Forskarar granskar no fleire hundre år gamle slangar på jakt etter dødeleg sjukdom

13 hours ago 2


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Målet er å forstå kvar den farlege sjukdommen kjem frå, kva for slangar angrip han og kor lenge har han funnest.

Med skalpell og q-tips tek forskaren vevsprøver av slangane for å finne spor etter dødeleg sopp. (Foto: Beate Strøm Johansen)

Forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) og Uppsala universitet undersøker hundrevis av slangar frå museumssamlingar. Dei leitar etter spor av ein dødeleg soppsjukdom.

Målet er å forstå meir av soppen Ophidiomyces ophidiicola, som han heiter på latin. Kvar kjem han frå, kva for slangar angrip han og kor lenge har han funnest?

– Vi kartlegg sjukdommen for å forstå meir om korleis han påverkar slangane og korleis han spreier seg, seier zoolog Beate Strøm Johansen ved Naturmuseum og botanisk hage på UiA.

Zoolog Beate Strøm Johansen har fått med seg forskarar frå Sverige for studere ein dødeleg slangesopp. (Foto: Beate Strøm Johansen)

Ved å studere slange-samlingane på museum kan forskarane finne ut kvar soppen har vore spreidd før. Dei kan òg finne ut kor langt tilbake i tid soppen har påverka slangar.

Soppen funnen i Europa

Soppen vart først oppdaga i USA i 2006. Det kom som eit sjokk på europeiske forskarar da han vart funnen i Storbritannia i 2017.

Soppen infiserer først hud og skjel med brune og tørre flekker. Etter kvart angrip han også lunger, auge og andre indre organ. Slangane kan få pustevanskar og verte blinde. 

I verste fall kan heile populasjonar av slangar i verte utrydda.

– Vi må forstå omfanget av sjukdommen. Soppen kan få store konsekvensar for slangeartar over heile verda, seier Johansen.

Vil finne svar i år

Malene Ø. Nygård er konservator og molekylærbiolog ved UiAs naturmuseum. Ho har isolert DNA frå over 300 slangar og slange-hammar som Johansen og hennar studentar har samla inn. 

Blant slangane er alle artane i Noreg: slettsnok, buorm og hoggorm.

Konservator og molekylærbiolog Malene Ø. Nygård bidreg med DNA-analysar av slangar. (Foto: Beate Strøm Johansen)

– Vi er spente på resultata, både frå prøvene av dei levande slangane og undersøkinga vi no har starta på døde slangar i samlingane ved ulike museum. Det vil kunne gi oss viktig kunnskap både om historia til sjukdommen, og det vi eventuelt kan gjere for å beskytte slangar i framtida, seier Nygård.

Gamle slangar gir nye svar

Prosjektet er eit samarbeid mellom UiA, Uppsala universitet (UU) og Uppsala Lantbruksuniversitet (SLU).

Forskarane har så langt undersøkt rundt 120 slangar frå Evolutionsmuseet i Uppsala og Naturhistorisk museum i Oslo. 

Til hausten er planen å studere slangar på Naturhistoriska riksmuseet i Stockholm og ved samlingar i Trondheim.

Slangar på sprit

Slangane ligg på glas og er konserverte med sprit eller formalin. Lokka på glasa er forsegla.

– Vi ser først på slangane gjennom glaset. Da ser vi etter brune flekkar og teikn på infeksjon. Viss vi får lov av museet, opnar vi forseglinga og tek vevsprøver med skalpell og q-tips. Prøvene analyserer vi i mikroskop og på DNA-laben, seier Johansen.

Slangar på glas

Ved å kartleggje gamle slangar kan forskarane finne ut kva for område og slangetypar som kan vere ekstra sårbare for soppen. (Foto: Beate Strøm Johansen)

Slangane dei undersøker, kan vere fleire hundre år gamle.

– Ved å kartleggje gamle slangar kan vi finne ut kva for område og slangetypar som kan vere ekstra sårbare for soppen, seier Johansen.

Kan ikkje smitte menneske

Soppen kan ikkje smitte menneske direkte. Menneske kan likevel bidra til å spreie han til nye område. Det kan skje til dømes via jord og utstyr eller via rømte kjæledyrslangar som er infiserte av soppen.

Opphavet til soppen er framleis uklart. Truleg lever han naturleg i det øvste jordlaget. Men ingen veit så langt kvifor han angrip slangar.

– Det er to andre soppartar som liknar den dødelege soppen. Dei andre to er ikkje like farlege, men gjer det meir komplisert å identifisere den typen vi er ute etter. Det er viktig å få identifisert akkurat denne dødelege soppen, seier Johansen.

Slangane forskarane undersøker, kan vere fleire hundre år gamle. (Skjermbilete frå den svenske tv-reportasjen)

Den svenske allmennkringkastaren SVT har laga denne tv-reportasjen om jakta på den dødelege slangesoppen.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article