FN gjer stas på norsk seterkultur

5 months ago 27


I morgon gjer Unesco stas på den tradisjonelle seterkulturen.

Når FN-organisasjonen møtest i Paraguay onsdag 4. desember, blir den norske seterkulturen ført inn med gullpenn på lista over kulturarven i verda.

Innskrivinga er kulminasjonen av eit arbeid som har gått føre seg i fleire år, i regi av organisasjonen Norsk seterkultur.

Håpet er at internasjonal heider skal bidra til å føre tradisjonen inn i ei ny tid.

Men er seterkulturen framleis liv laga?

Så seint som i 1950 var det 22.000 gardsbruk med aktiv seter i Noreg.

I fjor var det 750 gardbrukarar som fekk setertilskot.

Det er ein nedgang på 60 prosent berre sidan tusenårsskiftet.

Vi som er budeier går ikkje rundt i bunad

Det er lange dagar, men jøie meg for ei sjelebot det er å vera budeie, seier Erna Underdal Skarsbo.

I femti somrar har ho tatt med geitene opp i Underdal, ein sidedal til Sognefjorden.

Det same gjorde mora, bestemora og oldemora, heilt tilbake til 1800-talet.

Men moderne seterdrift handlar ikkje om familiealbum og glansbilde, seier Skarsbo.

Det handlar om tilskotsordningar, nye strategiar og verdipolitiske prioriteringar.

Vi som er budeier går ikkje rundt i bunad og blæs i neverlur.

  • Erna Underdal Skarsbo, bonde og budeie

    – Stølsdrifta er alfa og omega for å drive med geit, seier Erna Underdal Skarsbo.

  • Seterliv

    I målarkunsten blei setrane og livet der svært populære motiv på 1800-talet.

  • 20150805-OPuschmann-NIBIO-2781b_Sparstadstølen_Vang_Oppland

    Da det i Noreg er knapt om gode jordbruksareal, måtte ein stor del av vinterfôret i tidlegare tider haustast i utmarka og på fjellet.

  • 20150805-OPuschmann-NIBIO-2175b_Sparstadstølen_Vang_Oppland

    Budeiene hadde ansvaret for å kinne smør og yste ost.

  • Seter i fjellheimen. Levande stølslandskap med geiter, Herdalssetra i Norddal i Møre og Romsdal.

    Setringa i Noreg kulminerte omkring 1840, da talet på setrar var 52.000.

Katharina Sparstad driv seter i Vang i Valdres, eit av områda i landet med flest aktive setrar i dag.

Ho er også leiar i foreininga Norsk seterkultur, og har sidan 2018 jobba med å få den norske seterkulturen inn på kulturarvlista.

– Det er på høg tid at vi får seterkulturen inn på Unesco-lista. Talet på aktive setrer har rast enormt. Éin etter éin har dei forsvunne.

Katharina Sparstad

Katharina Sparstad har drive seter i Vang i Valdres i 28 år. Ho er stolt seterbrukar, men ser ei stor endring i setertradisjonen. Frå at det var ein sjølvfølgje å drive seter, har det no blitt nesten «kuriøst», meiner ho.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Ho håpar ei plass på Unesco-lista kan styrke den norske og svenske seterkulturen.

– Det vil gjere oss meir synlege, vi vil få meir merksemd, og vi får ein stadfesting om at dette er viktig. Ikkje berre for oss seterbrukarar, men for fellesskapet.

– Kan utvikle levande bygder basert på seterdrift

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg, trur det er mogleg å føre vidare setertradisjonen gjennom nye inntektsstraumar.

Sjølv om setrane ikkje lenger er ein nødvendig del av landbruket, kan dei overleve som ein kombinasjon av landbruk, kulturvern og turisme.

Vi har store moglegheiter for å utvikle levande bygder basert på seterdrift, seier Solberg.

Ei undersøking frå Agri Analyse viser at 15 prosent av setrane lagar oste- og mjølkeprodukt til eige utsal.

83 prosent oppgir at dei framleis er avhengige av at Tine hentar mjølka utan ekstra kostnader.

I dag er driftstilskotet til seterdrift 100.000 kroner ved setring i minimum seks veker.

Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse har tidlegare anbefalt å doble den offentlege seterstøtta.

Kraftige tiltak trengst, seier han.

Vi står framfor eit vegskilje om vi skal ha eit rimeleg omfang av seterdrift når kravet om lausdriftsfjøs slår inn i 2034.

  • VqWpcLRISKI Historiskebilder

    Steingjerde, rydningsrøysar, setervegar og andre ferdselsminne er synlege spor frå folk og husdyr i seterlandskapet.

  • KlUP0H7Xaa0 Historiskebilder

    Det er den svenske regjeringa som har nominert seterkulturen, på vegner av den norske og svenske staten.

  • PiFaBcjNNXU Historiskebilder
  • on8Pbu1GAGo Historiskebilder

– Du blir ikkje rik av å drive seter

Torbjørn Urfjell i Kulturdirektoratet seier at plassen på kulturarvlista synleggjer ein stolt norsk praksis, men at det ikkje er nokon garanti for at arven blir vidareført.

Garantisten er folk som er villige til å legge ned innsatsen som trengst, og som har vilje til å føre vidare tradisjonen i ei ny tid.

