Har stått fast på fjellhylla i fire dagar – no har Raudekrossen redda sauen ned

1 month ago 8


Ein sau forvilla seg og har stått fast i ei fjellside av «Jomannen» i Vestvågøy i Lofoten i fire dagar.

I kveld har ei gruppe frå Raudekrossen tatt seg opp til fots for å redde sauen ned.

Ifølge Tommy Tallaksen som er i området har sauen no kome seg heilskinna frå den bratte skråningen, like før klokka 20:00 onsdag kveld.

Sauen er redda ned

Sauen har kome seg ned i live etter at Raudekrossen onsdag kveld tok seg opp til fots for å redde han.

Foto: Tommy Tallaksen

– Sauen har stått der sidan søndag føremiddag. Det har stått sauar der før også, for å seie det slik, seier Ole Andreas Botnevik.

Han eig sauen og drifta av garden saman med Sigrid Eline Botnevik.

– Det er cirka 200-300 meter opp dit, men eg ser dei er endå ikkje komne fram dit, seier Tallaksen om dei som er på veg for å redde ned sauen, sa han tidlegare i kveld.

Tommy Tallaksen, som blei informert av ei nabojente om den forvilla sauen, såg fleire lyskastarar i skråninga på veg opp tidlegare i kveld. Det var han som fekk opp dronen for å sjå til sauen på søndag.

Sauen som står fast i Lofoten

Området rundt sauen er brunt som følge av at han har livnæra seg på graset i skråningen desse dagane.

Foto: Tommy Tallaksen

Lofotposten melde om saka først.

NRK har forsøkt å få kontakt med personar i Svolvær Alpine redningsgruppe og Raude Kors utan hell.

Sigrid Botnevik, bonde i Lofoten

Sigrid Eline Botnevik med sauen som per no står fast i ei fjellside av fjellet "Jomannen" i Vestvågøy i Lofoten.

Foto: Privat

Om ikkje sauen skulle ha kome seg ned med rett hjelp, er alternativet å ta livet av han.

– Då måtte vi ha skote og avliva. Då må du ha nokon som er kapabel til å gjere det. Så vi har folk i Viltnemnda og folk som kan det til å bistå med den biten, seier Ole Andreas Botnevik.

Paret hadde likevel tru på at dei skulle få sauen ned i live.

– Viss det ikkje går i kveld, har SAR Queen sagt seg villig til å gjere det som ei treningsoppgåve også.

– Så vi har godt med moglegheiter, seier Ole Andreas Botnevik.

Sigrid Eline har fortalt VG at 27 av sauane var ute på beite, då ein av dei tok seg ut for å legge ut på ein risikofylt søndagstur på fjellet.

Publisert 23.10.2024, kl. 19.28 Oppdatert 23.10.2024, kl. 20.08

Read Entire Article