Han blei ein del av krangelen mellom Trump og Zelenskyj

13 hours ago 4


– Trump er lite empatisk. Eg trur berre han hadde blitt overraska om det var bilde av hans eigen son, seier Oleksij Anulja til NRK.

Medan verda fekk hakeslepp fredag kveld, var han sjølv ein del av kaoset.

– Dette møtet var ei viktig påminning for oss ukrainarar om at vi må klare oss sjølve.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj møtte president Donald Trump i Det ovale kontor fredag ettermiddag.

  • Ukraine President Volodymyr Zelensky visits the White House

    Her viser Zelenskyj fram bilde av Oleksij Anulja.

  • Anulja etter fangenskap

    Dette bilde fekk Trump sjå.

  • Ukrainian President Volodymyr Zelenskiy visits Washington, D.C.

    Donald Trump kjefta på Zelenskyj framfor verdspressa.

Det som begynte venleg og diplomatisk, enda dramatisk då Trump skjelte ut Zelenskyj.

– Dette enda dårleg for begge, sa Zelenskyj til Fox News etter møtet.

Trump og visepresidenten J.D. Vance bad Zelenskyj vere takknemleg og meinte at han gambla med tredje verdskrig og at han ikkje var klar for fred. Reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

I løpet av seansen viste Zelenskyj fram bilde av ukrainske krigsfangar. Blant dei var Oleksij Anulja.

Anulja bokser

NRK møtte Anulja i 2024.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Zelenskyj prøvde å opne auga hans, medan Trump prøvde å lure han inn i ei felle for gi han skulda for krigen, seier Anulja.

– Er det riktig å vise fram desse bilda i Det kvite hus?

– Ja, fordi dette er ei påminning om at konsentrasjonsleirar framleis eksisterer og historia gjentek seg.

– Ikkje komfortabelt, men nødvendig

Han var ikkje klar over at Ukrainas president skulle vise desse bilda. Videoen fekk han tilsendt i etterkant.

Oleksij Anulja var ti månadar i russisk fangenskap tilbake i 2022. Han hadde vore soldat i to veke då han blei tatt til fange av russarane, ifølge han sjølv.

I etterkant har han vore opptatt av å fortelje historia si.

I eit angrep frå russiske soldatar, hevdar han at alle medsoldatane døydde rundt han. Etter 12 timar blei han funnen av russarane som då beordra han ned på kne.

I den augneblinken tenkte han på dei to små barna som venta på han heime. Han bad for livet og skotet trefte han ikkje.

Ein russisk general kom til staden og Anulja blei arrestert og frakta til Russland.

Oleksij Anulja foran minnested over falne soldater

Her står Anulja framfor ein minnestad for falne soldatar.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Dei neste månadane blei han flytta mellom ulike russiske fangeleirar, og han fortel sjølv at han opplevde fysisk og psykisk vald.

Han seier han var heilt sikker på at han skulle døy. På ti månadar gjekk han frå 102 til 60 kilo, seier Anulja.

Denne veka var han igjen i sentrum av verdspolitikken.

– Eg vil ikkje seie det er komfortabelt, men nødvendig. Sjølvsagt påverkar det tryggleiken til meg og familien min. Men eg vil seie at eg forlot komfortsona mi allereie under fullskala-invasjonen.

Anulja i mørket

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Han har ikkje trua på at krigen vil ta slutt no. Sjølv om både Trump og Putin snakkar om ein nærståande fredsavtale.

– Vi har visst kva krig er i fleire generasjonar og vi er ikkje redde. Det er Trump som bør vere redd for å miste innflytelse i Europa.

– Eg trur ikkje det er han som kan få slutt på krigen.

Har trua på at Ukrainas framtid

– Etter møtet tenker eg at det berre er Zelenskyj som har verdigheit av dei.

Natt til laurdag kommenterte USAs utanriksminister Marco Rubio det som skjedde på møtet, og bad då Zelenskyj om å unnskylde seg for å ha kasta vekk tida til presidenten og visepresidenten.

Like etter møtet avlyste dei to presidentane pressekonferansen og Zelenskyj forlot Det kvite hus. Då Trump møtte pressa aleine sa han at Ukrainas president overspelte eigne kort.

– Zelenskyj såg ikkje ut som ein mann som ønska fred, sa Trump då.

Etter tida i fangeleirane reiste Anulja tilbake til kona og dei to barna. Då han kom heim fekk han beskjed om at faren hans hadde døydd i krigen.

Anulja har også mista fleire vener og kjente i krigen mot Russland.

Oleksij Anulja sitter i boksehallen

Kroppen er ikkje den same, og han ser ikkje for seg å ta opp att boksinga.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Før krigen starta, var han kickboksar. Men i dag har han lagt boksehanskane på hylla.

Kroppen er ikkje den same lenger, og ikkje heimlandet heller.

Men han har trua på at Ukraina vil bli bygd opp at, men han er overtydd om at dette vil ta tid.

Publisert 02.03.2025, kl. 21.32 Oppdatert 02.03.2025, kl. 21.51

Read Entire Article