Sarah Bireete er ei dame som snakkar der andre teier. Rett før jul sette ho ord på det mange ugandarar tenker om landets demokrati.
Men det skulle straffe seg for Bireete.
– Staten vil at valet berre skal vere eit slags ritual, men folket har gjort det til ein reell konkurranse. Uganda er eit av landa i verda med yngst befolkning, og dei ønsker endring. Det gir regimet panikk.
Mange i Uganda er misnøgde, mellom anna med politisk korrupsjon, som det har vore mange tilfelle av.
Foto: AFPDet sa Bireete til nyheitsbyrået AP den 23. desember. Ho er menneskerettsaktivist og direktør ved Center for Constitutional Governance.
Ho var frå før ein kjent kritikar av regimet i heimlandet. No slo ho til igjen.
– Uganda har alltid vore eit militært diktatur under president Museveni. Men internasjonalt har dei klart å framstille seg som eit demokrati. No ligg bevisa framme i lyset, og alle kan sjå at det ikkje er noko demokrati me er vitne til. Makta blir halden internt i familien, og overført til brør og søner, sa Bireete.
Farleg å kritisere
Ho peikar på det mange i Uganda er opptekne av for tida: At sonen til president Museveni ligg an til å overta makta når farens tid er forbi. Makta i Uganda kan altså komme til å gå i arv.
Bireete vart arrestert berre få dagar etter at intervjuet vart publisert. Ho er sikta for å ha skaffa seg ulovleg tilgang til databasar med informasjon om veljarar.
Men hennar støttespelarar, deriblant Amnesty, meiner det er kritikken av regimet som fekk ho fengsla kort tid før valet.
Sarah Bireete er fengsla, her frå eit rettsmøte tidlegare i januar. Arrestasjonen kom etter at ho kritiserte regimet i Uganda.
Foto: ReutersBireete si historie er berre ei av fleire som viser kor farleg det kan vere å kritisere regimet i Uganda.
Landets politi og soldatar har god trening med å stanse uro. Raskt og brutalt har dei stansa demonstrasjonar tidlegare.
Og no førebur dei seg på nytt bråk. Tysdag denne veka vart internett skrudd av – berre to dagar før valet. Det er i strid med kva som vart lova i forkant, og det er sjeldan eit teikn på demokrati og ytringsfridom.
Museveni – ein helt blant mange eldre
Men det høyrer også med til historia at president Museveni har ein stor tilhengarskare i Uganda, spesielt blant dei eldre som hugsar han som ein helt.
I januar 1986 gjekk geriljaleiar Yoweri Museveni og hans soldatar inn i Kampala. Til jubel frå folket tok dei makta i landet. Det markerte slutten på ei konfliktfylt tid i Uganda.
Yoweri Museveni har vore president i Uganda i 40 år. No seier han at han stiller til val for aller siste gong.
Foto: APLandet som har fått tilnamnet «Afrikas Perle» har hatt fleire brutale leiarar. Den mest kjente er nok Idi Amin. Han kalla seg sjølv for frigjerar og sigersherre. Andre kalla han «Afrikas Hitler» og «slaktaren frå Uganda».
Så for ugandarar over 50 år er Museveni ofte sett på som helten som stansa krigen og tok Uganda inn i ei tid med økonomisk utvikling.
Men problemet til Museveni er at det er ganske få gamle ugandarar. Landet har ein enorm folkevekst, og det blir i dag anslått at rundt 80 prosent av folket er under 35 år. Med andre ord er fire av fem ugandarar fødde etter at Musevenis regjeringstid starta i 1986.
Og dei unge har eit anna inntrykk av presidenten. Fordi freden og den økonomiske framgangen under Museveni har kome med ein pris.
Museveni er, og har lenge vore, veldig autoritær. Han slår hardt ned på kritikk, opposisjon og fri presse. Og den økonomiske framgangen han viser til er det mange som ikkje ser i dagleglivet sitt.
Samtidig som ein soldat vaktar presidentens reklamebil, så blir hans kollegaer skulda for å angripe opposisjonskandidatane sine kampanjar.
Foto: AFPOpposisjonen må slost med soldatar
Å veive med det ugandiske flagget har nærast blitt farleg i Uganda. Flagget har blitt eit symbol som tilhengjarane til Bobi Wine tek med seg når dei skal hylle opposisjonsleiaren.
Bobi Wine sine tilhengjarar har tatt eigarskap til det ugandiske flagget.
Foto: ReutersWine sitt varemerke har i mange år vore ein raud beret. Men etter fleire valdsepisodar har han dei siste dagane dukka opp med skotsikker vest og ein hjelm.
– Kjærleiken me blir møtt med er det som får oss til å fortsette. Dei rundjular oss, dei gassar oss med tåregass, sprayar oss med peparspray. Dei skyt til og med skarpe kuler mot oss. Det finst 99 grunnar til at me skal gje opp, men det er ein stor grunn til å fortsette å vere modig: Og det er kjærleiken, støtta og solidariteten.
