– Det er sunn fornuft. Om nokon vil ta seg eit glas vin til maten, så er det ingen som døyr av det. Men det er klart at du kan ikkje ... Eg treng ikkje å seie det.
Det seier landslagssjef Solbakken til NRK om det noko uvanlege grepet han har tatt før VM-kvalikkampen mot Moldova på Ullevaal tysdag.
Laurdag 11.00 trenar landslaget på Åråsen stadion i Lillestrøm før dei får fridom til å gjere kva dei vil etter det.
– Da får spelarane 18 timar fri. Deretter har vi søndag og måndag til å finpusse, seier landslagssjefen.
FÅR FRIDOM: Leo Østigård og Erling Braut Haaland kan bruke laurdagskvelden som dei vil.
Foto: Lise Åserud / NTB– Dersom det er eit problem, er det trist
Han stoler heilt og fullt på at spelarane held seg i skinnet og gjer det dei skal for å ta vare på kroppen.
Han gir ikkje verken alkonekt eller leggetider dei skal forhalde seg til.
– Det treng eg heller ikkje å seie, for vi trenar jo på søndag. Men om nokon vil bu hos kjærasten sin i leilegheita i Oslo, og komme heim på hotellet til frukost ... Alle må ete frukost, og frukosten er ganske tidleg, seier Solbakken.
Og legg til:
– Dersom det er eit problem, er det trist.
Beklaga til Drillo
Det har tidlegare gått gale under landslag som har praktisert regelen om fridom under ansvar.
I 2011 måtte fleire spelarar beklage overfor daverande Noreg-trenar Egil Drillo Olsen for å ha vore ute til halv fire på natta fire dagar før kvalikkampen mot Danmark.
Det blei bekrefta at det var alkohol på bordet, hendinga blei omtalt som ein skandale og Noreg tapte til slutt den følgande kampen.
– Ikkje synonymt med å rave rundt
NRK-ekspert Kristoffer Løkberg gir likevel Solbakken ros for grepet. Den tidlegare Viking-spelaren meiner det er smart å unngå brakkesjuka.
– Det å gi fridom under ansvar til ei vaksen, erfaren spelargruppe, er veldig viktig. Det trur eg aukar sjansen for ein god prestasjon mot Moldova, seier Løkberg.
POSITIV: NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.
Foto: Marius Simensen / Bildbyrån– Han har ikkje gitt dei alkoholnekt og seier spelarane kan ta seg eit glas vin. Kva tenker du om det?
– Det er heilt innanfor. Det er ikkje sånn at eit glas vin eller ein øl er synonymt med at du ravar rundt på fylla og ramlar inn på å hotellrommet klokka seks. Det er vaksne menneske. Tenk for eit press og stress dei lever med nesten 365 dagar i året, seier Løkberg.
– At dei får legge bort alle tankar rundt prestasjon, resultat, jag og mas, og kanskje koplar av med eit glas vin eller ein øl, må vere lov i 2025, legg han til.
– Trur du nokon fell for freistinga og tar eit par ølar ekstra eller ein fest?
– Ja, det er det alltid. Internt i ei spelargruppe er det forskjell på folk. Men i så fall legg du berre press på deg sjølv, om du er så dum at du ramlar utpå. Da må du i alle fall vise dei neste dagane at det ikkje har nokon påverknad på prestasjonen, seier NRK-eksperten.
– Om du set deg i den posisjonen, da bør du jaggu levere varene. Eg trur indrejustisen i gruppa klarer dette veldig fint, samtidig som dei har låge skuldrer på at det er lov å kose seg og tenke på noko anna på laurdag, seier Løkberg.
– Har veldig tru på
Solbakken meiner han gjorde seg nokre erfaringar som speler sjølv, som fortel han kor viktig det er å komme seg bort frå hotellrommet.
– Det å få den friske lufta og tenke på noko anna, det har eg veldig stor tru på, seier han.
Spelarane tar imot nyheita med glede.
– Eg skal rett heim til leilegheita og vere med dotter mi. Det hjelper til å få hovudet på rett plass, og eg synest Ståle er veldig flink til det, seier Alexander Sørloth.
– Det blir roleg, eg skal heim og slappe og fikse litt ulike ting. Eg er handyman, så det er alltid ting å gjere. Eg har hjelpt søster mi å pusse opp litt i sommar, så får sjå korleis det står til borti leilegheita hennar, seier Leo Østigård til Nettavisen.
– Kva er spisskompetansen din når det gjeld oppussing?
– Å knuse mur, svarer den fysisk robuste midtstopparen.
Ingen er vel overraska over akkurat det.
Er dette verdens søteste hundeløp? 00:40
Publisert 06.09.2025, kl. 07.50