Bortføringsforsøket fann stad utanfor arbeidsplassen til kvinna i Trondheim i fjor haust.
Kvinna budde på hemmeleg adresse etter ei tidlegare sak om fridomsrøving som omfatta familien hennar.
No er kvinna sin far og ein annan mann dømt til tre og eit halvt og to år i fengsel i Trøndelag tingrett.
Dei to mennene nekta begge straffskuld og forsvararane deira fortel til NRK at dei vil anke dommen.
Budde på hemmeleg adresse
Den fornærma kvinna kom til Noreg frå Tsjetsjenia saman med foreldra sine for over 15 år sidan.
Ho flytta heimanfrå og inn med sin norske kjæraste for nokre år sidan.
Ifølge dommen frå tingretten har kvinna forklart at ho opplevde negativ sosial kontroll frå foreldra og at ho derfor ikkje fortalde kor ho flytta.
Den fornærma kvinna si mor tok da kontakt med ein privatdetektiv som spora opp dottera.
Mora blei sikta for medverknad til fridomsrøving etter at ho tok kontakt med dottera for å få henne til å flytte tilbake til foreldra.
Saka mot mora blei lagt bort av politiet.
På grunn av saka budde den fornærma kvinna og sambuaren på hemmeleg adresse og med hemmelege identitetar da bortføringsforsøket i fjor haust fann stad.
Det blei tatt beslag i fleire falske pass da dei to mennene blei stansa.
Foto: PolitietSkulle ta med kvinna til Tsjetsjenia
I forkant av bortføringsforsøket kom faren til den fornærma kvinna og ein annan mann køyrande frå Austlandet til Trondheim via Sverige.
I Trondheim venta dei utanfor kvinna si arbeidsplass til ho var ferdig på jobb.
Da faren tok kontakt med henne utanfor, løp kvinna sin veg, ringde politiet og klarte å komme seg unna.
På veg tilbake blei den eine av mennene stansa av Tolletaten på grensa. I bilen blei det funnen ulovlege rusmiddel.
Det blei tatt beslag i fleire ulovlege rusmiddel da bilen til den tiltalte mannen blei stansa.
Foto: PolitietDet blei også funnen fleire falske pass for både dei tiltalte mennene og for den fornærma kvinna.
Tingretten meiner dette peiker på at mennene hadde til hensikt å ta med kvinna tilbake til heimlandet.
NRK har vore i kontakt med kvinna sin bistandsadvokat. Vedkommande har ikkje ønskt å kommentere dommen.
– Stiller seg uforståande til skuldinga
Den fornærma kvinna sin far er dømt til tre og eit halvt år i fengsel for forsøk på grov fridomsrøving.
Han er også funnen skuldig i omsynslaus åtferd.
I tillegg må faren betale 100.000 kronar i erstatning til dottera og får fem år kontaktforbod.
– Vi er ueinige i grunngjevinga og resultatet, skriv faren sin forsvarar, Henrik Bilksrud, i ei tekstmelding til NRK.
Han fortel at dei vil anke heile dommen.
Den eine mannen blei stansa på grensa til Sverige.
Foto: PolitietDen andre mannen er dømt til fengsel i to år for medverknad til forsøket på grov fridomsrøving.
Han må betale 50.000 kronar til kvinna.
Mannen sin forsvarar, Sulman Maroof Hussain, stadfestar at også han vil anke dommen.
– Han stiller seg uforståande til at han har forhalde seg slik grunnlaget for tiltalen lyder og vil be seg frifunnen ved ankeforhandlinga.
Bad om lengre straff
– Påtalemakta konstaterer at tingretten er einige med oss i spørsmålet om straffeansvaret, seier aktor i saka, statsadvokat Kaia Strandjord.
Ho seier saka er spesiell sidan den fornærma kvinna budde på hemmeleg adresse og med sikkerheitstiltak frå politiet.
– Likevel finn det tsjetsjenske miljøet ho og har gjort ein rekke førebuingar for å bortføre ho til Russland.
Aktor Kaia Strandjord fortel at det kan bli aktuelt for påtalemakta å anke på straffeutmålinga i saka. Biletet er tatt ved ei anna anledning.
Foto: NRK– Heldigvis klarte ho å komme seg unna da dei forsøkte å slå til.
– Det blei berre eit forsøk, og retten er einig i at det kan dømmast for forsøk på grov bortføring.
Påtalemakta la under rettssaka ned påstand om at dei tiltalte mennene måtte bli fengsla i fire og tre og eit halvt år.
Om påtalemakta vil anke på straffeutmålinga er enno ikkje klart.
– Det er for tidleg å ta stilling til. Vi må vurdere dommen nøye.
Publisert 07.09.2025, kl. 17.37 Oppdatert 07.09.2025, kl. 17.57