Bobi Wine er spesielt populær blant Ugandas unge.
Foto: AFPDet sa Bobi Wine til nyheitsbyrået AP, samtidig som tusenvis av tilhengjarar flokka seg rundt ein scene kor Wine skulle tale.
Valkamparrangementa hans er som oftast prega av kaos og tåregass, samt mange soldatar. Fleire gonger er han blitt forsøkt stansa eller hindra av militæret.
Ein raud beret er eit symbol både for Bobi Wine og andre afrikanske politikarar som ser på seg sjølve som fridomsforkjemparar.
Foto: APPresident Museveni får derimot beskyttelse av det same militæret, og også har eit enormt valkampbudsjett. Han får raud løpar dei fleste stader han reiser, i sterk kontrast til opposisjonens situasjon.
Bobi Wine er eit døme på opposisjonskandidat. Ein annan er Kizza Besigye - som sit i fengsel. Han vart pågripen i 2024 under eit besøk til nabolandet Kenya, og sit framleis arrestert.
Han er skulda for forræderi etter påstandar om at han planla å styrte president Museveni. Støttespelarane hans meiner det heile handlar om å stanse han frå å stille til val.
Men den som tenker tilstanden for Ugandas demokrati ikkje kan bli verre enn det er i dag, dei har ikkje høyrt om Musevenis eldste son.
Presidentens son: Militærsjef og Twitter-fenomen
Ein av hovudgrunnane til at det er farleg å utfordre presidenten i Uganda er presidentens son. Muhoozi Kainerugaba er forsvarssjef i Uganda, utnemnd av sin pappa. Og han seglar opp som den mest aktuelle kandidaten til å overta makta den dagen Musevenis tid er over.
For det er ein open hemmelegheit at Museveni sin eldste son er meir enn klar for å overta etter faren.
Muhoozi Kainerugaba er general, og militærsjef. Men også favoritt til å bli Ugandas neste president.
Foto: APTidlegare har han lansert seg sjølv som ein kandidat for årets presidentval. Dette kandidaturet har han seinare trekt tilbake, sannsynlegvis etter press frå faren.
Det er mange som er særs skeptiske til tanken på at Muhoozi skal ta over etter Museveni. For medan faren er ein erfaren diplomat, som ofte får æra av å løyse konfliktar, så har Muhoozi fått rykte for å starte konfliktar.
Han har fått tilnamnet «Tweeting General» etter fleire omstridde og sjokkerande meldingar på X/Twitter.
I 2022 måtte faren unnskylde seg overfor Kenya i 2022. Muhoozi hadde lagt ut meldingar på X som mange tolka som trugslar om å invadere nabolandet.
«Det ville ikkje teke oss, hæren og meg, meir enn to veker å erobre Nairobi», skreiv han som altså er øvste militære sjef i Uganda.
Han har også rasla med sablane mot Sør-Sudan og Kongo. Og det fekk litt merksemd at han tilbaud 100 kveg – ein vanleg medgift – for å få «handa til» Italias statsminister Giorgia Meloni.
Muhoozi Kainerugaba har fått mykje merksemd for sine omstridde meldingar på X.
Foto: AFPMuhoozi vil halshogge Bobi Wine
Muhoozi er også fleire gonger skulda for å stå bak bortføringar og angrep på farens politiske motstandarar.
Under valkampen i 2021 var han sjef for Ugandas spesialstyrkar, og han vart i etterkant skulda for fleire brot på menneskerettane gjennom valkampen.
Når det gjeld opposisjonsleiar Bobi Wine, så har Muhoozi nyleg sagt at han må halshoggast.
Desse, og ei rekke andre utsegn, skaper uro langt utover Ugandas grenser. Mange ser på Uganda som limet som hindrar at Aust-Afrika kollapsar.
Det er vanleg at politiet bruker tåregass når Bobi Wine samlar sine tilhengjarar.
Foto: ReutersMed konfliktar i Sør-Sudan, Sudan, Somalia og Kongo er det behov for ein diplomatisk statsleiar med gode kontaktar til nabolanda. Det har Museveni levert.
Uganda er også vertsland for millionar av flyktningar frå nabolanda. Skulle landet bli del av ein regional konflikt er det nesten garantert at det vil bli enorme humanitære konsekvensar.
Sannsynlegvis er det Musevenis diplomatiske og humanitære innsats som har gjort til at han ofte slepp unna den krassaste kritikken frå det internasjonale samfunnet.
Det blir ikkje ny president for Uganda denne gongen heller. Museveni forlenger sine 40 år. Likevel representerer årets val i Uganda noko nytt.
For alle veit at Musevenis tid snart er forbi, og eit dødt demokrati blir snart tvungen til å overføre makta.
Anten blir snart presidentens førstefødde Ugandas nye leiar. Eller så blir det garantert bråk.
Publisert 15.01.2026, kl. 05.16



















English (US)