Forsvarar ber om full frifinning for den eldste av dei to IS-tiltalte søstrene.
Fredag sette forsvararane i gang med si prosedyre for den eldste av dei to søstrene som reiste til Syria i 2013.
Torsdag bad påtalemakta retten om fire års fengsel og grunngav det at ho var ein «sterkt ideologisk motivert støttespelar» av IS.
Geir Lippestad er hennar forsvarar og meiner bevisa fortel ei anna historie enn den påtalemakta har lagt fram.
– Syria var dagens Gaza
Ho var 19 år gamal då ho og den yngre søstera reiste til Syria. Dei har forklart til retten korleis dei ville reise for å hjelpe lokalbefolkninga der, og at dei ikkje var støttespelarar av IS.
– Syria på den tida er dagens Gaza. Eit blodbad. Ungdommen var interessert i det som skjedde i Syria og det som skjedde med det syriske folk, seier Lippestad i si prosedyre.
Påtalemakta har lagt fram bevis på at søstera gjorde ulike former for søk på islamisme, IS, og tema som var knytt til væpna religiøs kamp i tida før avreise. Dei meiner ho derimot ikkje gjorde noko søk på hjelpearbeid.
Det er ikkje forsvararane einige i.
– Ho dreiv innsamling og var bøsseberar. Ho var aktivt i ein organisasjon som dreiv hjelpearbeid er. Den forferdelege situasjonen var ho aktivt engasjert med ei humanitær overskrift.
Var ikkje radikal – ville hjelpe
I retten har søstrene forklart at dei blei meir interesserte i islam i ungdomsåra, men at dei aldri hadde radikale haldningar. Det har blitt lagt fram bilde og filer som dei tiltalte har lasta ned som kan vere knytt til væpna kamp.
Lippestad understrekar at dette er berre eit lite utdrag, og at den eldste søstera har gjort mangfaldige søk på sine elektroniske einingar.
– Ho har forklart at om ein lastar ned noko frå ein lærd, betyr ikkje det at ein er einig i alt den lærde meiner, seier Lippestad.
Påtalemakta meiner at søstera var sterkt radikalisert då ho reiste frå barndomsheimen til Syria. Det meiner Lippestad det ikkje er noko bevis for.
– Kva er det ho seier at det er greitt å bruke vald for å oppnå religiøse mål, spør han retten:
– Ho var i arbeid, og gjekk på skule. Og ja ho var kledd i nikab. Man kan ikkje seie at dette er nok til å seie at ho var radikalisert.
Lippestad brukar mykje tid i si prosedyre på å snakke om korleis tiltale har heldt ved si forklaring om at ho ville drive hjelpearbeid. I fleire samtalar ho har, blir dette nemnt.
Det viktigaste beviset, meiner Lippestad, er e-posten søstrene sende til familien like etter at dei hadde reist.
Her skriv dei: «Det er nå slik at muslimene blir angrepet fra alle hold, og vi må gjøre noe. Vi vil så gjerne hjelpe muslimene. Og den eneste måten vi kan virkelig hjelpe dem på, er å være med dem i deres lidelser og gleder. Det er ikkje lenger nok å sitte hjemme og sende penger. Men tanke på dette har vi bestemt oss for å reise til Syria og hjelpe til der nede med alt vi kan.»
– Ein seier ingenting om IS. Man seier ingenting om andre terrororganisasjonar. Ein seier ingenting om vald, ein snakkar om å dra til Syria. Og ein snakkar alltid om det syriske folk, presiserer Lippestad.
Gifta seg med IS-krigar
Kort tid etter at ho kom til Syria i oktober 2013, gifta ho seg med ein norsk IS-krigar. Ho har tidlegare fortalt retten at dette ikkje var hensikta med å reise dit, men at dei hadde prata på førehand.
Lippestad gjentek dette i si prosedyre. Han viser fram samtalar tiltalte har hatt der ho seier at ho ikkje reiste til Syria for å gifte seg.
Forsvararen meiner det ikkje er noko bevis for at det var ein avtale på førehand at dei skulle gifte seg når ho kom til Syria, noko påtalemakta hevdar.
– Ho blei møtt av den verkelegheita ho ikkje trudde var det. Ho blei møtt av ei verkelegheit der kvinner ikkje hadde noko verdi.
Derfor var det tryggast å gifte seg. Den eldste søstera uttrykte tidleg etter framkomst at ho ville heim frå Syria, seier Lippestad.
– Også er det ein situasjon som er så absurd og farleg at ho vel å ikkje flykte med sine to barn på grunn av den enorme risikoen.
Smugla pengar inn i leiren
Den eldste søstera har forklart korleis ho dreiv med cash og krypto for å smugle pengar inn i interneringsleiren Al-Hol. Det var etter at dei overgav seg til kurdiske sjølvstyresmakter.
Dette meiner påtalemakta var transaksjonar som gjekk frå IS-tilknytt personar. Ho sjølv har forklart korleis ho var ansvarleg for fleire born, og måtte finne måtar å livnære seg på.
– Dette var naudens entreprenørskap, seier Lippestad og ber retten huske på dei humanitære forholda i leiren.
Den tiltalte har erkjent at ho tok imot pengar frå den kjende islamisten Arfan Bhatti.
– Han var ikkje då dømt for det han no blir etterforska for, seier Lippestad.
Bhatti er sikta for å ha medverka i terroråtaket 25. juni 2022.
– Forklaringa hennar var at dette var sendt som naudhjelp fordi han kjende ektemannen hennar.
Dommen skal komme i januar
Rettssaka mot dei to IS-tiltalte søstrene frå Bærum har vart i sju veker. Påtalemakta bad denne veka om 4 og 2 års fengsel for søstrene. Dommen er venta seint i januar.
Påtalemakta meiner søstrene har utført fleire handlingar som er straffbar deltaking i IS:
- Dei har begge gifta seg med ein framandkrigar
- Den yngste søstera skal ha førebudd seg til å starta ein militær treningsleir for IS-kvinner.
- Ho skal ha sverja truskap til IS og deltatt på shariakurs.
- Begge søstrene skal ha forsøkt å fått andre norske kvinner til å knytte seg til IS.
- Den eldste søstera skal ha deltatt på shariakurs, koranskule, og språkopplæring i IS, samt undervist i engelsk.
- Den eldste skal ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi.
Publisert 29.11.2024, kl. 14.51 Oppdatert 29.11.2024, kl. 14.54