At det også gir nokre inntekter er vesentleg, sjølv om det å drive seter ikkje er til å bli rik av.

  • Egil Fjellestad har kyrne på Lotsstøylen i sommar

    Harald Kolseth

    Egil Fjellestad, bonde i Gloppen

    Seterdrifta blir berre viktigare. For det første er det triveleg på støylen og god ressursutnytting. Sjølvforsyning har blitt viktigare ettersom beredskapsomsyn taler for mindre import. Ein annan ting er dyrevelferda. Dyra har det godt på fjellet. Til sist har seterprodukt eit naturleg konkurransefortrinn i marknaden. Særleg dei som er laga i verdsarvområdet.

  • Sindre Ånonsen i Tine

    Tine

    Sindre Ånonsen, kommunikasjonssjef i Tine

    Vi har store gras- og naturareal som eignar seg godt for seterdrift, og ved sida av å ha ein kulturell og historisk verdi, er det også andre viktige dimensjonar ved å bruke naturen vår på denne måten. Det er viktig med omsyn til biologisk mangfald og det å ta vere på raudlisteartar. Så må det jo nemnast at mange av oss set pris på å sjå beitande dyr til fjells og i naturen, når vi er ute på tur.

  • Tor Jacob Solberg

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

    Dette er ei stor anerkjenning av den svært viktige betydninga seterbruk har både kulturelt og for matberedskapen. Vi har store moglegheiter for å utvikle ny verdiskaping og levande bygder basert på seterdrift. Salet av lokalmat skyt i vêret og berekraftig reiseliv blir stadig viktigare. Til saman blir dette lokal verdiskaping og bruk av dei flotte naturressursane som fjell og utmark har å tilby!

  • Annechen Bahr Bugge

    Gunnar Bratthammer / NRK

    Annechen Bahr Bugge, forbruksforskingsinstituttet SIFO

    Seterbruket har hatt stor kulinarisk betydning i Noreg, med smør, rømme og ost – og kanskje brunosten som mest kjente resultat. Desse ostane synest å få ein renessanse. Dette er mykje takka vere bønder, ystarar og kokkar som har vore dyktige på å snakke fram vårt eige og vunne drøssevis av prisar. Samtidig viser forbrukarstudiar ei auka nysgjerrigheit på gamle teknikkar og smaker.

  • Camilla Sæbjørnsen

    Camilla Sæbjørnsen, dagleg leiar i Norsk Gardsost

    Dette er heilt fantastisk! Seterkulturen representerer ein norsk kulturarv med element som matkultur, biologisk mangfald og kulturlandskap. Det er berre 800 setrar igjen i Noreg i dag, og dette vernet er viktig for å ta vare på det som er igjen. Eg vil gratulerer Norsk Seterkultur og andre involverte med innskrivinga. Takk for at de har gjort dette gode arbeidd.

  • Christian Anton Smedshaug

    CECILIE BERGAN STUEDAL

    Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse

    Dette betyr nok auka merksemd og litt støtte til sjølve seterdrifta. Men kapitalutfordringane er store, og dei minste bruka kan ryke med lausdriftskravet som skal gjelde frå 2034. Kanskje kan det komme øyremerkte tilskot for å bøte på dette, men det trengst ein plan.

  • Siv Beate Eggen

    Siv Beate Eggen, styreleiar i Norsk Seterkultur

    Vi importerer 60 prosent av maten vi et, så berre matsikkerheit er ein viktig grunn til å halde oppe og helst utvide omfanget av seterdrift og beiting i utmark. Dessutan kan berre setrer i bruk tar vare på og skape kulturlandskap, biologisk mangfald og kulturminne, og halde kunnskapen og den immaterielle kulturarven levande.

  • Seterdrifta

    Nasjonalparkriket

    Landbruksdirektoratet

    Seterdrifta skaper og held oppe spesielle natur- og kulturmiljø- og landskapsverdiar. Langvarig og variert tradisjonell bruk har gitt rom for heilskaplege og samansette landskap med eit særeige og stort biologisk mangfald. Slåttemark, naturbeitemark og boreal hei, og mange tilhøyrande artar er trua natur i Noreg i dag som følge av opphøyr av tradisjonell jordbruksdrift.

  • Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

    Trym Schade Warloe / Kulturdirektoratet

    Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet

    Dokumentasjonen i prosessen med å bli listeført gir viktig kunnskap for å verne og føre vidare denne kulturarven. Det minner oss om kva det inneber å drive seter for matproduksjon, dyrehald og naturmangfald, og korleis seterkulturen kan spele ei viktig rolle i nasjonalt beredskapsarbeid, også i krisesituasjonar.

  • Erna Underdal Skarsbo, bonde og budeie

    Privat

    Erna Underdal Skarsbo, bonde og budeie

    Som 4.-generasjons geitebonde, der stølsdrift har vore drive uavbrote så lenge familien vår har hatt garden sidan 1882, må eg seie det er stor stas at det unike som støling er, skal inn på verdsarvlista. Med dei små gardane me har her, er stølsdrifta alfa og omega for å drive med geit.

Publisert 03.12.2024, kl. 05.23

Read Entire Article