane torsdag har Trump svart på påstandane:

– Ho eskalerer i aukande grad retorikken sin, og går så langt som å kalle meg for Adolf Hitler, og kva som helst anna som dukkar opp i den skrudde hjernen hennar, skreiv han.

Election 2024 Trump

Trump kommenterte Harris sine påstandar på sitt eige sosiale medium, Truth Social.

Foto: Alex Brandon / AP

Han kalla henne igjen for «comrade Kamala Harris», eit ord ofte brukt i samband med kommunismen, og skildra henne som «ein trugsel mot demokratiet».

Fascisme har blitt brukt mykje som skjellsord av politikarar og veljarar i løpet av denne valkampen, men er ei konkret politisk ideologi.

Denne omfattar ein ekstrem form for nasjonalisme kombinert med diktatorisk makt.

Skjer etter nytt intervju med stabssjef

Det er ikkje tilfeldig at Harris kjem med desse kommentarane no. Kommentarane ho viser til frå den tidlegare stabssjefen John Kelly blei uttalte på tysdag.

I intervjuet med The New York Times sa Kelly at den republikanske presidentkandidaten passa inn i «den generelle definisjonen på fascist».

Election 2024 Trump Kelly

Kelly (h) blei først ein del av Trump-administrasjonen som leiar for nasjonal tryggleik, før han gjekk over til Det kvite huset i 2017.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Han sa også at Trump «kommenterte fleire gongar enn ein at Hitler også gjorde nokre gode ting».

Trump har heile vegen nekta for at han er ein fascist, eit ord han sjølv har brukt for å skildre demokratane.

Harris viste også til Kelly sin Hitler-kommentar i intervjuet. Ho kalla denne for «svært urovekkande».

Svarte ikkje på spørsmål om Gaza

Då Harris seinare i intervjuet fekk spørsmål om krigen i Gaza og korleis ho ville vere annleis enn noverande president Joe Biden, svarte ho ikkje ordentleg.

Ein veljar ville vite kva ho ville gjere for at amerikanske våpen ikkje skulle drepe fleire sivile i Gaza.

Ein annan fekk eit rundt svar som likna veldig på Harris sin valkamptale då dei spurte om det var noko ho kunne ha gjort annleis som visepresident.

Kamala Harris Participates In CNN Town Hall In Philadelphia

Harris fekk kritikk etter folkemøtet for å ha nekta å svare på fleire spørsmål, men ros for å ha blitt igjen etter at TV-sendinga var ferdig for å snakke meir med dei frammøtte.

Foto: ANDREW HARNIK / AFP

Dette var veljarar i Pennsylvania som ikkje enno hadde bestemt seg for kven dei skulle stemme på. Desse var også målgruppa for folkemøtet.

Dette var kanskje første gongen ho har teke opp Trump og fascisme på eit folkemøte. Men Harris har lufta temaet tidlegare.

Sist veke, i eit radiointervju med den populære programleiaren Charlamagne Tha God, konstaterte ho at Trump hadde ein annan visjon for USA enn henne.

– Den andre handlar om fascisme. Kvifor kan vi ikkje berre seie det, spurte programleiaren.

– Jo, vi kan det, sa Harris.

Publisert 24.10.2024, kl. 06.45 Oppdatert 24.10.2024, kl. 06.59

Read Entire Article