Gullfeber i Bergen: – Vi må ikkje «jinxe» dette

2 weeks ago 14


– Det er ingen tvil om at temperaturane er stigande i Bergen no. Vi har jo fått eige gulløl allereie, seier ordførar Marit Warncke (H) i Bergen kommune.

Etter kampane i helga, ligg Brann og Bodø/Glimt likt på tabellen, begge med 55 poeng, men ikkje likt på målforskjell.

Brann er difor framleis nummer to, men likevel har bergensarane fått stjerner i augo, og større håp om at «gullet kjem til å kome».

Lokale bryggeri produserer alt «gullet skal hem»-øl.

– Det er det som er så fantastisk med Bergen, at vi er veldig flinke til å ta sigeren på forskot. Om det ikkje skulle gå vegen, så har vi iallfall hatt festen, seier ordføraren.

– Luktar på gullet

Førebels står det att tre kampar for Brann i serien. Mot Lillestrøm på heimebane laurdag, på bortebane mot Molde den 23. november og på heimebane mot Viking den 1. desember.

Dei siste heimekampane blei utselde på få minutt.

– Det er mykje som skal klaffe i innspurten, det er tre kampar igjen, men no luktar vi jo på gullet, så eg trur Bergen er i stand til å skape ein fest rundt den siste innspurten, seier Warncke.

Ordførar Marit Wancke (H) i Bergen kommune saman med Erna Solberg (H) på brannkamp.

Ordførar Marit Warncke (H) og Erna Solberg (H) på brannkamp.

Foto: Privat

Ordføraren seier kommunen har måtte begynne å tenke på korleis eit gull skal feirast.

– Tanken er at vi må få til ein folkefest i byen, men ikkje nødvendigvis at det er kommunen som gjer dette åleine. Så det må vi finne ut av. Vi har begynt å tenke på det.

Så det blir ikkje auke i eigedomsskatten i Bergen, for å få til gullfest?

– Nei. Det kan eg garantere, at det blir det ikkje.

Gullfeber i bryggeria

Bergens Tidende var først til å skrive at det kjem gull-øl frå Hansa Borg bryggerier, og tidlegare har både Bergensavisen og Bergens Tidende skrive at 7 fjell bryggar øl med ekte gull.

Paal Davanger er eigar av Fotballpuben i Bergen og ser fram gullfest.

– Vi må ikkje «jinxe» dette her, men det er klart, vi er jo bergensarar, og vi nærmar oss.

Pål Davanger er eigar av Fotballpuben i Bergen.

Pål Davanger håper på gull til Brann. – Eg synest Brann er i ein utruleg fin flytsone. Alt funkar der oppe no. Både administrasjon, supporterar, spelarar. Det er ein stor familie som er i full gang, og alle jobbar for alle, seier Davanger.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Samtidig som bryggeria i Bergen kokar, har lokalbryggeriet Bådin Bryggeri i Bodø sagt til VG at dei «som vanleg» har fylt opp tankane med gullpils. Ifølge VG blir det derimot ikkje gulløl frå Nordlands pils, for Ringnes meiner dei ikkje har lov til å produsere det.

Og no blir det Hansa-gulløl på fat og tapp, og ikkje på boks i butikk, slik det blei i 2018.

Davanger innrømmer at han er «littegranne redd» for at ølproduksjonen no vil jinxe gullet.

– Eg synest dei skulle kanskje ha venta ein kamp til.

Hansa gulløl 2018

2018: Slik så gullølet til Hansa ut i 2018. Da ledet Brann serien halvveis, men endte på tredjeplass.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Lengtar etter gull

I bybilete i Bergen er det også håp om gull. Brannsupporter Rolf Myrvågnes kjenner på aukande feber og lengt etter gull.

– No er det plutseleg eit håp som ingen hadde ant, berre for nokre få veker sidan. Det er ei ny og fin kjensle, seier Myrvågnes.

Rolf Myrvågnes er brannfan og kjenner på gullfeber. Her står han ute i bergensgatene.

Rolf Myrvågnes har vore brann-supporter i 30 år, og hugsar godt 2007 då gullet blei henta heim til Bergen sist. – Gulløl må dei berre køyre på med. Ein sølvplass er også greitt, faktisk. Ølet skal «hem», og gullet skal «hem», seier han.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

RBK-fans Geir Slørdahl og Roger Tømmevold synest det er hyggeleg at laget deira kunne bidra litt til gullfeber i Bergen, då Rosenborg slo Bodø/Glimt.

Dei unner bergensarane å snappe gullet frå Bodø/Glimt.

– I år heiar vi på at gull-ølet skal kome på tapp i Bergen, seier Slørdahl.

– Det er greitt å begynne å tappe litt øl og vere førebudd, seier Tømmervold.

RBK-fans Geir Slørdahl (til venstre) og Roger Tømmevold (til høgre).

RBK-fans Geir Slørdahl og Roger Tømmevold håper på gull for Brann. Og litt hjelp på å stele nokre poeng frå Molde, som ligg over Rosenborg på tabellen.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Men, brannsupporter Hans Jørgen Grov, torer ikkje håpe for mykje.

– Eg håpar, men eg er litt redd også. Eg trur nok Bodø/Glimt er for gode.

Hans Jørgen Grov (til høgre) er Brann-fan. Austlendingen Martin Bergsjø Østby (til venstre, kledd i Liverpool-skjerf) vil helst ikkje uttale seg om bergenslaget.

Hans Jørgen Grov (til høgre) med austlendingen Martin Bergsjø Østby (til venstre, kledd i Liverpool-skjerf). At det blir tappa gulløl alt no, trur Grov ikkje har noko å seie: – Anten drit Bodø/Glimt seg ut, eller så drit dei seg ikkje ut.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Håp i kvar drope

At det blir spanande framover er heilt sikkert, for Viking ligg for tida på tredjeplass på tabellen, med 50 poeng. Kan dei ta att «raudtrøyene»?

– Vinn dei begge kampane og heng etter, så blir det ein j**la tøff kamp, siste kampen heime, seier Davanger.

Pål Davanger er eigar av Fotballpuben i Bergen.

Pål Davanger seier Fotballpuben vil servere gulløl: – Fotballpuben er jo Brann, og det er klart vi må vere med, no når det er slik som det er i dag.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Kven som faktisk vinn serien, blir klart i desember. Gulløl blir det uansett.

– Vinn vi no over Lillestrøm, kan vi selje det gullølet berre med å ta den andreplassen. Det er jo nesten som eit seriemeisterskap, det å kome til Champions league-kvalifiseringa, seier Davanger.

Fotballpuben i Bergen er under oppussing og serveringa flytta.

Fotballpuben i Bergen er no under oppussing, og dermed må dei servere gulløl på tapp i andre lokale.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Publisert 09.11.2024, kl. 16.17

Read Entire Article