Folk i manuelle yrke har kortast forventa deltaking i arbeidslivet

3 weeks ago 12


DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Yrkesgruppene med kortast forventa arbeidsdeltaking finst innan manuelle yrke, ifølgje ein studie. (Foto: STAMI)

Utdanning, inntekt og yrkesgruppe påverkar kor lenge vi held fram med å jobbe.

Dei siste åra har forskarar vist aukande interesse for forventa tid i arbeidslivet. Forskarar på STAMI har nyleg gjennomført ein studie om dette temaet.

Fenomenet blir omtala i fagmiljøet som Working Life Expectency (WLE). Det er ein metode for å rekne ut kor lenge ein person er forventa å delta i arbeidslivet etter ein gitt alder.

– Vi ønskte å gjere ein gjennomgang av forskingslitteraturen for å samanfatte kva studiane finn om skilnader i forventa arbeidsdeltaking mellom ulike sosioøkonomiske grupper. Gjennomgangen skulle også avdekke eventuelle behov for framtidig forsking, fortel forskar Karina Undem ved STAMI.

Sosioøkonomiske grupper er definerte ut frå faktorar som inntekt, utdanning, yrke og levekår. Desse faktorane påverkar folk sine livsvilkår og moglegheiter.

Undersøkte alle studiar

WLE-metoden kan ta høgd for mellombelse fråfall frå arbeid, som sjukefråvær og arbeidsløyse, og permanente fråfall som uføretrygd og alderspensjon.

Med metoden kan ein også rekne ut kor mange forventa arbeidsår som «går tapt» som følgje av desse ulike arbeidsfråfalla.

– Vi søkte i alle studiar som hadde rekna forventa tid i arbeidslivet og undersøkt skilnader knytt til dei sosioøkonomiske faktorane utdanning, inntekt eller yrkesgruppe, forklarer Undem.

Totalt fann forskarane 26 studiar som hadde undersøkt sosioøkonomiske skilnader i forventa arbeidsdeltaking. Ingen studiar hadde sett på forskjellar mellom ulike inntektsgrupper. 

Det var flest studiar som handla om utdanning. Nokre få undersøkte forskjellar mellom yrkesgrupper.

– Omtrent alle studiane fann forskarar sosioøkonomiske skilnader i forventa tid i arbeidslivet, fortel Undem.

Store skilnader mellom ulike grupper

I snitt var forventa arbeidsdeltaking for menn med låg utdanning 30 prosent kortare enn for dei med høg utdanning. For kvinner var den 27 prosent kortare.

Yrkesgruppene med kortast forventa arbeidsdeltaking fanst innan manuelle yrke. Her hadde 21 prosent (menn) og 27 prosent (kvinner) kortare forventa arbeidsdeltaking enn dei med lengst forventa arbeidsdeltaking.

Resultata viser store forskjellar i arbeidsdeltaking mellom ulike grupper. 

Ifølgje Undem tyder dette på at ulike grupper treng ulike tiltak for å redusere mellombels fråvær frå jobb og for å få folk til å jobbe lenger. 

Tiltak som er like for alle viser seg å ikkje vere like effektive.

– For å kunne innføre effektive tiltak er det viktig å vite kvar forbetringspotensialet er størst og kva grupper som har lågare arbeidsdeltaking. Og så er det viktig å vite årsakene til dette, seier Undem.

Referanse:

Svetlana Solovieva, Karina Undem mfl.: Socioeconomic differences in working life expectancy: a scoping review. BMC Public Health, 2024. Doi.org/10.1186/s12889-024-18229-y

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article