Vinteren er ikkje heilt over enno. Det er varsla meir snø frå Vestlandet og nordover til Saltfjellet.
Meteorologane melder om vekslande nedbør fram til torsdag føremiddag, og fleire stadar kan nedbøren kome som snø og sludd. Dette vêret vil avta utover torsdagen.
Tysdag morgon fekk Vegtrafikksentralen inn mange telefonar frå bilistar som vart overraska av snø og is, men onsdag morgon har det førebels vore rolegare. Det seier trafikkoperatør Andreas Rasmussen.
– I dag har vi fått betydeleg mindre meldingar inn frå publikum. Så det verkar som folk er meir innstilte på at det er glatt. Og entreprenørane har gjort ein del førebyggande arbeid.
Han seier vidare at det har vore saltebilar, brøytebilar og strøbilar ute dei siste timane.
Det er venta snø mange stader i landet onsdag og også delar av torsdag.
Faksimile: Skjermbilde Meteorologisk instituttMen det er likevel glatt fleire stadar. Politiet skriv onsdag morgon at dei har teke imot informasjon om glatte køyreforhold på Fylkesveg 542 Bømlabrua og E39 Stordbrua. Begge bruene er opne for trafikk.
Vegtrafikksentralen nord skriv på morgonen at det er sporete vegbane og glatte parti på E10 Bjørnfjell som følge av snø og snøbyer.
Store variasjonar
For store delar av kysten og i fjellet i Sør-Noreg er det venta opp mot 15 centimeter snø fram til onsdag kveld, opplyser Meteorologisk institutt.
Det er likevel store lokale variasjonar. Somme stader vil ikkje få snø i det heile, og andre stader sludd eller regn.
Ved Dalseid mellom Bergen og Voss er snøvêret i gang litt etter klokka 06 onsdag morgon.
Foto: Statens vegvesenOgså meteorologane tilrår bilistar å ha rett dekk på bilen, og køyra etter forholda. Det same gjer avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.
– Sommardekk og snø høyrer ikkje saman. Då er det betre at du let bilen stå, og heller nyttar andre framkomstmiddel. Dette er viktig for tryggleiken for deg sjølv og andre som ferdast i trafikken, seier Finden.
Snøvêret kan også påverke kollektivtransport og flytrafikken.
Det er førebels ikkje fare for kolonnekøyring på fjellovergangane, men bilistar kan venta seg lokalt vanskelege køyreforhold.
Publisert 06.05.2026, kl. 06.27 Oppdatert 06.05.2026, kl. 06.55











English (US)