Hadde smerter i 20 år – viste seg å vere sjukdom ho kunne fått behandling for

17 hours ago 3


– Eg hadde smerter. Ganske sterke smerter òg, men det var berre sånn. Det måtte ein leve med.

Det sa kvinna i retten tysdag. Legen hennar, Arne Bye, fortalde i om lag 20 år at cystar på eggstokkane var årsaka til smertene.

Da ho gjekk til ein annan lege fekk ho vite at det er endometriose ho har.

– Og det kunne eg ha blitt operert for for mange år sidan, dersom han hadde henviste meg vidare.

Foreslo sjølv at det kunne vere endometriose

Kvinna fortalde i retten at Arne Bye ofte ville undersøke «cystane» hennar når ho var på legetime.

– Dei fleste gongane eg var inne for noko sa han «vi tar ein sjekk».

Undersøkingane var ofte smertefulle, fortalde kvinna.

Etter å ha vitna i retten fortalde ho til pressa at ho sjølv hadde vore inne på tanken om at det kunne vere endometriose som var årsaka til smertene

Eg hadde jo vore inne på tanke sjølv og hadde kome med forslag om at det kanskje kunne vere endometriose.

Forslaget blei derimot slått ned av Bye, fortalde kvinna.

Så da måtte eg berre legge det frå meg. Det burde eg jo ikkje ha gjort.

Etter å ha gått til ein annan lege enn Bye, har ho i ettertid fått bekrefta at smertene hennar skyldtes endometriose.

Ho fortel at det var godt å få bekrefta mistanken ho sjølv hadde.

Samstundes var det veldig skuffande når eit problem og smertar eg har gått med så lenge kunne ha vore fjerna for 15–20 år sidan.

Frosta

Kvinna, som ønsker å vere anonym, fortel at ho er letta etter å ha vitna i saka.

Foto: Henning Levold / NRK

Bye erkjenner å valdtatt kvinna

Kvinna er ei av tre kvinner som fortalde sine historier frå legekontoret i Frosta tysdag.

Bye erkjente straffskuld for å ha valdtatt kvinna.

– Undersøkinga er for omstendig og gjentakande. Det blir aldri ferdig, sa Bye etter at kvinna hadde forklart seg og retten hadde sett video frå legekontoret.

Bye er tiltalt for å ha valdtatt kvinna ved å føre ein sylinderforma gjenstand, samt fleire fingre inn i skjeden hennar under ein gynekologisk undersøking.

Det var bruken av fingrane Bye erkjente straffskuld for, ikkje bruken av sylinderen.

– Som eg har sagt sjølv så er det ugreitt, sa han da han forklarte seg.

Dette er den niande kvinna Bye har erkjent å ha valdtatt til no i rettssaka. Også før helga erkjente han fleire nye valdtekter.

– Veldig letta

Bye har tidlegare nekta straffskuld for å ha valdtatt kvinna. At han i dag erkjente valdtekta syntest ho var lettande.

Det hadde eg ikkje forventa, men eg er glad for at han gjorde det, sa ho til pressa etter Bye hadde gitt sin forklaring.

Ho fortalde at saka har vore tung, men at ho er glad for å vere ferdig med å vitne.

Akkurat no kjenner eg meg veldig letta for å vere ferdig med det.

– Eg kom inn med ein ryggsekk som tynga meg. No har eg kasta sekken i fanget hans.

Publisert 03.12.2024, kl. 15.58 Oppdatert 03.12.2024, kl. 16.21

Read Entire Article