Fruktbygd serverer utanlandsk frukt i skulen

1 month ago 9


Store eple og saftige, sprekkeferdige plommer dinglar frå trea på fruktgardane langs Noregs lengste fjord.

I ei av bygdene ved Sognefjorden, Leikanger, er det rundt 80.000 frukttre.

Men mykje av frukta som kjem til elevane på barneskulen i bygda gjennom skulefruktordninga, har reist langt og er ikkje norsk.

Skulefrukt på Leikanger Barneskule

Skulefrukta på Leikanger barneskule blir servert. Berre gulrøtene er norske. Men same dag kom ei levering med norske eple.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Det er trasig, synd og lite berekraftig, meiner Anne Katrin Bøyum, som har barn på skulen.

– I den eine enden høyrer vi om all den norske frukta som blir kasta, og i den andre enden får ungane servert importert frukt i beste sesong.

Bama, som er leverandør til ordninga på Vestlandet, svarar at barna ved skulen får norsk frukt og grønt i sesong. (Les heile svaret deira lenger nede i saka.)

God plommesesong på Indre Slinda, om lag 8 kilometer frå barneskulen på Leikanger.

Oda F. Lødemel

Veit ikkje kor den kjem ifrå

– Vi har så mange frukthagar rundt oss som bognar av plomme, eple og pærer no, så vi kunne godt fått litt meir av det, seier Rita Steig, som har ansvar for skulefruktordninga på Leikanger barneskule.

Ho opplever at dei berre får norsk frukt eit par gongar på hausten. Då er det stort sett norske eple som kjem.

Men akkurat kor dei kjem ifrå, er ikkje alltid like godt å vite, ifølge henne.

Det er opplysingskontoret for frukt og grønt som administrerer skulefruktordninga for Helsedirektoratet. Ulike fruktleverandørar får oppdraget på anbod.

I kontrakten (ekstern lenke) står det ingenting om at leverandørane skal oppgi kor frukta og grønsakene kjem ifrå.

Skulefrukt på Leikanger Barneskule

Utanlandske pærer til elevane på Leikanger barneskule i veke 36. Men Bama forsikrar om at pærene framover, vil vere norske av typen Celina.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det ligg ikkje noko i avtalen med leverandørane våre om at dei må oppgi det til oss. Men vi har ein løpande og god dialog med alle leverandørane rundt leveransane, svarar Hild Bjelland Sævarang, prosjektleiar i Skolefrukt.

Anne Victoria Frogner i Bama svarar at dei prøver å skrive opphavsstad på følgesetelen som skulane får ved mottak.

– Kor kom epla, pærene og blåbæra som dei fekk utdelt i veke 36 frå?

– Det er ikkje anledning til å finne fram ei slik oversikt, svarar Frogner i ein e-post til NRK.

Nesten halvparten skal vere norsk

Ifølge avtalen med skulefruktordninga, har leverandørane forplikta seg til å levere norsk frukt i vekene 35–48.

– Minimum skal det vere minst éi norsk frukt per veke i desse vekene. Elles skal det vere norske gulrøter heile året, seier Sævarang.

På Vestlandet er det Bama som er leverandør. I 2023 leverte dei rundt 550 tonn med frukt til skulefruktordninga.

Av desse var om lag 102 tonn norsk.

– Vi har ein ambisjon om at rundt 40 prosent, fortrinnsvis eple og gulrøter, skal vere norsk, svarar Frogner i Bama.

Vidare skriv ho at oppstarten av den norske eplesesongen, kan påverke leveransane no.

– Då vil det alltid vere ei lita forseinking på grunn av nødvendig logistikk som hausting, kvalitetskontroll, pakking og levering.

Bama forsikrar om at det skal kome norske eple til skulefruktordninga i Leikanger og at dei er på plass i slutten av veke 36. Då NRK besøkte barneskulen, kom det ei fruktleveranse med eple merka med Nyt Noreg.

Vil at barna skal lære å velje norske råvarer

Mor Anne Katrin Bøyum meiner det ikkje er nok norske råvarer med i skulefruktordninga slik ho er no.

En plasteske med blåbær

Barna til Anne Katrin Bøyum kom heim med polske blåbær.

Foto: Anne Katrin Bøyum / Privat

– Men er det ikkje viktigast at det blir levert frukt og grønt til elevane, uavhengig av kor det kjem ifrå?

– Ordninga er kjempebra, men ungane skal ha tilgang på gode råvarer og av kvalitet. Vi jobbar med å lære ungane om klima og miljø, og då må det også i det perspektivet vere lurt å lære dei at dei skal velje norske råvarer, seier Bøyum.

Hild Bjelland Sævarang i skolefrukt.no seier deira leverandørar jobbar hardt for å sikre at det er norske frukter i leveransane når det er tilgjengeleg.

Kva skjer med plommene?

Den siste tida har det vore mykje fokus på dei store mengdene norske plommer som går rett i søpla.

Produsentar meiner det manglar salsvilje, medan leverandørar meiner det er for lite etterspurnad etter ein ekstremt god plommehaust med overproduksjon.

For fem år sidan laga NRK ei liknande sak, kor kommunikasjonsdirektør i Bama, Pia Guldbrandsen, sa at dei ønskte å tilby norske plommer i skulefruktordninga, og håpte å finne gode løysingar på det til komande sesongar.

– Har de funne løysingar på det?

– Vi erfarer at norske plommer er svært sårbare med tanke på støytskadar, handtering og distribusjon, fordi dei er så mjuke. Kvaliteten går dessverre ned når dei ligg saman med blant anna eple, svarar Frogner på vegner av Bama.

Vidare skriv ho at Bama prøver å levere frukt og grønt «med høg toleranse for dei fleste typar handtering» for å sikre at elevane et frukta.

Rita Steig på barneskulen i Leikanger opplever at ungane stort sett et det meste.

– Dei er glade i det dei får, så frukta går ned uansett. Det er kanskje me vaksne som er meir opptekne av dette.

Publisert 09.09.2024, kl. 15.52

Read Entire Article